Vi har fire klassar på skulen, desse er sette saman av 2-3 ulike klassetrinn. Dette medfører at alle klassane er nye kvart år sjølv om dei som regel har gått saman tidlegare. klasse er i ei gruppe, 3. klasse i ei gruppe, 5.-7.klasse i ei gruppe og 8.-10. i ei gruppe. Dette gjer at vi prioriterer litt tid den første veka kvart år til å verte kjende att, og til å gjere trivelege ting saman, som til dømes fjellturar. Vi har SFO i barnehagen skuleåret 2022-2023. De søker som vanleg via nettsida, og barna blir henta i barnehagen, og levert i barnehagen av skulen sine tilsette. Vi likar tradisjonar, og vi har ein del av dei. Annakvar fredag pleier vi å ha fellessamling for alle elevane på heile skulen. Samlinga er organisert av dei ulike trinna, og gjer at alle får gjere aktivitetar saman på kryss av aldersgruppene. Dette er noko vi likar godt, og som gjer at alle kjenner kvarandre uansett alder. Før jul har vi felles julegraut. Då samlast heile skulen i samfunnshuset, der vi har dekka fint bord, alle har eigne bordkort, slik at vi sit saman med elevar frå andre klassar, og vaksne vi ikkje kjenner like godt. Her et vi graut og julekaker, går rundt juletreet og les juleevangeliet. Etter julegrauten går vi i kyrkja. Førskuleborna vert og invitert på denne dagen, slik at dei kan få sjå alle som er på skulen. Vi inviterer og tilsette som har pensjonert seg dei siste åra, slik at dei ikkje gløymer oss heilt. Til påske har vi felles påskelunsj, med fint dekka bord, mykje god mat, og inviterte gjester. Generelt likar vi veldig godt å få gjester! Før jul har vi ein stor julefest på kveldstid. Der har alle klassane program. Målet kvart år er å vere ferdig med programmet på ein time, men det har vi framleis til gode å få til. Det er mat, sjølvsagt, og sang. Då har vi opp mot 200 gjester, alt rekna med. Vi pleier få besøk av nissen, som har med seg mandariner. Og så går vi sjølvsagt rundt juletreet, i fleire ringar. Til sommaren har vi stor avslutningsfest. Elevane har igjen program, så et vi, og så har vi formell avslutning for 10.klassingane med utdeling av vitnemål, taler og innimellom nokre tårer. Vi gjer det godt på nasjonale prøver, kartleggingsprøvene går flott, og vi klagar ikkje på eksamensresultata heller. Vi får mykje hjelp frå både føresette og innbyggarane i bygda til å gjere ting vi vil, og det set vi stor pris på. Dei siste 6 åra har bygda, FAU med hjelp av Gaular kommune, samla saman pengar, folk og maskiner nok til å sette opp heilt nytt klatrestativ, disser og klatrekube på skulen. Vi har og fått utandørs-sjakk, og det har vore mykje i bruk. I tillegg har vi bordtennisbord ute, og det er stor stas. Velkomne til skulen vår, håpar de vert godt kjende med oss og alt det kjekke vi gjer :)