Sognekraft

Sognekraft Sognekraft AS - set krefter i sving! Sognekraft AS - ei drivkraft i Sogn! Sognekraft har sidan 1947 hatt ei sentral rolle i utviklinga av Sogneregionen.

Selskapet sine kjerneområde er
produksjon, distribusjon og sal av elektrisk kraft. Fiber til breiband, ny kraftproduksjon, sal av varmepumper er og viktige områder. Selskapet
støtter og i stor grad opp om lokale frivillige lag og organisasjonar som sponsor og støttespelar. Rein energi frå natur og menneske gjennom meir enn 60 år i Sogn. Slik gjev vi vårt bidrag til ei berekraftig framtid lokalt og globalt! Sognekraft -set krefter i sving!

Nokre fleire glimt frå den offisielle opninga av Feios kraftverk🥳⚡🫣😍📸 Verimedia & Therese Maria Thorhus👏
21/08/2026

Nokre fleire glimt frå den offisielle opninga av Feios kraftverk🥳⚡🫣😍

📸 Verimedia & Therese Maria Thorhus👏

21/08/2026

Oppdatering om hendinga ved Kråkeelvi kraftverk:

Etter ein pause i samband med fellesferien starta oppryddingsarbeidet ved Kråkeelvi kraftverk opp att tysdag 11. august, og området var klart for vidare undersøkingar frå politiet måndag 17. august.

Politiet gjennomførte tysdag ei synfaring ved anlegget. Førebels er me ikkje kjende med at det er gjort funn som peikar i retning av ei tydeleg konklusjon om årsaka til hendinga.

Området er no frigitt av politiet. I lys av situasjonen slik han er no, og i påvente av fleire svar, vil det framover pågå prosessar saman med Hywer om den vidare vegen for prosjektet.

Før byggjeaktiviteten kan takast opp att, må det gjennomførast grundige risikovurderingar og naudsynte tiltak. Det aller viktigaste er å sørgja for at ei tilsvarande hending ikkje kan skje igjen. Me ventar samstundes på svar i vidare etterforsking.

20/08/2026

Endeleg er Feios kraftverk offisielt opna!🥳🥳

Onsdag 19. august markerte nærare 100 inviterte gjester opninga av Feios kraftverk - 500 meter inne i fjellet i kraftstasjonen. Fylkesordførar Jon Askeland stod for sjølve snorklippinga - og kunne erklæra kraftverket som offisielt opna.

Gjennom utbyggingsperioden var Feios det største nye kraftverket under bygging i Noreg. Kraftverket vil produsera om lag 98 GWh årleg⚡

Arrangementet var i stor grad bygd rundt lokale bidrag - med flotte musikalske innslag frå Gygrene, Gamlekara og Olav Stedje, medan Blix hotell, i tillegg til Alm Gard, stod for servering basert på lokale råvarer 👏👏

Takk til alle som har vore med og gjort Feios kraftverk til ein realitet og til alle som var med oss denne dagen og feira!

Takk også til Sognefjord Event som bidrog inn mot sjølve arrangementet med planlegging og gjennomføring, og Øyre lyd for upåklageleg leveranse med lyd og lys.

Video: Vegard Aasen / Verimedia 👏

Les meir 👇
https://www.sognekraft.no/fleiresaker/offisiellopning-feioskraftverk

03/08/2026
Eit lite bidrag, mykje dugnad og sterke tradisjonar kan utgjera ein stor forskjell for eit Sogn med meir aktivitet og ti...
31/07/2026

Eit lite bidrag, mykje dugnad og sterke tradisjonar kan utgjera ein stor forskjell for eit Sogn med meir aktivitet og tilreisande frå heile landet. 💚🐴

Denne helga går NM i bruks- og skogshest av stabelen på Sogndal Hestesenter på Kaupanger. Her møtest deltakarar frå heile landet for å konkurrera i disiplinar som viser styrke, presisjon og eit heilt spesielt samarbeid mellom hest og kusk.

Slike arrangement skapar liv i bygda og viser kva me får til når frivilligheita dreg lasset saman. Det er me stolte av å få vera med og støtta.

Så mellom bygene, cowboyhattane og lukta av nyslått gras håpar me du tek turen innom i helga. Kanskje oppdagar du ei side av hestesporten du ikkje har sett før?

Camp Sognekraft handlar om meir enn ein sommarjobb. 💙Gjennom spennande arbeid, sosiale aktivitetar og naturopplevingar f...
29/07/2026

Camp Sognekraft handlar om meir enn ein sommarjobb. 💙

Gjennom spennande arbeid, sosiale aktivitetar og naturopplevingar får studentane bli betre kjende med både regionen og kvarandre. Målet er å vise fram moglegheitene som finst i Sogn, både i arbeidslivet og på fritida.

Les saka i Sogn Avis 👇

Sognacamp er eit tilbod som skal få dei med sommarjobb i regionen til å bli.

Fire veker går fort når ein har det kjekt! ☀️💨Studentane er no inne i veke fire av årets Camp Sognekraft, og Sogn har ve...
21/07/2026

Fire veker går fort når ein har det kjekt! ☀️💨

Studentane er no inne i veke fire av årets Camp Sognekraft, og Sogn har verkeleg vist seg frå si aller beste side. Dei siste vekene har vore fylte med opplevingar, aktivitetar, nye vennskap og ikkje minst eit innblikk i kva regionen vår har å by på, både på jobb og på fritida.

Gjennom Camp Sognekraft får studentane bli kjende med arbeidsplassar, lokalt næringsliv og menneska som bur og arbeider her. Samtidig får dei oppleve naturen, kulturen og fellesskapet som gjer Sogn til ein heilt unik stad å bu.

For oss handlar dette om meir enn ein sommarjobb. Det handlar om å vise fram moglegheitene som finst her, og å inspirere framtidas arbeidstakarar til å sjå for seg ei framtid i Sogn.

Takk til alle som bidreg til å gjere Camp Sognekraft til ei oppleving studentane tek med seg vidare.

Her eit lite glimt frå nokre av dei mange opplevingane dei har fått vere med på dei siste vekene. 📸

Vil du vera med å utvikla framtidas vasskraft i Sogn?Sognekraft Produksjon søkjer prosjektleiarar og ingeniørar som ønsk...
10/07/2026

Vil du vera med å utvikla framtidas vasskraft i Sogn?

Sognekraft Produksjon søkjer prosjektleiarar og ingeniørar som ønskjer å jobba med utbygging og fornying av vasskraftanlegg – frå dei første planane til anlegga er i drift.

Me ser etter deg som tek ansvar, trivst med å samarbeida med andre og har interesse for fornybar energi. Anten du er erfaren prosjektleiar eller ønskjer å ta steget inn i prosjektleiing – me vil høyra frå deg.

Hjå Sognekraft Produksjon oss får du tillit, ansvar og rom til å utvikla deg – i eit fagmiljø med brei kompetanse, og med fjord og fjell rett utanfor døra.

Søknadsfrist: 20. august 2026

Søknadene blir handsama fortløpande.

Les meir her og søk no:

Vil du vere med på å utvikle framtidas vasskraft i Sogn?

Sommaren er her, og medan nokre er på ferie held andre jula i gang🚣🏼Mellom vedlikehald av linjenettet, utbygging og drif...
10/07/2026

Sommaren er her, og medan nokre er på ferie held andre jula i gang🚣🏼

Mellom vedlikehald av linjenettet, utbygging og drift av fibernettet, kraftproduksjon og små og store oppgåver rundt om i konsernet, er det ekstra kjekt å kunne samle gode kollegaer til grillunsj i sola ☀️

I Sognekraft-konsernet er kvardagen variert, men fellesskapet er det same, anten du jobbar i Sognekraft, Sognenett eller Sygnir.

Me ønskjer alle ei riktig god sommar vidare ☀️

08/07/2026

Ryddearbeidet ved Kråkeelvi kraftverk blir no sett på pause i samband med fellesferien.

Dei siste dagane har det vorte rydda i dei områda politiet har frigitt. Dette omfattar mellom anna røyr og anna materiell ved bustadhuset på nordvestsida av elva, i tillegg til lause bygningsdelar rundt kraftstasjonen.

Området rundt riggen er framleis avsperra av politiet. Det er for tidleg å seia noko konkret om kva tidsmessige konsekvensar hendinga vil få for den planlagde idriftsetjinga av kraftverket.

Oppryddingsarbeidet vil halda fram etter fellesferien og er venta å ta nokre veker.

Adresse

Røysavegen 3
Vik
6863

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:00
Tirsdag 08:00 - 15:00
Onsdag 08:00 - 15:00
Torsdag 08:00 - 15:00
Fredag 08:00 - 15:00

Telefon

57698600

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sognekraft legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Sognekraft:

Snarveier

Del