Imsland skule og barnehage

Imsland skule og barnehage Imsland skule og barnehage ligg flott til ved Ølmedalsvatnet.Me er nå eit oppvekstsenter.

05/06/2025
Spennande uteskuledag med dyr i fokus❤️ Takk til Hustveit gard for at me fekk koma og sjå villsvinet, beveren, reven, rå...
27/05/2025

Spennande uteskuledag med dyr i fokus❤️ Takk til Hustveit gard for at me fekk koma og sjå villsvinet, beveren, reven, rådyra, hjortane, kattungane og kjuklingane👍

For ein dag! Me har tilbrakt skuledagen ute, med tur rundt Ulvavoldsvatnet, historie- og naturfagstime, vassing, leik og...
20/05/2025

For ein dag! Me har tilbrakt skuledagen ute, med tur rundt Ulvavoldsvatnet, historie- og naturfagstime, vassing, leik og berre fornøgde ungar🌞

🐣PÅSKEKOS PÅ SKULEN🐣 Skrivedag, påskegrøss, påskelunsj servert av Bygdekvinnelaget og påskeegg frå Matkroken Kvaløy har ...
11/04/2025

🐣PÅSKEKOS PÅ SKULEN🐣 Skrivedag, påskegrøss, påskelunsj servert av Bygdekvinnelaget og
påskeegg frå Matkroken Kvaløy har vore med å setja ein ekstra spiss på denne veka. GOD PÅSKE🐣

LESEPROSJEKT ER GØY! Særleg når det poppar opp lesegjester, når små får lesa for store og når det er 100% vinnarsjanse i...
04/04/2025

LESEPROSJEKT ER GØY! Særleg når det poppar opp lesegjester, når små får lesa for store og når det er 100% vinnarsjanse i lese-lotteriet🤩

28/03/2025

TEIPORAMA på skulen i dag! Mellomtrinnet fekk besøk av den kulturelle skulesekken, og fekk kosa seg med å laga teip-kunst over heile skulen etterpå. Her ser du eitt av fleire kule resultat🙌

FORFATTARBESØK på skulen i dag! Små og store følgde interessert med då Kamilla Staurland, 25 år og utflytta Imslandsbu, ...
07/03/2025

FORFATTARBESØK på skulen i dag! Små og store følgde interessert med då Kamilla Staurland, 25 år og utflytta Imslandsbu, kom innom «gamleskulen» med debutboka si «Sprettball». Kamilla fortalte om vegen fram frå leselysten småjente som elska å laga småbøker, til at ho nå er fersk forfattar av ei barnebok. Veldig inspirerande, og fin motivasjon vidare i leseprosjektet vårt på skulen. Tusen takk for besøket, Kamilla, me heiar på deg vidare👍

For ei fin avslutning på veka med LESEKOSEDAG på småtrinnet! Tretten elevar i kvar si lesehole, med kvar sin mjuke venn ...
21/02/2025

For ei fin avslutning på veka med LESEKOSEDAG på småtrinnet! Tretten elevar i kvar si lesehole, med kvar sin mjuke venn og favorittbok. God og velfortent vinterferie til alle❤️

🫐🍇🍌🍎🍏🍊🍑🥝🍐🍋Elevrådet diska opp med gratis smoothie til alle i dag,- eit skikkeleg fint (og sunt) trivselstiltak!
20/02/2025

🫐🍇🍌🍎🍏🍊🍑🥝🍐🍋
Elevrådet diska opp med gratis smoothie til alle i dag,- eit skikkeleg fint (og sunt) trivselstiltak!

🚒I dag kombinerte me symjing i Ølen med besøk på brannstasjonen. Tusen takk til Morten som tolmodig viste oss rundt,- de...
17/02/2025

🚒I dag kombinerte me symjing i Ølen med besøk på brannstasjonen. Tusen takk til Morten som tolmodig viste oss rundt,- det var veldig kjekt å få sjå alt det spennande som skjulte seg bak dørene på arbeidsplassen hans.🚒

💙❤️💚💛 Det nærmar seg 6. februar og samefolket sin dag. Me har i alle år markert denne viktige dagen på ulike vis her på ...
01/02/2025

💙❤️💚💛 Det nærmar seg 6. februar og samefolket sin dag. Me har i alle år markert denne viktige dagen på ulike vis her på Imsland skule. I år fekk me storfint besøk av «Addja», bestefaren til tre av elevane våre. Han bur i Varanger og hadde mykje interessant å fortelja oss om samane sin kultur, som han også er ein del av. Ein god læremeister i lassokasting var han også! Tusen takk til Jill Agnes og Tor Thrane (alias Addja), og LIHKKU BEIVVIIN💙❤️💚💛

Adresse

Vikedal
5583

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Imsland skule og barnehage legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Imsland skule og barnehage:

Snarveier

Del