23/12/2025
Med eit bilete frå då eleven tok "eple til læraren" til nye høgder vil me gjerne takka for i år. Siste eleven for i år har parkert, og no er det fullt fokus på julefeiring frå i morgon.
2025 har vore eit år med ein god del elevar gjennom opplæring til ulike klassar, ymse konsulentoppdrag for mellom anna trafikkskular, oppstart av ny kursarrangør for utrykking og på toppen av det heile: me fekk for nokre veker sidan som fyrste trafikkskule i landet godkjenning til å gjennomføra delar av etterutdanninga for trafikklærarar.
Me ser fram til å ta imot nye elevar i 2026, og ser spesielt fram til å møta deg som er trafikklærar i samband med etterutdanning. Me kjem til å halda den same høge kvaliteten som alltid.
Kurskalenderen vart diverre ikkje heilt ferdig før dagleg leiar måtte montera juletreet i stova og ta fri. Om du saknar eit kurs er det berre å senda eit skjermbrev, eller epost som det heiter på fint.
Ha ei god jul når den tida kjem, so snakkast me på nyåret!