Frivilligsentralen i Volda

Frivilligsentralen i Volda Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet.

Gjennom å initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald

11/04/2025
17/02/2025

Er det nokon som kan tenke seg eit lite køyreoppdrag laurdagar midt på dag? Treng ikkje verken bil eller utvida førarkort. Gjeld Volda sentrum. Ta kontakt med Astrid 91725639

14/11/2024

Ei god jul for alle – julefeiring på Uppheim

For mange er julaftan familiesamling etter faste tradisjonar, og kan ikkje tenkje seg nokon annan måte å feire jul på. Men dette gjeld ikkje for alle, heller ikkje i Volda.

Juletradisjonane er like mangfaldige som Volda si befolkning!

Også denne jula vert det jobba for å få til eit fellesarrangement, ope for alle som har lyst til å dele høgtida med andre. I fjor var vel 130 personar samla på Uppheim på julaftan. Får vi det til i år òg?

Sparebankstiftinga har gitt frivilligsentralane i Volda ei gåve på kr 125 000,- øyremerka «Ei god jul for alle».

Vi går no ut med oppmoding til alle som kan tenkje seg å bidra til ein julafta-dugnad, med praktisk hjelp, underhaldning, mat, gåver, eller anna. Ta kontakt så snart som mogleg, per epost, sms eller telefon, og seinast 1. desember til:

[email protected] tlf.: 91 72 56 39

[email protected] tlf.: 41 51 28 13

Vi må vite om vi har dugnadsgjengen på plass før vi kan lyse ut påmelding til festen.

Hiv deg rundt, då!

Den årlege stordugnaden, TV-aksjonen "Saman for små heltar" nærmar seg! Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeninga, hei...
07/10/2024

Den årlege stordugnaden, TV-aksjonen "Saman for små heltar" nærmar seg!
Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeninga, heilt konkret til å etablere familiehus nær universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo, slik at alvorleg sjuke born får ha heile familien ilag med seg i ein vanskeleg situasjon.

Søndag 20.oktober kan du vere med å gjere ein innsats ved å gå med bøsse. https://tvaksjonen.no/

07/08/2024

Adresse

Rådhuset
Volda
70058848

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Frivilligsentralen i Volda legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del