23/03/2022
Thomas Niemier, Dupre Florian, Coralie Ablancourt, Marion Deschamps, her saman med Eli Skjervheim og Jorunn Zakariassen er på observasjonspraksis i utdanningsprogrammet Erasmus+. Prosjektet heiter Cifier - acronym for cross-curricular
cooperation to provide inclusion, fulfillment and success for all students. Dei kjem frå Eugène Varlin college i LeHavre.
Det er både grunnskule, vidaregåande skule og høgskule i ein region av byen LeHavre i Normandie-Frankrike som gjennom dette prosjektet skal lære meir om skulesytem i Spania, Portugal, Italia, Tyskland, Danmark og Noreg. Dei har fokus på inkludering og gjennomføring for alle elevar.
På Voss har dei møtt FYR prosjekt - yrkesretting av fellesfag, Kombinasjonsklasse, Rettleiingsteneste, Tilrettelagt avdeling, Helsesjukepleiar, Lærarar, Assistentar og Elevar. Dei skal hospitere på Voss gymnas og Voss vidaregåande skule.
Internasjonalisering heime er viktig for dei vidaregåande skulane på Voss. Me får ny kunnskap, me får speila vår eigen praksis og me får impulsar frå Europa.
Me gler oss til sluttrapporten i prosjektet er ferdig og ynskjer dei franske skulane lukke til med prosjektet. Du kan lese meir her..
https://twinspace.etwinning.net/109097/home
+