09/03/2026
Sjå, folkens! Melding frå Frøydis og Vossa Jazz!
Mitt namn er Frøydis og eg er ny leiar for Vossa Jazz. Noko av det som var viktig for meg då eg byrja som festivalleiar var å senka terskelen for at born får vera med på kultur der dei bur. Dette handler mellom anna om å senka prisnivå, og det har me gjort ved å søkje ekstra midlar og senke billettprisen til 25,- kr (prisen av ein plassbilett) på den eine av dei to barnekonsertane i år.
Det handlar også om å senka terskelen for å delta. Me har endeleg dratt i gang den fantastiske Badnajazzparaden igjen. Denne har diverre lege brakk nokre år og me set pris på ekstra framsnakk og synlegheit her. Paraden går frå skateparken til gratisframsyninga på Scandic. I paraden kan ein kle seg ut, temaet er dyr, og ein kan ta med noko som lagar lyd. Har ein lyst til å berre gå er det også lov. Fremst i paraden er sponsor i Vossa Jazz-lauget Bravida med ein bil med pianist på lasteplanet. Bilen er pynta for høvet, av elevar frå vangsgryto. Gjengen frå Plutseleg Badnajazzteater leier paraden og skal ha framsyninga på Scandic rett etterpå. Paradedeltakarane kan møta i Skateparken 11.00.
Alle ungar som deltek i paraden må vere i fylgje med ein vaksen.
Me gler oss til å sjå og høyre masse kjekke dyr i paraden.