27/03/2026
No startar vi eit nytt og spennande videoprosjekt! 🎬
Episode 1: Dina Tynes Aas, lærling i industrimekanikarfaget ved Ekornes As, avd Tynes.
Saman med Nicolai Karlsen i Karlsen Media skal vi det neste året bli med ut i lærlingbedriftene for å møte lærlingane der dei er.
Her får vi høyre frå lærlingane sjølve om korleis det er å vere lærling – kvifor dei valde akkurat dette fagfeltet, korleis kvardagen ser ut, kva som er kjekt, og kva som kan vere litt utfordrande.
Vi får også eit innblikk i arbeidslivet “frå innsida”, og bli betre kjende med både bedriftene og dei spennande moglegheitene som finst der ute.
Vi gler oss til å vise dykk meir av lærlinglivet gjennom året!