Valestrand skule

Valestrand skule Valestrand skule er ein fulldelt skule med 217 elevar ♡ Skulen har lett og god tilgang til natur!

5. trinn har tatt i mot førskulebarna med opne armer i dag og leikt med dei. Dei åt lunsj saman og gjer ein god jobb for...
08/05/2026

5. trinn har tatt i mot førskulebarna med opne armer i dag og leikt med dei.
Dei åt lunsj saman og gjer ein god jobb for at alle skal få ein god start til hausten ☀️💛

SFO-dagen er markert heile veka med ulike kjekke aktivitetar både ute og inne. «Byggearbeidet» går framover. Elevane på ...
30/04/2026

SFO-dagen er markert heile veka med ulike kjekke aktivitetar både ute og inne.

«Byggearbeidet» går framover. Elevane på 1. trinn er tilbake i sine klasserom og SFO-basen og skulekjøkkenet er tatt i bruk igjen. Det har blitt lyst, fint og trivelegt.

God langhelg 🍉

Litteraturveka er ved vegs ende. I dag fekk elevane våre helse på fleire av figurane som forfattar Roald Dahl skapte. Sk...
24/04/2026

Litteraturveka er ved vegs ende. I dag fekk elevane våre helse på fleire av figurane som forfattar Roald Dahl skapte. Skikkeleg løgne figurar 😉
God helg 📚

Lions Club Osterøy har tildelt eleven vår, Viktor Mæhle Bakkemo, 1. plass i Fredsplakatkonkurransen 2026. Barn over heil...
21/04/2026

Lions Club Osterøy har tildelt eleven vår, Viktor Mæhle Bakkemo, 1. plass i Fredsplakatkonkurransen 2026.

Barn over heile verda har delteke. Det har også elevane våre på 7. trinn. Vinnarplakaten er særs inspirerande med mange viktige element.

Valestrand skule er stolte og vi gratulerer 👏

God helg frå oss ved skulen 🌷 NRK held på BlimE-tradisjonen. I dag vart årets song publisert. Dans med instruksjonar kje...
17/04/2026

God helg frå oss ved skulen 🌷 NRK held på BlimE-tradisjonen. I dag vart årets song publisert. Dans med instruksjonar kjem først i august. Målet med dette prosjektet er å fremje venskap og inkludering. Syng med om du vil 🎆

BlimE! presenterer stolt årets låt: Her for deg (Lean álo dás). En sang med energi og danseglede på både norsk og samisk. Syng med!

5. trinn har spikka pinnar og målet er å byggje flåtar. Det vert spennande å sjå dei ferdige produkta 💦Dei har også Thor...
15/04/2026

5. trinn har spikka pinnar og målet er å byggje flåtar. Det vert spennande å sjå dei ferdige produkta 💦

Dei har også Thor Heyerdal-veke der norsk & engelsk handlar om Kon-Tiki.

Kunnskapsløftet (LK20) for kunst og handverk på 5. trinn fokuserer på praktisk skapande arbeid, utforsking av materialar, visuell kultur og refleksjon.

God helg frå oss ved skulen ☀️ Takk for bilde frå 2.trinn - og ikkje minst for at elevar, tilsette og foreldre på trinne...
10/04/2026

God helg frå oss ved skulen ☀️
Takk for bilde frå 2.trinn - og ikkje minst for at elevar, tilsette og foreldre på trinnet saman har gjennomført ei annleis veke i samband med endringar i klasseromma. På måndag kan dei møte der som vanleg og sjå tilbake på mange fine naturopplevingar i nærmiljøet vårt.

I dag var Øystein Njåstad innom skulen vår. Øystein jobbar i Osterøy kommune som leiar for avdeling investeringsprosjekt...
09/04/2026

I dag var Øystein Njåstad innom skulen vår. Øystein jobbar i Osterøy kommune som leiar for avdeling investeringsprosjekt. Han skriv:

Då er vi i gang med ENØK tiltak på Valestrand skule. Her skal vi skifte alle gamle vindauge og dørar frå midten av 70-talet til moderne vindauge med høg isolasjonsevne (U-verdi 0,8). Vidare skal panelomnane som hang under vindauga erstattast med radiatorar der oppvarminga skjer via varmepumpe. Ved bruk av varmepumpe og vassbore varmeanlegg gir 1kW strøm ca. 3kW varme, i motsetning til panelomnar der 1kW straum blir til 1kW varme. I tillegg skal eit utdatert ventilasjonsanlegg i gymbygget erstattast med nytt og energieffektivt anlegg med høg varmegjenvinning. Dette vil skape eit betre innemiljø og gje store innsparingar på straumforbruket på skulen i framtida🙂💪
Prosjeket er venta ferdig til sommarferien.
📷 : Osterøy kommune

Valestrand skule inviterer kvart år skulestartarane siste fredag før påske. Heile fem barnehagar var i dag representert,...
27/03/2026

Valestrand skule inviterer kvart år skulestartarane siste fredag før påske. Heile fem barnehagar var i dag representert, og dei deltok i skulesamlinga der 1.trinn stod for programmet. Tusen takk for kjekt besøk. Tusen takk til 1.trinn for flott program. Tusen takk til alle som var der - eit flott publikum.
God påske 🐣💛

Urhistoriske hendingar - bergkunst frå bronsealderen, det har elevane på 5. trinn lært meire om. Ein har reflektert over...
06/03/2026

Urhistoriske hendingar - bergkunst frå bronsealderen, det har elevane på 5. trinn lært meire om.
Ein har reflektert over korleis ein greidde å nedteikne helleristningar samt freiste å teikne sjølv. I dag gjekk turen til Reigstad for å ta bergkunsten i nærare augesyn 🔍🔍

Elevane på 2. trinn altså! I dag har dei gått heile 5 kilometer, skulen - Edvardsdalen - skulen. Sjekk dei kjekke aktivi...
05/03/2026

Elevane på 2. trinn altså! I dag har dei gått heile 5 kilometer, skulen - Edvardsdalen - skulen.
Sjekk dei kjekke aktivitetane!

Overordna del av Kunnskapsløftet slår fast at elevane skal oppleve naturen som kjelde til nytte, glede, helse og læring.

Dette forutsett at elevane får vere i naturen, ikkje berre lære om naturen inne.

Adresse

Valestrand Skule
Valestrandsfossen
5281

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Valestrand skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Valestrand skule:

Snarveier

Del