19/03/2026
Informasjon om oppstart av klassar skuleåret 26/27:
For oss på Tingvoll vgs er det gledeleg å kunne meddele at alle tilbod vi har hatt som søkbare blir starta opp.
Det vil seie at det blir:
Vg1 idrettsfag, studiespesialisering og naturbruk
Vg2 idrettsfag, studiespesialisering og helsearbeiderfag
Vg3 idrettsfag
I tillegg startar vi opp med bedriftsmodellen!
Førsteinntaket kjem 6. juli, det er det er då viktig å følje med på sms og e-post. Det er eleven som har søkt som får sms og/eller e-post. Svarfrist er 13. juli. Har du takka automatisk ja til tidelt plass treng du ikkje gjere noko, men ver sikker på at det er lagt inn og ta gjerne ein ekstra sjekk når inntaket kjem.
Får du ikkje plass på førsteønsket etter førsteinntaket kan det vere at nokon har takka nei og du får likevel plass etter andreinntaket.
Andreinntaket kjem 27 juli, med svarfrist 30. juli. Den som eventuelt ikkje har fått plass etter andreinntaket kan stå på venteliste. De kan då ta direkte kontakt med oss her på skulen og bli sett på lokal venteliste.