Søre Grindstugu barnehage

Søre Grindstugu barnehage Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Søre Grindstugu barnehage, Barnehage, Vågåvegen 57, Vågåmo.

Hurra for dugnad og samarbeid👏👏 3 kvelder i juni har foreldre / besteforeldre og tilsette oppgradert uteområdet i barneh...
19/06/2026

Hurra for dugnad og samarbeid👏👏
3 kvelder i juni har foreldre / besteforeldre og tilsette oppgradert uteområdet i barnehagen for å glede barna🙂
Det har vorte bygd platning, gjerde, møbler til leikarhus, vaskemaskin og leikekasser. Måla vegger, gjerder, sandkassa, utebord og på asfalten. Riving av leikarhus med gravemaskin. Ordna grønnsakshage og montering av diverse apparat og bord. ++mykje meir.

Ein stor takk til Jotunheim privatistskule avd VK 1 bygg som tok på seg oppdraget med å bygge solide og fine leikarhus til oss. Her blir det mykje fin leik framover 👌

Tusen takk til alle som har vore med , i alt 35 heimar, og alle tilsatte, og til vaktmesterteamet som stiller opp når vi maser🌸🙂🌸

Da er vi i gang med kjøkenhagen vår. Førre veke på dugnad ordna nokre foreldre kassene og beddene våre og gjorde de klar...
10/06/2026

Da er vi i gang med kjøkenhagen vår. Førre veke på dugnad ordna nokre foreldre kassene og beddene våre og gjorde de klare til såing. Noko vart sådd den kvelden og denne veka har de på Haren sådd resten🙂
Vi vil takke Faukstadmo Grønt i Heidal med sponsing av spanande vekster, tusen takk🙏 og Bondelaget for vekstene de kom innom med, tusen takk🙏
Nå er det berre å glede seg på mange gode smaker til hausten, bl.a rødbeter, lauk, salater, kål av ulike slag, erterskjær🥕🥔🫜🥬

Samhold og leik på tvers av avdelingar!🥰
29/05/2026

Samhold og leik på tvers av avdelingar!🥰

Hipphipphurra og gratulerer med dagen🇧🇻Fredag avslutta vi førebuingane til 17.mai med tog i sentrum og ein tur innom Våg...
17/05/2026

Hipphipphurra og gratulerer med dagen🇧🇻Fredag avslutta vi førebuingane til 17.mai med tog i sentrum og ein tur innom Vågåheimen🌸 Etterp å var det pølser og fest.
Vi seier til barna at Noreg har bursdag og kva det betyr. Barnehagen skal formidle om kvifor denne dagen er viktig for landet vårt og begrep som demokrati, verdiar, fred og frihet er noko vi snakkar om🌸 17.mai er ikkje bare is og pølser.
Ha ei fin feiring med familie og venner🇧🇻☀️🇧🇻

Leik - samhold - leik - relasjonar - leik - meistring - leik - språk - leik - vennskap - leik - undring - leik - glede -...
30/04/2026

Leik - samhold - leik - relasjonar - leik - meistring - leik - språk - leik - vennskap - leik - undring - leik - glede - leik - latter = Barnehagekvardagen💗
God langhelg☀️🌸☀️

27/03/2026

Dei siste vekene før påske har Rådyrongane hatt prosjekt "Frå egg til kjukling"🐣 prosjektet er tverrfagleg og er innom fleire områder i rammeplanen. Barna lærer om naturens prosesser og vi får mange gode samtaler om liv og død. Vi lærer oss omsorg og empati, dei små kyllingene er små og sårbare og trenger varme, mat og ro. Barna utvikler evne til å vise hensyn og ta ansvar. Her er ein liten snutt frå prosjektet 🐣 GOD PÅSKE!🐣☀️

20/02/2026

Rådyret trefte 4-åringane på Lalm for ein ski- og akedag på idrettsplassen på Lalm! ❄️✨

Lihkku beivviin✨️✨️ Læhkoeh biejjine✨️ Vuorbbe biejvijn✨️I dag feirer vi samefolketsdag i barnehagen."Barnehagen skal sy...
06/02/2026

Lihkku beivviin✨️✨️ Læhkoeh biejjine✨️ Vuorbbe biejvijn✨️
I dag feirer vi samefolketsdag i barnehagen.
"Barnehagen skal synleggjere samisk kultur og bidra til at barna kan utvikle respekt og fellesskapskjensle for det samiske mangfaldet" (jf.Rammeplan for barnehage)
Barnehagen skal formidle at samane er Noregs urfolk, og knytte samiske perspektiver til kvardagsliv, mattradisjonar, kunst og kultur.
I vår barnehage blir det gjort på ulikt vis med formidling gjennom duodjii ( samisk kuntsverk ), samlingstund og mat.
Nokre skal eta Bidos og nokre skal smake på reinshjerta og pølse av rein💫
God helg ❄️

Hurra! Da har endeleg stabbursnissen vår vakna til liv, og det var jammen på tide.I dag er det nissefest og servering av...
18/12/2025

Hurra! Da har endeleg stabbursnissen vår vakna til liv, og det var jammen på tide.
I dag er det nissefest og servering av nissegraut i barnehagen, og det liker stabbursnissen så godt 🎅

I dag har Rådyret ( fireåringane ) våre hjå naboen å baka lefser. Medan de på Elgen ordna seg på luciatog, ordna Rådyret...
12/12/2025

I dag har Rådyret ( fireåringane ) våre hjå naboen å baka lefser. Medan de på Elgen ordna seg på luciatog, ordna Rådyret seg på baking på skulekjøkenet til ungdomsskulen.
Det var 15 spente fireåringar som gjekk til ungdomsskulen der ungdommen held til. Inntil i dag har vi bare sett de over gjerde🫠
Gjengen på Rådyret hadde kokt, skrelt og malt 5 kg med mandelpoteter. Her skulle det jobbes 💪💪Insatsen var det ingenting å si på, det gjekk unna!! Vi hadde med oss 3 flinke elevar frå 9.trinn. Tusen takk for god hjelp jenter🤩
Som dykk ser så vart det mykje lefser. De skal serveres på julelunsjen til Rådyret og
Elgen i neste veke i lag med de 3 elevane som er spesielt inviterte .
Dagen oppsummert på skulekjøkent:
Glede, latter, meistring, tradisjon, barnehage møter ungdomsskulen, samhold, læring og fellesskap ✨️💫✨️

Adresse

Vågåvegen 57
Vågåmo
2680

Telefon

+4761293850

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Søre Grindstugu barnehage legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del