Spansk på Voss

Spansk på Voss Spanskkurs på Voss Nybegynnarkurs i spansk


Vil du læra spansk på ein morosam og motiverande måte? Namnet mitt er Hilde, eg er 35 år frå Voss.

Eller kanskje du har lyst å lære litt meir om latinamerika og folka der? I 2015 starta eg opp eit tilbod her på Voss, for folk i alle aldrar som hadde lyst å lære seg spansk. No har det gått ei tid og eg har på denne tida blant anna fullført ein bachelorgrad i spansk. For tida jobbar eg på Voss ungdomsskule som allmennlærar, eg underviser ungdommane i blant anna spansk og norsk. Eg lærte spansk i Ecuador og har bachelor i spansk språk og latinamerikastudier frå Universitetet i Bergen. Tidlegare har eg blant anna reist til Cuba, Peru, Chile, Spania, Costa Rica og Peru. Gjennom åtte år som spansklærar har eg gjort meg nokre erfaringar om kva som gjev gode resultat når det gjeld læring av språk. I denne tida har eg utvikla nokre metodar og aktivitetar som skal fremje det at alle tør å snakke. Eg legg vekt på varierte og motiverande timar, og prøver å leggje til rette slik at eg «treff» alle slags læringsstilar. No ynskjer eg å få med fleire til å lære dette vakre og nyttige språket. Innhald nybegynnarkurs:
Variert undervising med fokus på munnlege aktivitetar
Grunnleggjande grammatikk og uttale
Ord og uttrykk knytt til det å kunna fortelje om seg sjølv, familie og andre
Tal, vekedagar, retning, klokka, prisar, mat og drikke
Korleis stille enkle spørsmål, svare, bestille, lage ein avtale og føreslå noko
Lese, lytte og oversette enkle tekstar
Skrive enkle tekstar

I tillegg til undervisninga ynskjer eg å invitere alle deltakarane til tre filmkveldar i min eigen heim. Då vil eg vise nokre spansktalande filmar frå latinamerika som har gjort inntrykk på meg. Elles kjem eg til å leggje ut lenkjer til interessante og motiverande læringsressursar på nett. Tips til spanske songar, spanske filmar og seriar. Kurset ynskjer eg å halde onsdagar. Det vert økter på ein og ein halv time, det vil seie 8 undervisningskveldar til saman. Pris: 2000,- Max 5 deltakarar per kurs
Noko studiemateriell, tips til nettressursar er inkludert i prisen. Med vennleg helsing Hilde Klette

03/04/2018

Spanskkurs no i vår

No har det dukka opp ein ledig plass i spanskgruppa eg har på onsdagsettermiddagar, eg fekk nettopp melding om fråfall. Dei fire som kjem på dei komande kurskveldane har gått hjå meg ei tid no, 10 kveldar i vinter, men no startar me likevel oppatt med ein god del repetisjon av det grunnleggjande. Er det nokon som er intresserte?

Dette er datoane eg har satt opp:
4.april
25. april
9. mai
23. mai
6.juni

Så vert det sommarferie

Datoar etter ferien:

22. august
5. september
19. september
3. oktober
17. oktober

Saludos de Hilde

Ein vanleg onsdagskveld hjå Spansk på Voss. Her leikar me inn nye glosar, møblerer ord og setningar i ulike fargar.
02/12/2017

Ein vanleg onsdagskveld hjå Spansk på Voss. Her leikar me inn nye glosar, møblerer ord og setningar i ulike fargar.

Vinteren 2015-2016 reiste eg seks månadar rundt i Costa Rica og Panama, undervegs oppgraderte eg spanskkunnskapane mine ...
11/09/2017

Vinteren 2015-2016 reiste eg seks månadar rundt i Costa Rica og Panama, undervegs oppgraderte eg spanskkunnskapane mine og fullførte ein bachelorgrad ved UiB. No tenkjer eg det snart må vere tid for å tilby eit nytt nybyrjarkurs i spansk her på Voss, så spørsmålet er, kven vil vera med å læra seg dette vakre og nyttige språket?

Nybyrjarkurs 12 mars
06/03/2015

Nybyrjarkurs 12 mars

Nyhende frå Spansk på Voss I haust gjennomførte åtte engasjerte vossingar 20 timar med spanskundervisning på Tvildemoen....
02/03/2015

Nyhende frå Spansk på Voss

I haust gjennomførte åtte engasjerte vossingar 20 timar med spanskundervisning på Tvildemoen. Mestringskjensla mi vaks då eg såg kor glade dei vaksne elevane mine var då dei merka at dei klarte å formulere setningar på eit nytt språk. Dei forstod også, at når ein lærer seg eit nytt språk, då må ein våge seg utanom komfortsona. Komiske formuleringar hoppa ut, tårer trilla, og høge latteranfall laga liv på Tvildemoen. Nabobikkja vart sikkert skremt og lurte på kva som føregjekk på andre sida av veggen.

"Leksene" løyste dei på kreative tidspunkt, både på toget eller i bilen på veg til og frå jobb. Men skal seiast at det var ti veker som kravde litt ekstra sjølvdisiplin.

No er tida for nytt kurs. Nokon har kanskje tenkt seg på ferie til Spania i sommar og då er det moro å kunne utrykkje seg litt på deira språk. Og vips so vert ferien endå kjekkare!

Nytt kurs med oppstart 12 mars.

Hilde

10/09/2014

Adresse

Vossavangen
5700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Spansk på Voss legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del