10/02/2020
Melding til elevar, foresatte og tilsette ved ved dei vidaregåande skulane i Innlandet.
Over 300 skular i heile Norge, inkludert 9 vidaregåande skular i Innlandet, har i januar motteke truslar om skuleskyting via sosiale mediar. Truslane er jamleg vurdert av politiet. Deira vurdering er at truslane er såkalla lite målretta. Det betyr at dei blir vurdert som ikkje reelle, og derfor er politiets råd at skulekvardagen på den enkelte skule blir gjennomført som normalt. Politiet har bestemt at Sør-Øst politidistrikt etterforskar alle truslane som er motteke i heile landet.
Skuleeigar, Innlandet fylkeskommune, er i dialog med politiet og andre myndigheiter for å ha beredskap rundt situasjonen og eventuelt vurdere nødvendige sikringstiltak. Det er tett dialog mellom skuleeigar og rektorane, og mellom rektorane og politiet. Politiet vurderer fortløpande situasjonen, og dersom det blir vurdert som nødvendig så vil tiltak bli iverksett.