16/04/2026
På sundag deltek elevane i Øyrafolk (folkemusikk og folkedans) på «MiniFolkeMusikkFestival» på Runde.
Dei skal spele, synge og danse saman med Spelemannslaget Havella med elevar frå kulturskulane i Herøy og Sande.
Velkomne!
FAMILIEARRANGEMENT PÅ RUNDE SØNDAG I FESTIVALEN!
Om nøyaktig ei veke, søndag 19. april kl. 12, blir det eit kjekt opplegg på Runde Miljøsenter. Då får vi med Opplev Runde i samarbeid med oss som arrangerer MiniFolkeMusikkFestival-helga! Opplegget søndag startar med "miljøspeling" ved Havella og Øyrafolk kvar for seg, deretter i lag. Og det blir felles dans for alle som er der (om ein vil ;o) og gjerne ute om det blir fint ver. Tacobuffet (195,- for vaksen og 99,- for born) og litt andre rettar på menyen for dei som vil kjøpe seg mat. Elles blir det omvisning «Gull, sølv og piratar», samt Endre (15) frå Volda som spelar på toraderen sin medan det er mat og omvisning. På repertoaret er både barnesong frå Runde og folketone frå Folkestad m.m. Vi håpar dette vert ei fin avslutning på ei innhaldsrik helg!