Volda Sommarbandskule

Volda Sommarbandskule Har du ein draum om å spela i band og opptre på ei rockescena? No har DU muligheten! Meld deg på Noregs kjekkaste sommarskule i dag! august).

Eller kanskje du spelar i eit band allereie, men treng litt hjelp frå erfarne musikarar til å bli endå betre? Eller kanskje du aldri har spelt eit instrument tidlegare, men har lyst å byrja? Då er Volda SommarBandSkule noko for deg! Noregs kjekkaste skule blir arrangert i Volda for barn og unge mellom 10-16 år i 33 (11.-15. Du får veiledning på instrumentet ditt av erfarne band musikarar og satt saman i band med andre på din alder.
«Skuledagen» varar frå klokka 10-15 måndag til fredag. Det heile blir avslutta med konsert fredag ettermiddag, på Rokken der alle rockestjerner før deg har stått, men no er det DU og DITT BAND som får spela musikk med proft lyd og lys framfor eit entusiastisk publikum. Pris per deltakar: 790,-

Meld deg på i dag:
Send mail til: [email protected]
Med
namn:
Alder:
Kva Instrument ein ynskjer og spela og om deltakaren har eige instrument eller ikkje:

09/06/2015

Hei alle saman! Eirik Sognnes her, leiar for fjorårets sommarbandskule. Eg har fått ein del spørsmål i det siste om det blir sommarbandskule i år. Det er med tungt hjarta eg dessverre må seia nei, det blir dessverre ikkje det.

Fjorårets sommarbandskule er noko av det kjekkaste eg har gjort og eg blei så stolt over alle deltakarar og det dykk fikk til SAMAN som band på øvingsromma. Når eg likevel no vel å ikkje arrangere bandskule igjen er det med grunngjeving i at eg frå 1. august er tilsett i 100% jobb, og før den tid skal gi ut ny musikk og spela live andre stadar i landet i sommar, i tillegg til anna jobb. Eg har med andre ord ikkje tid nok, for å arrangera ein bandskule tek litt tid :) Dei andre lærarane er også travle med anna jobb.

Eg er svært stolt og glad for det me fikk til saman i fjor. Målet med skulen var å skapa kjensla av mestring og glede hos dei påmeldte gjennom musikk, og eg føler meg viss om at det klarte me! Ekstra kjekt er det sjølvsagt å få høyra av foreldre og fjorårets elevar at dei no er byrja å øva og ha det kjekt gjennom musikken saman med andre. Håpa dykk vil halda fram med det! Så.. Her kjem ei oppfordring til alle elevar og foreldre som me blei kjent med i fjor:

Elevar: Kanskje detta er sommaren der du skal starta ditt eige band? Du kan ta kontakt med nokon du blei kjent med på bandskulen i fjor, ein nabo, nokon i klassen din eller på skulen, å spørja om dei kunne tenkt seg å spela saman med deg? Dei treng ikkje nødvendigvis kunna spela eit instrument. På ein sommar har dei nok av tid til å læra seg litt, og du som var med på skulen i fjor kan jo alt masse! Kanskje du kan læra noko vekk til ein venn? Det går også ann å spørja venner, foreldre, familie eller andre vaksne om litt hjelp også. Det er også masse gode «lærevideoar» på youtube.com

Så eit tips: Start med ei enkel låt. At det ikkje er di favorittlåt er ikkje nøye. Maks 3 grep/ akkordar. Tru det eller ei, men 90% av alle songar består av berre tre grep, så det bør vera nok å velja i (du finn grep og tekst på nettet). Dykk kan også senda meg ein melding å be om hjelp til velga ei egna låt (tlf 46662863, eller på facebook). Så om det skulle skje, må dykk ikkje høyra på folk som klagar ber dikka vera stille. Volda er så stille om sommaren at litt lyd før klokka 23 tåle bygdi, MEN pass på øyrene dikkast og bruk øyreproppa!
Eg er ikkje så glad i for mange reglar, men eg har laga meg eit lite sett "bandreglar" som eg følgjer den dag i dag.
1. Det skal vera moro. All moro starta med at me er greie med kvarandre.
2. Instrumentet er stemma di. Me snakkar minst mulig i munnen på kvarandre og syng mest mogleg saman!
3. Bruk øreproppa (Øyreproppa får ein kjøpt på apoteket. )
4. Når eg skal skru opp volumet så skrur eg volumknappen roleg opp.

Til foreldre: Kanskje detta er sommaren for å rydda litt plass i garasjen eller kjellaren å legga til rette for eit realt garasjeband? Eller kanskje det går ann å gjera ein avtale med eit sommartomt lokale i bygdi å låna eit rom, kanskje til og med eit musikkrom til eit sommarband? Eg er tilgjengelig på tlf 46662863 dersom dykk treng råd eller har spørsmål.

Då ynskjer eg dykk alle ein riktig god sommar!

Med rockande helsing

Eirik Sognnes

PS: Om nokon der ute vil arrangera liknande bandskular i Volda eller omegn, er det berre å ta kontakt om det er noko eg kan hjelpa dykk med eller lat oss få reklamera litt for dykk.

12/12/2014

For mange år sidan, som ung gut starta vår gode venn, kollega og lærar på bandskulen, bandet «Nuts» saman med kameratar. Då var han trommeslagar. I kveld står han med gitaren rundt halsen og syng i Idol Norge finalen 2014! På vegen dit har Jørn øvd mykje. Vore trubadur aleina, men ikkje minst spelt og hatt mykje moro gjennom musikken saman med andre! Det blir det definitivt meir av i framtida. LUKKE TIL I KVELD JØRN! Volda SommarBandSkule heia på deg og er svært stolt av deg!!

-"Eg har lært meir her enn på fire år i musikkskulen..." Les kjempefin reportasje og sjå bilete frå konserten på Student...
21/08/2014

-"Eg har lært meir her enn på fire år i musikkskulen..." Les kjempefin reportasje og sjå bilete frå konserten på Studenthuset Rokken på side 16-17 i Avisa Møre i dag. Me er so stolte av dikka alle saman!

-"Tida går fort, fordi vi har det kjekt". Les meir om SommarBandSkulen og intervju med nokon av deltakarane på siste sid...
16/08/2014

-"Tida går fort, fordi vi har det kjekt". Les meir om SommarBandSkulen og intervju med nokon av deltakarane på siste sida til Avisa Møre i dag :)

"Ein av elevane hadde ikkje rørt eit trommesett før måndag. No vil han rydde ut datamaskina frå rommet sitt og lage plas...
16/08/2014

"Ein av elevane hadde ikkje rørt eit trommesett før måndag. No vil han rydde ut datamaskina frå rommet sitt og lage plass til sitt eige trommesett".
Mykje fint vart sagt på bandskulen denna veka. Les meir om SommarBandSkulen, å ikkje minst sjå nokre av bileta av The Fives, The Apacalypse og The Ray Band som fotograf Eivind Øverås tok på band-photoshooten på onsdag,
http://www.hivolda.no/nyn/hivolda/nyhende?&displayitem=5083&module=news

Seks musikkstudentar har vald å bruke den siste veka av sommarferien til å lage bandcamp for lokale ungdommar.

Sjå på denna gode gjengen her da! Me er så stolte, imponerte og glade over prestasjonene dikkast, denna veka og ikkje mi...
15/08/2014

Sjå på denna gode gjengen her da! Me er så stolte, imponerte og glade over prestasjonene dikkast, denna veka og ikkje minst på konserten på Studenthuset Rokken ikveld. Det svinga i dansefoten, det var tåre i augekroken, gåsehud og smil. Knallbra!
Det har vore mykje øving og fokus denna veka, men også latter, smil og nye vennskap. Tusen takk til alle saman. Me har storkosa 100% saman med dikka!
Mvh
Eirik, Timmy, Alexander, Jørn, Mikael og Ingvild

15/08/2014

Me treng ein sustainpedal til elpiano/synth/ keyboard til kveldens konsert. Vår rauk no. Om du har ein du kan låne bort, ring 46662863

"Eg skal kanskje lage eit band saman med naboane mine - Ytrestøylen Bluegrass". Nye band utanfor bandskulen er alt under...
13/08/2014

"Eg skal kanskje lage eit band saman med naboane mine - Ytrestøylen Bluegrass".
Nye band utanfor bandskulen er alt under planlegging, og framleis er det to dagar igjen. Detta er fantastisk og lovar godt! Les meir om nye lokale band og meir om SommarBandSkulen på side 16(nyheter) i Sunnmørsposten i dag :)

 ! Hels på Jørn Trollebø Kvalheim. Jørn er 23 år, har spelt gitar sidan han var 17, og er ein av to gitarlærarar på Somm...
10/08/2014

! Hels på Jørn Trollebø Kvalheim. Jørn er 23 år, har spelt gitar sidan han var 17, og er ein av to gitarlærarar på SommarBandSkulen. Han har god erfaring frå både pop, rock, folk, balade og storband. Han er også ein populær trubadur og har mange spelejobbar bak seg. Til hausten kan du sjå Jørn på Idol på Tv2, men om du har melt deg på SommarBandskulen kan du alt treffa han i morgon klokka 10. Me er svært glad for å ha med oss Jørn på laget.

 ! Hils på Ingvild Hagen. Ingvild er 23 år og er pianolæraren på SommarBandSkulen. Ho har spelt piano sidan 7-årsalderen...
10/08/2014

! Hils på Ingvild Hagen. Ingvild er 23 år og er pianolæraren på SommarBandSkulen. Ho har spelt piano sidan 7-årsalderen, og har mest erfaring ifrå pop/rock sjangeren og anna besifringsspel. Spelar ofte til enkeltsolistar, men har også erfaring ifrå band, og er glad i å spele ilag med andre😊
Ingvild treff du på oppstart av bandskulen i mårgo kl 10.00

 ! Møt 23 år gamle Mikael Westbø! Mikael blir en av gitar- og basslærerne på SommerBandskolen i år. Han har lang erfarin...
10/08/2014

! Møt 23 år gamle Mikael Westbø! Mikael blir en av gitar- og basslærerne på SommerBandskolen i år. Han har lang erfaring fra mange ulike band og er nå på sitt fjerde år som student på Høgskulen i Volda. Der spiller han for tiden i Voldabandet «Himmelstormer». I sommer har Mikael tilbragt mye tid på østlandet hvor han har spillt live og i studio med artisten Simen Mitlid på blant annet «Musikkfest» i Oslo og «Volum-festivalen» i Elverum.

Det blir seine kveldar med mykje tenking, planlegging og rigging, men Alexander er i godt humør! Her med nyinnkjøpt bass...
08/08/2014

Det blir seine kveldar med mykje tenking, planlegging og rigging, men Alexander er i godt humør! Her med nyinnkjøpt bass! Me er spente og gler oss veldig til måndag kl 10.00

Adresse

Volda
6103

Telefon

+4746662863

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Volda Sommarbandskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Volda Sommarbandskule:

Snarveier

Del