13/05/2026
I dag har russen frå både Voss vgs og Voss gymnas vore i full sving med årets store, rusfrie russerebusløp. Startskotet gjekk på Voss vgs, der laga fekk utdelt oppgåver, kart, brus og chips før dei la ut på ein løype med sju postar rundt om i nærområdet.
Langs ruta møtte dei engasjerte bidragsytarar frå Politi, Helse, Brann, Trygg Trafikk, NAF, Utekontakten/Natteravnane, BIR og helsesjukepleiarane. Tilsette frå begge skulane stilte også med eigne postar – eit flott døme på samarbeid, fellesskap og trygg feiring.
Endestasjon var Voss gymnas, der det venta premieutdeling, pizza og underhaldning. Stemninga var på topp, konkurranseinstinktet intakt og humøret like høgt som lydnivået.
No held russen fram med den tradisjonsrike russedåpen. Me ønskjer dei masse lukke til og ein trygg og god kveld vidare! 🚀💛