26/05/2026
Ferjekø - bilar på rad og rekke - eit vanleg syn langs kysten og i fjordlandskap.
Mykje av det vi "tek inn" og det vi gjer i løpet av dagen kjem i rekkefølgje. Språklydar i ord, ord i ein setning, tider på dagen, steg å fylgje i ei oppskrift er eksempel på det. Når vi dreg på tur passerer vi det eine "bildet" etter det andre, og både dagane i veka og månadene i året kjem i tur og orden, den eine etter den andre.
Luria identifiserte det som skjer i hjernen vår når vi oppfattar noko som kjem i rekkefølgje - suksessivt - som ein grunnleggjande prosess. Grunnleggjande, fordi han er aktiv i det meste vi held på med så lenge vi er vakne. Difor er kunnskap om suksessiv prosess viktig, ikkje minst for den som arbeider på område som har med pedagogikk og psykologi å gjere. Om suksessiv prosess ikkje fungerer så godt, kan det lett bli både lesevanskar og vanskar med andre ting.
Den siste s'en i PASS står for suksessiv. Forrige veke tok vi for oss den fyrste s'en - simultan prosess - onsdagens gratiswebinar fokuserer på suksessiv. Om du er lærar, spesialpedagog eller psykolog - eller noko heilt anna - kikk innom webinaret og få eit innblikk.
Link:
https://teams.microsoft.com/meet/325987070692287?p=wdk58iFoyjQPaFHQJU
Les meir om webinar i vår:
https://pedverket.no/webinar-varen-2026/