Giske ungdomsskule

Giske ungdomsskule Giske ungdomsskule - «Saman inn i framtida»

Ymse frå Giske ungdomsskule I samarbeid med Frivilligsentralen kjem Giske ungdomsskule til å arrangere skuleløp fredag 2...
23/09/2026

Ymse frå Giske ungdomsskule

I samarbeid med Frivilligsentralen kjem Giske ungdomsskule til å arrangere skuleløp fredag 2.okt. Dette er i samanheng med TV-aksjonen 2026. Elevane får vere fysisk aktive i lag og samle inn pengar til ei viktig sak.

Les meir om TV-aksjonen her: https://tvaksjonen.no

Elles er Giske ungdomsskule si tradisjonsrike fotballturnering godt i gong. Denne årlege turneringa startar tidleg på hausten og blir avslutta med finalar i idrettshallen siste dag før juleferien. I år er det rekordmange klassar som stiller med både gute- og jentelag.

Begge desse aktivitetane handlar om å gjere i lag og byggje fellesskap på tvers av klassar og trinn.

I år går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen. Sammen skal vi gi over 400 000 mennesker på flukt fra krig og konflikt i Syria, Gaza, Sudan, Tsjad, DR Kongo og Afghanistan muligheten til å skape seg et hjem og en ny fremtid.

I går var vår gode samarbeidspartnar, vitensenteret på Atlanterhavsparken, på besøk for å ha Vitenshow og matematikkoppl...
19/06/2026

I går var vår gode samarbeidspartnar, vitensenteret på Atlanterhavsparken, på besøk for å ha Vitenshow og matematikkopplegg for 9.trinn. Tusen takk Heidi og Eli Kristin for inspirerande show og opplegg.

I dag har vi hatt siste skuledag for denne gong. Det er mykje som skjer i løpet av eit skuleår:

- fag
- MOT-økter
- tverrfaglege prosjekt med musikal, elevbedrifter og den blå planeten
- elevar ute i arbeidslivet
- alternativ opplæring på Naustet
- tentamenar og eksamenar
- vurderingar og karakterar

Men i all hovudsak er skule møte mellom menneske. Ein plass der vi alle skal bidra til fagleg og sosial meistring. Alle har eit ansvar for å spele kvarandre gode. Bidra til god arbeidsinnsats i timane og godt arbeidsmiljø generelt.

Som MOT seier: vi treng alle, både store og små, TØFF KJÆRLEIK, og på GUS prøver vi å jobbe etter ei slik rettesnor kvar dag.

Tusen takk til elevar, lærarar og føresette for eit veldig fint skuleår. Vi er heldige som har så mykje bra folk som jobbar for skulen vår.

Nyt sommarferien!

I dag har Giske ungdomsskule hatt besøk av MOT sin Drømmeturne. Drømmer har blitt oppfylt. Elevar har fått vise seg fram...
28/05/2026

I dag har Giske ungdomsskule hatt besøk av MOT sin Drømmeturne. Drømmer har blitt oppfylt. Elevar har fått vise seg fram som programleiarar, ansvarlege for lyd og lys og med innslag. Klassane har hatt quiz. Takk til dyktige elevar. Og takk til MOT. Vi set stor pris på at de tok turen og gjorde dagen vår strålande.

Strålande arbeid av elevar og lærarar.
21/04/2026

Strålande arbeid av elevar og lærarar.

Tysdag var det regionmeisterskap i elevbedrift, der ungdomsskular frå Sunnmøre møttest for å vise fram arbeidet sitt. Også elevbedrifter frå Giske deltok.

Musikal. Giske ungdomsskule. Tradisjon. 10.trinn. GREASE. Elevane og lærarane har jobba sidan før jul. Skodespel, dans, ...
10/02/2026

Musikal. Giske ungdomsskule. Tradisjon. 10.trinn. GREASE. Elevane og lærarane har jobba sidan før jul. Skodespel, dans, band, kor, lyd/lys, kulisser, kostymer, PR. Det er ein stor produksjon. Masse god læring og erfaring. Premieren var i dag kl. 11.30. To forestillingar pr. dag frå tysdag til torsdag. 11.30 og 18.00. Vi er utruleg stolte over det elevane får til saman med gode lærarar. Takk!

Siste skuledag i 2025. Fotballfinalar i hallen. Gratulerer til 9c som vann finalen både for jenter og gutar. Tradisjonen...
19/12/2025

Siste skuledag i 2025. Fotballfinalar i hallen. Gratulerer til 9c som vann finalen både for jenter og gutar. Tradisjonen tru så vart lærarane for sterke i kampen mot elevrådet. Det er fint å få samle heile skulen til noko felles før juleferien.

Vi ønskjer elevar, føresette, tilsette og alle andre ei strålande jul.

Fredag 21.nov - MOT TIL Å GLEDE DAGENI morgon har Giske ungdomsskule fokus på dei små tinga som kan glede andre. Eit smi...
20/11/2025

Fredag 21.nov - MOT TIL Å GLEDE DAGEN

I morgon har Giske ungdomsskule fokus på dei små tinga som kan glede andre. Eit smil. Eit hei. Ei fin tekstmelding. Ein hyggelig telefonsamtale. Små ting som gjer mykje for andre. Tør du å gjere andre glad? MOT Norge

Elevbedriftsprosjekt i samarbeid med Ungt Entreprenørskap. I to veker har 9.trinn ved Giske ungdomsskule arbeida med ele...
04/11/2025

Elevbedriftsprosjekt i samarbeid med Ungt Entreprenørskap.

I to veker har 9.trinn ved Giske ungdomsskule arbeida med elevbedrifter. Dette tverrfaglege prosjektet har brukt ressursane, og støtta, til Ungt Entreprenørskap.
Elevane har mellom anna:

- hatt kick off med fokus på kreative øvingar og få inspirasjon.

- utvikla idear / konsept

- gjennomført markedsanalyse

- laga logo / slagord

- solgt produkt og tenester (drift)

- hatt skulemesse der dei har satt opp stands for å presentere sine produkt og tenester.

I dag vart elevbedriftsprosjektet avslutta med skulemesse i Giske kommunale idrettshall. Her satt elevane opp stands og presenterte ideane, produkta og tenestene sine. Ein jury, beståande av mellom anna ordførar, varaordførar, daglege leiarar i store bedrifter i Giske kommune og elles folk frå næringsliv og offentleg sektor, gjekk rundt å prata med bedriftene og stilte dei spørsmål.

Basert på kriterium (laga av UE), så vart tre elevbedrifter kåra til vinnarar av juryen. Desse elevbedriftene heiter Vikingflak, Senoritas og GiskeWear. Desse bedriftene produserer potetgull, smykker/armband og klede, og får delta i UE sitt regionsmesterskap våren 2026.

Alt i alt var det ca 20 elevbedrifter i sving desse to vekene. Alle bedriftene har bidratt positivt, og ikkje minst har elevane fått mykje erfaring med entreprenørskap. Rett og slett praktisk, relevant og tverrfagleg opplæring.

Tusen takk til elevar, lærarar, Ungt Entreprenørskap, juryen, føresette og dei som besøkte messa i dag. Vi set pris på!

Tilsette på Giske ungdomsskule ser stadig vekk farlege situasjonar, og regelbrot, i høve bruk av  El-sparkesyklar. Vi se...
27/10/2025

Tilsette på Giske ungdomsskule ser stadig vekk farlege situasjonar, og regelbrot, i høve bruk av El-sparkesyklar. Vi seier frå og gir råd. Samtidig er det føresette og ungdomen som saman må ta gode val. Ein god start kan vere å lese denne frå Utrykningspolitiet.

🚨 To på en elsparkesykkel 🚨

Forrige uke rykket vi ut til en ulykke der to gutter på en elsparkesykkel mistet kontrollen og kjørte rett inn i en bil. Heldigvis ble ingen personer skadet. Derimot punkterte det ene dekket på bilen og styret på elsparkesykkelen knakk.

Vi i politiet opplever en øknende bekymring vedrørende barn og unges bruk av elsparkesykler. Vi får meldinger om at mange tar unødvendig risiko som skaper farlige situasjoner både for dem som står på sparkesykkelen og andre. Vi får også meldinger om at elsparkesyklene ikke er lovlige.

Hovedbekymringene er:

🔹elsparkesykler som går langt over lovlig grense på 20 km/t
🔹to eller flere personer på en sparkesykkel
🔹mangel på bruk av hjelm
🔹farlig køring på fortau, vei og andre områder der folk oppholder seg

🧑‍🧑‍🧒‍🧒 Foreldre – dere er de viktigste forebyggerne vi har!
Snakk med ungdommen om reglene. Sjekk elsparkesykkelen hjemme. Å sette grenser og vise omsorg er en viktig del av å forebygge ulykker. Det er mye kjærlighet i det å bry seg. ❤️

📸: UP-Tommy

Adresse

Valderhaug 14
Valderøya
6050

Åpningstider

Mandag 09:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4741702308

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Giske ungdomsskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Giske ungdomsskule:

Snarveier

Del

Type