18/09/2025
Eit nytt barnehageår er i gang, og me er begynt å jobba med nytt satsingsområde Kropp, bevegelse, mat og helse! Me vil at barna skal få vera med å laga mat, og få erfaring med mat "frå jord til bord".
Epla har hengt fristande på epletreet ei stund, og i forrige veka var det endeleg tid for å plukka dei 🍎🍏 Barna som var ute plukka epler, og førskolegruppa som var inne skrelte epla og delte dei i bitar. Etterpå kokte me deilig eplemos, som me fekk smaka som topping på kjøleskapsgrauten denne veka 😋👌