SikkerhetsKompetanse As

SikkerhetsKompetanse As «Fordi nokon ventar heime» Sertifiserte og dokumenterte kurs
Sakkyndig kontroll
📍Avdeling Volda • 📍Avdeling Ålesund
700 11 113

Fordi nokon ventar heime.Dette er meir enn eit slagord for oss. Det er ei påminning om kvifor sikkerheit, opplæring og k...
24/04/2026

Fordi nokon ventar heime.

Dette er meir enn eit slagord for oss. Det er ei påminning om kvifor sikkerheit, opplæring og kompetanse betyr noko i praksis.

Bak kvar arbeidsdag står det menneske, familiar, kollegaer og nokon som ventar på at vi skal kome trygt heim.

Difor jobbar vi kvar dag for tryggare arbeidsplassar og betre sikkerheitskultur.

For ein start på året! 🚀Dei siste vekene har vi vore på farten og halde kurs i:  📍 Hellesylt  📍 Volda  📍 Hareid  📍 Stord...
27/03/2026

For ein start på året! 🚀

Dei siste vekene har vi vore på farten og halde kurs i:
📍 Hellesylt
📍 Volda
📍 Hareid
📍 Stord
📍 Måløy
📍 Sykkylven
📍 Ålesund

Og som om ikkje det var nok – vi har også opna ny avdeling i Ålesund! 🙌
Ei viktig satsing for oss, der vi no kan tilby moderne opplæring med både VR-simulering og maskinsimulator 🚜

Vi er skikkeleg takksame for tilliten frå kundar og samarbeidspartnarar rundt om i regionen 🙏

No tek vi påskeferie 🐣
– og gler oss til tida etter påske med spennande møter og nye samarbeid 🤝

God påske til alle kundar og samarbeidspartnarar!

Vi har hatt ei innhaldsrik veke med mange ulike kurs, og eitt av dei var fallsikring med redning. Takk til den fine gjen...
13/03/2026

Vi har hatt ei innhaldsrik veke med mange ulike kurs, og eitt av dei var fallsikring med redning. Takk til den fine gjengen frå Orkla som tok turen frå Stranda – Kjekt å ha dykk på besøk!
Er det andre som ønsker kurs eller vil vite meir? Berre å ta kontakt med oss 😊 ønsker alle våre følgera god helg!😊

01/03/2026

Her ser du resultatet av besøket vi hadde av NRK i Volda! 🎥
Dei laga eit innslag om truckopplæringa vår ved Sjøholt folkehøgskule – vist både på lokal-TV og i Norge i dag.
Vi er stolte av ungdomane som viser meistring, mot og ekte arbeidsglede 💪🚜
Ekstra kjekt er det at fleire skular har teke kontakt og ønskjer eit liknande opplegg.
Å få vere med på å skape meistring og glede hjå ungdomar – det er akkurat det som driv oss vidare! 🙌

Tysdag hadde vi storfint besøk frå Sjøholt Folkehøgskule! Vi gjennomførte både teori og praksis på truck, og det var ins...
06/02/2026

Tysdag hadde vi storfint besøk frå Sjøholt Folkehøgskule! Vi gjennomførte både teori og praksis på truck, og det var inspirerande å sjå kor mykje meistring, innsats og glede elevane viste gjennom heile dagen ✨
NRK Møre og Romsdal tok også turen innom 🎥 Dei filma litt og gjorde intervju – veldig stas for både oss og elevane.
Vi set stor pris på samarbeidet med Sjøholt Folkehøgskule🤝 Dette er meiningsfylt arbeid for oss, og vi håpar trucklappen kan bli eit nyttig steg vidare når skuleåret er ferdig 💼
Tusen takk for besøket – vi gler oss allereie til neste gong! 🙌

I Januar fekk vi oppdrag med gjennomføring av G1 Mobilkrankurs for Sea Tug. Veldig kjekt å få gjennomføre både praktisk ...
05/02/2026

I Januar fekk vi oppdrag med gjennomføring av G1 Mobilkrankurs for Sea Tug. Veldig kjekt å få gjennomføre både praktisk og teoretisk opplæring for ei gruppe flinke kara frå Sea Tug. Dei har kjøpt seg mobilkran som skal plasserast på lekter men kan også kjørast på land. Så om du har eit kranoppdrag lags fjorden, så kan dette vere rette folka å kontakte💪😃

🌤️ Ein flott dag på Stadlandet!  Vi har vore ein tur for oppkøyring til tårnkran G2, og både kandidatane og vêret levert...
23/01/2026

🌤️ Ein flott dag på Stadlandet! 
Vi har vore ein tur for oppkøyring til tårnkran G2, og både kandidatane og vêret leverte på høgt nivå.👷‍♂️
Ønskjer du kurs? Ta kontakt med oss i dag på 700 11 113.

✨ Tusen takk! ✨ I løpet av 2025 fekk vi gleda av å kurse over 1000 deltakarar. Det betyr mykje for oss – og vi er djupt ...
15/01/2026

✨ Tusen takk! ✨ I løpet av 2025 fekk vi gleda av å kurse over 1000 deltakarar. Det betyr mykje for oss – og vi er djupt takksame for tilliten de viser oss.
Gjennom året har vi fått vere med på noko som betyr meir enn berre kurs: å skape verdi for fellesskapet, bidra til samfunnsbygging, og hjelpe menneske vidare mot arbeid, meistring og nye moglegheiter.
Vi har fått vere mentor og tilby utvida praksis gjennom NAV, og vi har vidareformidla arbeidskraft til bedrifter frå menneske som har stått utanfor arbeidslivet. Å få løfte andre opp, tene andre og vere ein positiv kraft i lokalsamfunnet er ein viktig del av kvifor vi gjer det vi gjer.
No går vi inn i 2026 med ny energi, klare mål og eit sterkt ønskje om å levere endå betre opplæring, tryggleik og kvalitet – alltid med menneska i sentrum.
Takk for at de vel oss. Vi gler oss til å møte både kjende og nye fjes i året som kjem!

🎄 Tusen takk for 2025!Vi vil rette ein stor takk til alle kundane våre som har brukt oss gjennom året – både til kurs og...
19/12/2025

🎄 Tusen takk for 2025!
Vi vil rette ein stor takk til alle kundane våre som har brukt oss gjennom året – både til kurs og kontroll av utstyr. Det blei hektisk mot slutten, med rundt 50 deltakarar på truckkurs dei siste 3 vekene, fordelt på Sykkylven, Sandane, Syvde og her hos oss i Volda.
No tek vi juleferie, og vil med dette ønske alle kundar og samarbeidspartnarar ei riktig God Jul og eit godt nytt år.
Vi gler oss til eit spennande 2026 saman med dykk! 🎅✨

Alltid kjekt på tur for å treffe kunde. Oppkjøring på Vartdal og Ålesund.         Paulsen Transport As Attvin Vartdal Pl...
24/11/2025

Alltid kjekt på tur for å treffe kunde. Oppkjøring på Vartdal og Ålesund. Paulsen Transport As Attvin Vartdal Plast

Førre helg stilte vi med fotballag på Partnercup hos VTI Fotball ⚽️🌄Tusen takk til VTI for ei flott turnering – og ein e...
14/11/2025

Førre helg stilte vi med fotballag på Partnercup hos VTI Fotball ⚽️🌄
Tusen takk til VTI for ei flott turnering – og ein ekstra stor takk til alle gode vener av Sikkerhetskompetanse som ville spele på lag saman med Anders Egil! 🙌
God stemning, godt samhald og mykje fotballglede – akkurat slik vi likar det! 💙

Adresse

Morkamyra 20
Volda
6105

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4797148597

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når SikkerhetsKompetanse As legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til SikkerhetsKompetanse As:

Snarveier

Del

Type