Volda vidaregåande skule

Volda vidaregåande skule Volda vidaregåande skule har om lag 500 elevar og 80 tilsette. Volda vidaregåande skule ligg om lag 6 mil sør for Ålesund.

Skulen har programområda studiespesialisering, musikk, medium og kommunikasjon og kunst, design og arkitektur Volda har eit rikt kulturliv og breitt aktivitetstilbod innanfor idrett og friluftsliv. Skulen ligg sentralt i bygda, og har lange tradisjonar innanfor allmenne og økonomiske fag. Store deler av skulen har vore gjennom omfattande rehabilitering og ombygging, og framstår i dag med moderne og trivelege lokale for både elevar og tilsette.

Sikre deg billettar til årets musikal!
16/01/2026

Sikre deg billettar til årets musikal!

Psst! I kveld vart billettane til Musikalen 2026 lagt ut for sal.

Sparkling Diamonds markerer 30-årsjubileet til .

Saman med er førebuingane no i full gang for å bli klare til premieren 10. februar.

Billettane finn du på Ørsta kulturhus sine nettsider!

Har du ein 10.klassing i hus som skal søkje seg til vidaregåande skule til hausten? Vi inviterer til orienteringsmøte om...
02/01/2026

Har du ein 10.klassing i hus som skal søkje seg til vidaregåande skule til hausten? Vi inviterer til orienteringsmøte om skulen og tilboda våre:

Tysdag 6.januar kl. 18.30.

Les meir på heimesida vår:

Vi inviterer 10. klassingar og foreldre til orienteringsmøte tysdag 6.januar kl. 18.30. Her vil vi gje informsjon om vidaregåande opplæring og utdanningstilboda ved skulen.

God jul til alle, frå MK 🌟
22/12/2025

God jul til alle, frå MK 🌟

19/12/2025

Musikklinjekoret skapte skikkeleg god julestemning under skulegudstenesta i Volda kyrkje i dag. Med desse vakre tonane ønskjer vi alle ei riktig GOD JUL 🌟❤️

📸: Hildur Sandstad Dalen

Det var god stemning ved Volda vgs dåElevrådet delte ut deilige kanelsnurrar til alle elevane!Bollane er finansiert med ...
17/12/2025

Det var god stemning ved Volda vgs då
Elevrådet delte ut deilige kanelsnurrar til alle elevane!
Bollane er finansiert med støtte frå Elevorganisasjonen og
EO-fondet, eit fond som skal bidra til aktivitet og
stemningsskapande tiltak for skuleelevar. Supert
initiativ frå Elevrådet!!


Har du nokon gong lurt på kvar du eigentleg kjem frå?🌍I år deltek 39 elevar frå Vg3 ved Volda vidaregåande skule i prosj...
11/12/2025

Har du nokon gong lurt på kvar du eigentleg kjem frå?🌍

I år deltek 39 elevar frå Vg3 ved Volda vidaregåande skule i prosjektet Mitt Afrikanske DNA. Dette er eit spennande undervisningsprosjekt der vg3-elevane får utforske si eiga genetiske historie gjennom testing av Y-DNA og mitokondrie-DNA (mtDNA).

Skulen har dekka kostnadene for 10 elevar (5 gutar og 5 jenter), medan resten av deltakinga er mogleggjort gjennom støtte frå engasjerte bidragsytarar og elevar som sjølve ønskte å vere med.

Målet med prosjektet er å kartleggje dei lange fars- og morslinjene våre, og sjå korleis desse linjene har vandra gjennom historia – frå vår felles stamfar og stammor i Afrika og fram til dagens Volda. Mange av resultata kan knytast til kjende historiske hendingar og migrasjonsrørsler, men på ein personleg og konkret måte: Her får elevane sjå historia ikkje berre som teori, men som noko dei faktisk er direkte knytte til.

Prosjektet viser òg kor mykje vi menneske har til felles – ofte meir enn vi ventar, og somme tider mindre enn vi trur. Samstundes vert det tydeleg at alle slektslinjer har funne vegen til Noreg og Sunnmøre i ulike bølgjer gjennom fleire tusen år. Også dei som kjem i vår tids «bølge» er ein del av denne samanhengen, og ein viktig del av fellesskapen vår i dag.

Vi ser fram til spanande funn, gode samtalar og ny innsikt i kven vi er – og kvar vi kjem frå.

Les meir om skuleprosjektet Mitt afrikanske DNA her: https://www.fjorddna.com/kurs-og-tenester/skuleprosjektet-mitt-afrikanske-dna/

Julestemninga er på plass med dei flotte julekulene som 1KDA har laga! Elevane har fått lære om fargar og rutenett, vi h...
29/11/2025

Julestemninga er på plass med dei flotte julekulene som 1KDA har laga! Elevane har fått lære om fargar og rutenett, vi har fått vakker utsmykking i kantineområdet!

Vi ønskjer alle ei fin førjulstid 🎄❄️

Volda vgs slo som vanleg godt frå seg under deltaking i Mesterskap for vidaregåande skular i volleyball no i haust. Fylk...
27/11/2025

Volda vgs slo som vanleg godt frå seg under deltaking i Mesterskap for vidaregåande skular i volleyball no i haust. Fylkesarrangementet gjekk føre seg i Ulsteinhallen 3.11.

Med bronse til jentene og gull til gutane, kvalifiserte gutane seg vidare til landsfinalen Oslo 30.1-1.2.2026. I landsfinalen vert kampane spelt i Ekeberghallen, med deltaking av 16 gutelag, 16 jentelag og 24 mix-lag.

Volda vgs har kvalifisert seg til landsfinalen nesten kvart år i dette arrangementet. I 2024 kvalifiserte både jentene og gutane seg vidare til landsfinalen i Stavanger, frå innleiande rundar i Ulsteinhallen. Då enda begge laga med ein 5.plass i sluttspelet. I 2025 var det berre gutelaget som kvalifiserte seg frå innleiande runde i VCA. Då vart det 7.plass til slutt i landsfinalen i Kristiansand. Vi ønskjer gutelaget lukke til, og gler oss til å følgje med på resultata for landsfinalen 2026! 🏐🏆

Musikklinja og medielinja i godt samspel! 🎶🎥Førre veke gjennomførte musikklinja to flotte konsertar i Volda kyrkje. MK-e...
25/11/2025

Musikklinja og medielinja i godt samspel! 🎶🎥

Førre veke gjennomførte musikklinja to flotte konsertar i Volda kyrkje. MK-elevar stod bak kamera og produserte film og konsertfoto. Dette er eit viktig steg på vegen for å bli klare for arbeidet med Musikalen som kjem i februar.

Vi er heldige som har desse ressursane under same tak ved Volda vgs!

📸: Åge Andre Breivik, MK Volda vgs

Torsdag 20.november arrangerer Musikklinja den årlege Kyrkjekonserten i Volda kyrkje. Det blir to framsyningar, kl. 18 o...
17/11/2025

Torsdag 20.november arrangerer Musikklinja den årlege Kyrkjekonserten i Volda kyrkje. Det blir to framsyningar, kl. 18 og kl. 20.30.

Førre veke var NRK Møre og Romsdal på besøk på korøving, og fekk høyre smakebitar frå konsertrepertoaret. Her har publikum mykje å sjå fram til!

 

KFUM-Volda arrangerte nasjonal turnering i diamantvolleyball helga 15.-16. nov.  🏐Elevar ved Volda vgs tok del i arrange...
17/11/2025

KFUM-Volda arrangerte nasjonal turnering i diamantvolleyball helga 15.-16. nov. 🏐

Elevar ved Volda vgs tok del i arrangementet som spelarar på KFUM Volda. Turneringa samla deltakarar frå heile landet. Det var god stemning og idrettsglede på høgt nivå!

📸 Einar Juliebø

Kjekk avslutning på veka for musikkelevane idag!  Jazzkonsert med bandet Audun Automat, etterfølgd av ein god jazzprat m...
14/11/2025

Kjekk avslutning på veka for musikkelevane idag! Jazzkonsert med bandet Audun Automat, etterfølgd av ein god jazzprat med musikarane 🤩

Tusen takk for besøket! 🎶 🎹🎷

📸: Hildur Sandstad Dalen

Adresse

Vevendelvegen 35
Volda
6100

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:00
Tirsdag 08:00 - 15:00
Onsdag 08:00 - 15:00
Torsdag 08:00 - 15:00
Fredag 08:00 - 15:00

Telefon

+4771282300

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Volda vidaregåande skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Volda vidaregåande skule:

Snarveier

Del