19/06/2026
Skuleåret 25/26 er over 🌸
Vi har hatt avslutning for yrkesfagelevane og dei med studieførebuande løp.
Det var høgtidsstemte og fine samlingar med ungdom i finstasen 😘
Det var også rektorMargaret sine siste avslutningar før ho blir pensjonist 🥰
Magne elevrådsnestleiar og Eirik elevrådsleiar takka av Margaret på vegne av elevane i år, men også på vegne av alle elevane ho har hatt ansvar for i løpet av 37 år 👏
Margaret er både berevegg og bauta 👷♀️🏗️
Margaret avslutta begge samlingane med dette diktet av Jan Magnus Bruheim som vi synest passar godt å avslutte med her også ❤️
Om alle tre var like,
og alle blomar blå.
Og alle fuglar svarte,
og alle dyra grå.
Det trur eg ville gjera
oss meir enn vondt å sjå.
Om vi var like store,
og gjekk i like klær.
Og om vi alltid hadde
kvar dag det same vêr.
Det ville vera meire
enn trist å leva her.
Om alle hus var like,
med same mat på bord.
Og om vi tala saman
alltid det same ord.
Då vart det liten trivnad
her nede på vår jord.
Nei, dette rike mangfald
vi kringom oss kan sjå,
av ymse dyr og fuglar
og tre og blom og strå.
At alt er skapt så ulikt,
er godt å tenkje på.