Ole Bull Akademiet

Ole Bull Akademiet Ole Bull Akademiet er ein utdanningsinstitusjon på Voss med ein unik posisjon som kurs- og kompetan

22/04/2026
06/04/2026

Hald av helga 22.-25. oktober og kom på Osafestivalen! Me høyrer rykte om eit knallfint program! Tidlegpass til suprpris kjem i sal...følg med, følg med!

Lydspor: STAY Frøkedal

Verkeleg hyggeleg å få halde innføringskurs for Barrat Due Musikkinstitutt!
21/02/2026

Verkeleg hyggeleg å få halde innføringskurs for Barrat Due Musikkinstitutt!

Vi er veldig stolte over å kunne presentere Jeanette Lillås som ny tilsett ved Ole Bull Akademiet, Kringsjå og Osafestiv...
12/02/2026

Vi er veldig stolte over å kunne presentere Jeanette Lillås som ny tilsett ved Ole Bull Akademiet, Kringsjå og Osafestivalen! Me er heldige som får Jeanette som ny medarbeidar, og vi gler oss til ho startar for fullt 1. juni! 🥳🎉🫶🎶

Etter 30 år i jobben har Sissel Lie no bestemt seg for å gå av med pensjon. Ho har i desse åra vore ankeret i eit heilt ...
08/01/2026

Etter 30 år i jobben har Sissel Lie no bestemt seg for å gå av med pensjon. Ho har i desse åra vore ankeret i eit heilt fantastisk arbeidsmiljø her oppe på Strengjarhaugen.

Vil du bli vår nye kollega? Ole Bull Akademiet ser no etter ein ny administrasjons- og festivalkonsulent. Sjå heile utlysinga her: https://www.finn.no/job/ad/444588663

Dette er ein sjelden sjanse til å bli ein del av ein heilt unik arbeidsplass. Me gler oss til å høyre frå deg!

Er du den nye administrasjons- og festivalkonsulenten vår? Ole Bull Akademiet, Osafestivalen og Kringsjå AS søkjer etter ein ny medarbeidar som vil vere med på

STUDERE FOLKEMUSIKK? SØK NÅ! Fristen er 15. desember for studiestart hausten 2026. Info om korleis du søkjer finn du på ...
05/11/2025

STUDERE FOLKEMUSIKK? SØK NÅ! Fristen er 15. desember for studiestart hausten 2026. Info om korleis du søkjer finn du på nettsidene til UiB, for bachelor i tradisjonsmusikk her: https://www.uib.no/grieg/25211/bachelorprogram-i-ut%C3%B8vende-musikk-eller-komposisjon -opptakspr-ver , og for master her: https://www.uib.no/grieg/24484/masterprogram-i-ut%C3%B8vende-musikk-eller-komposisjon . Sjå også info om studieprogramma på nettsidene til OBA og UiB. NB! Samtidig med opptaksprøva til bachelor (veke 10) må ein no ta prøve i musikkteori og gehør. Vi vil difor tilby eit førebuande teorikurs – meld frå om du er interessert, til [email protected]

Påmeldingane strøymer no inn til årets utøvarseminar under Osafestivalen! Meld deg på NO om du ønskjer å sikre deg plass...
14/09/2025

Påmeldingane strøymer no inn til årets utøvarseminar under Osafestivalen! Meld deg på NO om du ønskjer å sikre deg plass! Med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB får du dekka kurs, to netter overnatting og diett. Avgrensa tal plassar.

Kurset er retta mot deg over 18 år som er ivrig folkemusikar, -dansar eller -songar og bruker mykje av tida di på musikken.

Meir info her: https://osafestivalen.no/arrangement/osaseminaret-2025-musikken-dansen/
Meld interesse her: [email protected]

Osafestivalen sender ein STOR takk til Sparebankstiftelsen DNB for solid 3-årig støtte til kurs og aktivitetar retta mot unge, talentfulle utøvarar. Dette er heilt fantastisk og ikkje minst ei viktig tildeling for å sikre fleire møtepunkt for den nye generasjonen folkemusikarar 🙏

Over 18 år og ivrig folkemusikar, -dansar eller -songar og bruker mykje av tida di på musikken? Då kan du melde deg på utøvarseminaret under årets Osafestival.

Kurs, opphald og diett er dekka for deg som får plass! Avgrensa tal plassar. Les meir om årets kurs her: https://osafestivalen.no/arrangement/osaseminaret-2025-musikken-dansen/

Påmelding til: [email protected]

Seminaret er eit samarbeid mellom Osafestivalen og Ole Bull Akademiet. Støtta av Sparebankstiftelsen DNB, som òg låner ut instrument til instruktørane frå si samling (Dextra Musica).

21/08/2025

Studentane våre, alias Strengjarhaugen Spelemannslag, bidreg nydeleg på opningskonsert for Griegakademiet

SØK TRADISJONSMUSIKK! Snart er det søknadsfrist, 15. desember!!
11/12/2024

SØK TRADISJONSMUSIKK! Snart er det søknadsfrist, 15. desember!!

STUDERE FOLKEMUSIKK? SØK NÅ! Fristen er 15. desember for studiestart hausten 2025. Info om korleis du søkjer finn du på nettsidene til UiB, for bachelor i tradisjonsmusikk her: https://www.uib.no/grieg/25211/bachelorprogram-i-ut%C3%B8vende-musikk-eller-komposisjon -opptakspr-ver , og for master her: https://www.uib.no/grieg/24484/masterprogram-i-ut%C3%B8vende-musikk-eller-komposisjon . Sjå også info om studieprogramma på nettsidene til OBA og UiB. NB! Samtidig med opptaksprøva til bachelor (veke 10) må ein no ta prøve i musikkteori og gehør. Vi vil difor tilby eit førebuande teorikurs – meld frå om du er interessert, til [email protected]

STUDERE FOLKEMUSIKK? SØK NÅ! Fristen er 15. desember for studiestart hausten 2025. Info om korleis du søkjer finn du på ...
05/11/2024

STUDERE FOLKEMUSIKK? SØK NÅ! Fristen er 15. desember for studiestart hausten 2025. Info om korleis du søkjer finn du på nettsidene til UiB, for bachelor i tradisjonsmusikk her: https://www.uib.no/grieg/25211/bachelorprogram-i-ut%C3%B8vende-musikk-eller-komposisjon -opptakspr-ver , og for master her: https://www.uib.no/grieg/24484/masterprogram-i-ut%C3%B8vende-musikk-eller-komposisjon . Sjå også info om studieprogramma på nettsidene til OBA og UiB. NB! Samtidig med opptaksprøva til bachelor (veke 10) må ein no ta prøve i musikkteori og gehør. Vi vil difor tilby eit førebuande teorikurs – meld frå om du er interessert, til [email protected]

Annbjørg Lien får Osaprisen for 2024Annbjørg Lien har sidan midten av 1980-talet vore ein av dei mest sentrale utøvarane...
15/10/2024

Annbjørg Lien får Osaprisen for 2024

Annbjørg Lien har sidan midten av 1980-talet vore ein av dei mest sentrale utøvarane i norsk musikkliv. Ho har opna øyrene for hardingfela som instrument for eit heilt nytt publikum, og vore ein døropnar inn til folkemusikken for ein ny generasjon. Ikkje minst har ho vore svært viktig som førebilete for unge folkemusikarar, ikkje minst for alle kvinnelege utøvarane som har etablert seg i norsk musikkliv dei siste 30 åra.

Annbjørg Lien er ein uredd musikar som torer å gå eigne vegar. Gjennom 11 soloproduksjonar har ho utforska vegen frå tradisjonsmusikken ho har vakse opp med, til å skape sitt eige musikalske univers. Samarbeidsprosjekta ho har vore med på har vore mange, men særleg Bukkene Bruse har vore ein viktig del av det musikalske virket hennar. Det same har samarbeidet med Sondre Bratland vore. String sisters har også vore ein viktig del av den musikalske vegen hennar. Saman med fem av dei fremste kvinnelege felespelarane i nordisk og keltisk tradisjonsmusikk, har ho skapt musikalske band på tvers av landegrensene i snart 25 år. Ho har også hatt eit langt samarbeid med gitaristen Roger Tallroth.

Annbjørg Lien står i ei direkte musikalsk line etter Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-1990). Han våga å bruke hardingfela og tradisjonsmusikken til å nå ut til eit større publikum både nasjonalt og internasjonalt, og skape nye musikalske rom. Annbjørg Lien har skapt sine musikalske rom som har opna øyrene for nye lyttarar. Viktigast er likevel at ho har gjeve mot til stolte unge utøvarar med felekassa under armen.

Om Osaprisen
I samband med 30-årsjubileet til Osafestivalen vedtok styret i Ole Bull Akademiet å dele ut Osaprisen i 2024. Prisen har blitt gjeve ut med ujanmne mellomrom til personar som har brukt, henta inspirasjon frå eller fornya folkemusikken på ein framifrå måte.

Prisen kan gjevast til ungdom under musikkutdanning som legg vinn på å bruke norsk folkemusikk i tradisjonell eller komponert/arrangert form, norsk komponist som legg vinn på å bruke norsk folkemusikk i sitt arbeid, eller den eller dei som gjer godt arbeid med å gjere norsk folkemusikk kjend i andre land.

Prisutdelinga finn stad under Osafestivalen laurdag 26. oktober i Voss idrettshall.

Desse har fått prisen tidlegare:
Håkon Høgemo (1992), Agnes Buen Garnås (1994), Einar Mjølsnes (1997), Lasse Thoresen (1997), Einar Olav og Gjermund Larsen (2004) og Nils Økland (2010).

Adresse

Strengjarhaugen 6
Vossavangen
5700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ole Bull Akademiet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Ole Bull Akademiet:

Snarveier

Del

Type