Surnadal barne- og ungdomsskule, 1. - 7. trinn

Surnadal barne- og ungdomsskule, 1. - 7. trinn Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Surnadal barne- og ungdomsskule, 1. - 7. trinn, Grunnskole, Bårdshaugvegen 1, Surnadal.

📰Avisveke📰Veke 44 er nasjonal avisveke for 4. og 6.trinn. Elevane jobbar med eit eige avishefte, og dei får ferske avise...
04/11/2021

📰Avisveke📰

Veke 44 er nasjonal avisveke for 4. og 6.trinn. Elevane jobbar med eit eige avishefte, og dei får ferske aviser kvar dag.

På tysdag fekk 6.trinn besøk av Tor Helge Solli frå Tidens Krav. På storskjerm viste han oss korleis han jobbar som journalist, og undervegs i timen laga han ein artikkel om oss og avisveka som kom på trykk på tk.no, og som vi dag kunne lese om i papirutgåva. Veldig kjekt å få eit innsyn i livet utanfor skuleveggane.

I skrivande stund har det kome inn over 16.000 kroner på vår Spleis til årets TV-aksjon. Det er vi sjølvsagt veldig stol...
22/10/2021

I skrivande stund har det kome inn over 16.000 kroner på vår Spleis til årets TV-aksjon. Det er vi sjølvsagt veldig stolte over! Det er fortsatt muleg å støtte spleisen, også over helga. 💪🤗

TV-aksjonen NRK 2021 går til Plans arbeid mot barneekteskap

7.trinn si elevbedrift "Grønt & gromt" har i dag selt økologiske varer som dei har både sådd og hausta hos Solveig på Op...
24/09/2021

7.trinn si elevbedrift "Grønt & gromt" har i dag selt økologiske varer som dei har både sådd og hausta hos Solveig på Oppistua Øye.

Strålande innsats frå både produksjonsansvarlege og seljarar. Ein flott gjeng med unge entreprenørar.

Fredag 1/10 skal dei ha utsal igjen, frå kl. 10:15-12:30 på Alti utanfor Rema 1000.

Løp og kjøp 🥔🥕💐

🗳6.trinn🗳I dag var 6.trinn på besøk på kommunehuset for å sjå korleis ei førehandsstemming fungerar. To kjekke damer som...
03/09/2021

🗳6.trinn🗳

I dag var 6.trinn på besøk på kommunehuset for å sjå korleis ei førehandsstemming fungerar. To kjekke damer som viste oss fram. Takk for at vi fekk kome. 😀 Surnadal kommune

🚲5.trinn på sykkeltur til Kalkstranda.🚲I strålande sol satte nestan 50 5.klassingar sykkelsnuten mot Kalkstranda. På tur...
04/06/2021

🚲5.trinn på sykkeltur til Kalkstranda.🚲

I strålande sol satte nestan 50 5.klassingar sykkelsnuten mot Kalkstranda. På turen var det postar med ulike samarbeidsoppgåver, og på stranda var det fleire postar, bading, volleyball og generelt høg trivselsfaktor. Snille, artige og flinke elevar på tur, og dei var unisont einige om at dette var den beste skuledagen dette skuleåret. Vi er heldige som har slike fasilitetar i nærområdet vårt.

Her kjem nokre glimt frå dagen.

Denne sykkelen vart etterlatt på uteområdet vårt mot vest. Er det nokon som saknar den? 🙋‍♂️🚴
28/04/2021

Denne sykkelen vart etterlatt på uteområdet vårt mot vest. Er det nokon som saknar den? 🙋‍♂️🚴

https://www.facebook.com/161465207233887/posts/3693282814052091/
10/03/2021

https://www.facebook.com/161465207233887/posts/3693282814052091/

Regjeringa varsla i går at det ikkje vart nye nasjonale tiltak no. Barnehagar og skular er framleis på gult beredskapsnivå. Det er eit overordna mål å skjerme barn og unge og halde barnehagar og skular opne, men det kan raskt kome endringar, også her.

10/02/2021

Vinterferien 2021 står snart for døra. Etter vinterferien i 2020 tok folk uvitande med seg koronaviruset heim frå skiferie i utlandet og sidan har vi fått ein annleis kvardag med undertittelen «i desse koronatider».

Adresse

Bårdshaugvegen 1
Surnadal
6650

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Surnadal barne- og ungdomsskule, 1. - 7. trinn legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Surnadal barne- og ungdomsskule, 1. - 7. trinn:

Snarveier

Del