FOS (Forum for Oppvekst i Sunnhordland) er ein regional prosjektorganisasjon som omfattar kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Sveio. Hovudmålet vårt er å samarbeida om oppgåver som blir løyste betre på regionalt nivå enn i kvar enkelt kommune. Målgruppene våre er hovudsakleg å finna innanfor oppvekstsektoren. I regionen (vel 50000 innbyggjarar) tilbyr FOS tenester til omlag 50 skular/oppvekstsentra og 67 barnehagar. FOS tilbyr kompetanseutvikling til dei over 100 einingane i regionen – hovudmålgruppa er tilsette i barnehage, skule og vaksenopplæring. Dei siste åra har og helsestasjonar og barnevern kome med som målgrupper. Kompetanseutviklinga blir organisert som kurs, nettverk og workshops. Eigne leiarkonferansar inngår og i programmet vårt. Nærare 2000 deltar kvart år på dei mange kompetanseutviklingstiltaka våre. FOS- kommunane samarbeider tett om tilsyn med barnehagar. Vi har utvikla eit system som er unikt og som m.a. er omtalt som døme for
andre i ei stortingsmelding. Kort kan ein seia at det er bytte-tenester prinsippet som er sett i system når vi gjennomfører systemrevisjon/tilsyn. Ei tilsynsgruppe på 15 utfører kvart år 12-14 tilsyn rundt om i kommunane– dei evaluerer arbeidet på eit sluttmøte i juni. Det er
utarbeidd eit omfattande tilsynsverktøy til bruk for tilsynsfolka. FOS hjelper og til med å arrangera studieturar for barnehagar/skular som vil reisa ut for å skaffa seg ny kompetanse. Då brukar vi oftast kontaktar frå tidlegare internasjonale prosjekt , m.a.Study Visit som vi arrangerte årleg i over 10 år. (avslutta 2014 avdi programmet blei avvikla).