Eit hundeliv

Eit hundeliv Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Eit hundeliv, Utdanning, Sunde.

Kastrering av hundKastrering av hund som ei løysning eller som eit tiltak parallelt med trening når hunden har adferdsut...
29/06/2019

Kastrering av hund

Kastrering av hund som ei løysning eller som eit tiltak parallelt med trening når hunden har adferdsutfordringar er eit spørsmål som innimellom dukkar opp i samtale med hundeeigarar.

Det første eg da må gjere er å informere om at den endelege avgjørelsen uansett årsak til ønsket kastrering må tas i samtale med veterinær. Veterinæren skal vurdere om grunnen til at eiger ønsker kastrering kjem inn under ein eller fleire av tre lovlege grunner til å kastrere hunden. Dei tre kriteriane for å gjennomføre ei kastrering er; dyrevelferd, helse og særleg grunn. Ved kastrering må ein eller fleire av desse kriteriane vege tyngre i positiv forstand enn ulempene ved ei kastrering.

Om eg skal gi ein hundeeigar råd om kastrering av hans/hennas hund er tillat etter dyrevelferdslova så er det derfor nødvendig å gi råd utifrå perspektiva; dyrevelferd, helse og særleg grunn.

Under kan du lese om kastreringsgrunn vegt opp mot loven utifrå dei 3 perspektiva:

Om dyrevelferda er årsak til at hunden vurderast kastrert så må velferda til hunden med stor sannsynlegheit kunne veie opp for ulempene. Dvs. påkjenningar ved eit slikt inngrep og bivirkningane operasjonen kan medføre må vurderast som mindre enn velferdsgevinsten.
Kastreringa må vere ein fordel for individet sjølv eller ein fordel av hensyn til velferda hos andre dyr.

Ved tisper så vil kastrering kunne auke velferda for eksempel om tispa plages av innbilt svangerskap eller belastande humørsvingningar i brunstsyklusen. Kastrering vil også redusere blant annet risiko for jursvults. Unormal kjønnsdrift kan vere belastande for hannhundar, høgt stressnivå, frustrasjon og vekttap kan vere bivirkningar av dette. Desse årsakene må veies opp mot ubehag som konsekvens av inngrepet saman med kjente bivirkningar etter kastrering, bl.a. inkontinens og fedme (§ 9)

Hunden kan kastrerast utifrå eit helseperspektiv, «vanlig» kastreringsgrunn hos tisper er livmorbetennelse. Det kan vere eit nødvendig tiltak for å redde hundens liv. Ved gjentakande livmorbetennelse så vil kastreringa medføre betre helse hos tispa og vil veie opp for ulempene ved kastrering. Kastrering av tisper med f.eks. diabetes kan vere ein nødvendig del av behandlinga. Kreft i ein testikkel eller ein krytorid testikkel (som ligger i hundens bukhole) som er meir utsett for å produsere kreftceller lovleggjere også kastrering av hensyn til hundens helse.

Adferdsutfordringar er den vanlegaste årsaka til at hundeeigarar ønsker å kastrere hunden sin. Utfordrande adferd kan være ein «særleg grunn». Utfordrande adferd er ein adferd som er belastande for eigaren til hunden, omgjevnadene eller hunden sjølv. Om den utfordrande adferden skyldast påverking frå kjønnshormona og ikkje er mogleg å endre på annan måte, f.eks. ved trening eller endringar i miljøet, så kan adferden komme inn under «særleg grunn».

Det er viktig å presisere at dei fleste utfordrande adferder ikkje skyldast påverking av kjønnshormona og enkelte av desse adferdene kan forverrast ved kastrering, for eksempel nervøsitet. Er det usikkerhet rundt mulig forverring av adferd så er kjemisk kastrering eit god alternativ for å vere sikker på at kastrering er til det beste.

Dyr har eigenverdi. Handtering av dyr skal skje med omsorg og respekt for dyrs eigenart. Dette inneberer å ta utstrekt hensyn til dyrs naturlege behov og aktivt forebygge sjukdom, skader og smerte (§3 Generelt om behandling av dyr).

Normal adferd for hundar generelt og rasen som blir vurdert kastrert spesielt kjem ikkje inn under «særleg grunn».

Videre vil hundar i teneste kunne falle inn under «særleg grunn» om kastrering er nødvending for at hunden skal fungere tilfredsstillande i jobben sin, f.eks. førarhundar.

Behov for å kastrere skal vurderast for det enkelte tilfellet, og nødvendigheitene skal vurderast i forhold til moglege alternativ (§9 Medisinsk og kirurgisk behandling, s. 112).

Om gevinsten ved kastrering overgår ulempene så kan veterinæren kastrere hunden.

Håper at skrivet mitt om kastrering har gitt deg nokon svar om du lurer på kastrering av din hund 😊

Kjelde som eg har brukt i skrivet om kastrering er:
Stenevik, I.H. & C. Mejdell, 2011. Dyrevelferdsloven. Kommentarutgave. Universitetsforlaget, Oslo.

Mvh Erna Mikkelsen 😊

01/06/2019

Lær hunden å gå bak i nedoverbakke :)

Denne tilbakemeldinga fekk eg etter å ha tipset om korleis lære hunden å gå bak i nedoverbakke. Ønsker du å lære hunden din å gå bak så test tipset under du også:

"Var det så enkelt? Takk for tips til om hvordan jeg får hunden til å gå bak i nedoverbakke! Jeg har en to år gammel hund som er ganske insisterende på at han liker å gå først, og jeg har slitt mye med å lære han å ikke rykke/trekke i nedoverbakke. I dag prøvde jeg tipset ditt, og det var latterlig enkelt. Etter bare noen få ganger var han helt med på det:-) Nå gjenstår å repetere det og få inn kommandordet, men det kommer til å gå fint, blir ikke å gå ned en eneste bratt bakke uten å gjøre det på denne måten. Tusen takk!".

Eg liker å gå turar i terreng og eg er veldig nøyen på at hunden(e) må gå bak meg når eg går nedover. Grunnen for det er at det er rett og slett farleg at hunden går i front uansett om hunden går fint i band eller om den drar i bandet.

Drar hunden i bandet og det er bratt og ulent terreng så seier det seg sjølv at turen er med livet som innsats, men det gjelder også om hunden kan gå fint i band. Om hunden kan gå fint i band men hopper f.eks, frå ein stein til ein anna i ein steinete nedoverbakke så risikerer ein fort å ligge på hovudet i steinura.

Så, eg anbefaler på det sterkaste alle til å lære hunden å gå bak.

Eg er utdanna klikkertrenar og har jobba for Canis hundeskule i mange år tidlegare. Klikkertrening går veldig kort fortalt ut på at hunden skal tilby adferder frivillig (med så lite hjelp som mogleg) i innlæringa av ein adferd/øvelse. Treningsmetoden eg lærte hos Canis er metoden eg fremdeles bruker. Men… «ingen regel utan unntak».

Gå bak er eit av unntaka, her hjelper eg hunden veldig mykje, eg gir rett og slett ikkje hunden moglegheit til å gå framfor meg når eg startar innlæringa, innlæringa startar første turen eg har i terreng med hunden, ung som gamal.

Eg gjere slik:
- Eg held leietauet i kort lengde bak ryggen med begge hender.

- Trekker hunden mot mi venstre side så skifter eg grep til høgre hand.

- Trekker hunden mot mi høgre side så skifter eg grep til mi venstre hand.

- Går hunden bak meg held eg leietauet med begge hender ved korsryggen.

På denne måten så gir eg ikkje hunden moglegheit for å utføre feil adferd, eg gjere det fysisk umogleg å komme fram på sida mi og foran meg. Når hunden gir opp forsøka og går stabilt bak meg (det tar ikkje så lang tid når hunden ikkje lykkes med forsøka på å komme fram) så belønner eg først ofte deretter innimellom rett adferd – Å gå roleg bak meg.

Når vi er komt ned på flata så snur eg meg mot hunden, ber hunden sitte og seier versegod når hunden kan gå fram (du kan bruke den kommandoen du ønsker). Hunden vil ikkje berre skjønne versegod kommandoen og gå bak kommandoen etter kvart, hunden vil også gjenkjenne terrenget og gå bak deg når du startar på nedoverbakkar 😊

Med ønsker om mange flotte turar utan beinbrot,

Erna 😊

06/12/2018

Effektiviser treninga ved bruk av betinget forsterkar.

Ein mail eg mottok fekk meg til å tenke over dette med belønning av rett adferd, rettare sagt timinga vi har på belønninga.

For å få forklart mine tankar og erfaringar rundt dette med belønning til rett tid så må eg starte med mi første erfaring med hundetrening på kurs for 27 år sidan.

Eg var 15 år og hadde meldt meg på kurs med familiens keeshund. På kurset var vi 10-12 deltakara og ein instruktør. Instruktøren stod midt på grusplassen med deltakarane i ein sirkel rundt seg.

Vi skulle først lære hundane sitt og ingen fekk rose hunden før instruktøren gav beskjed. Kaisa, hunden min hadde satt seg og reist seg igjen mange gonger før eg fekk lov og rose henne (alle hundane måtte sitte samtidig før vi fekk rose dei). Det same gjentok seg ved andre øvingar, alle hundane skulle f.eks. ligge før vi fekk rose dei.

Timinga på belønninga var som dåke skjønner lite presis, innlæringa gikk seint og frustrasjonen til hundane var høg!

5 år etter kom ein instruktør frå Vindafjord og heldt kurs i Kvinnherad. Han hadde skjønt viktigheita av å belønne presist ved innlæring av nye adferder, han hadde også ei forståing av at ros ikkje heldt som belønning.

Her var det pølsebitar som gjaldt! Vi fekk umiddelbart beskjed om å stappe munnen full i pølse og når hunden utførte rett adferd så skulle vi spytte ut ein pølsebit. Dette fungerte jo strålande og farten på innlæringa av nye øvingar auka i takt med at eg blei god på timinga på pølsespyttinga mi! 😊

4 år etter flyttet eg til Stavanger og meldte meg på kurs der. Der lærte eg det eg har hold fast på no i 18 år. Bruk av BETINGET FORSTERKER.

Ein betinget forsterkar kan vere eit klikk (frå ein klikker), ordet «BRA» eller eit annet signal som betyr - riktig adferd - belønninga er på veg. Når hunden for eksempel såg oss inn i augene (kontakt) så sa vi «BRA» og gav hunden deretter belønninga (som låg i lomma).

Frå den dagen var det slutt på pølser, skinke, fiskepudding mm. i munnen under trening, HURRA! Gleda var stor, treninga blei enda meir effektiv og eg var kurert for kjøttsmak etter 4 år med div. i munnen og har ikkje spist kjøtt sidan 😉

Så til dåke kjekke hundeeigarar som ikkje har tatt i bruk betinget forsterkar i treninga enda, gled dåke over at treninga av dåkas firbeinte venn no vil bli meir effektiv og ikkje minst at godbitspytting er historie!

Mvh Erna Mikkelsen 😊

TidsklemmaMange seier til meg at dei burde trene hunden, men tida strekker ikkje til. Kjenner du deg igjen i det?Det van...
04/10/2018

Tidsklemma

Mange seier til meg at dei burde trene hunden, men tida strekker ikkje til. Kjenner du deg igjen i det?

Det vanlege er å tenke at skal ein trene hunden så må ein sette av timer til trening i den allereie smekkfulle vekeplanen. Ofte tenker ein også at hundetrening bør foregå på treningsplassen til hundeklubben, da vil det ta enda lenger tid og det blir med tanken.

MEN! må man det? Sette av mykje tid og helst reise på treningsplassen?

Svaret er NEI, ingen av delane!

Eg fekk ein hyggeleg mail for nokon dagar sidan der det blant anna stod, «Eg hadde stor nytte av onlinekurset ditt. Eg trengte å bli minnet på at en må trene med hunden for å få resultater».

Det stemmer, du må trene, men det treng ikkje stele tid frå ein allereie hektisk kvardag og du treng ikkje å reise til treningsplassen til hundeklubben.

Kva trenger hunden din og lære? Vere roleg når du gjere deg klar for å gå tur? Gå fint i band? Passere folk og hundar på ein høfleg måte? Innkalling? Vere roleg når det kjem besøk? Vere roleg når barna leiker? Ligge fint på plassen sin under måltida til dei tobeinte i familien?

Uansett kva hunden din trenger å lære så tipper eg at det ikkje er på treningsplassen du tenker det skal fungere, da er det heller ikkje der du trenger å trene.

Når det kjem til tid så er trikset å flette treninga inn i kvardagen. Tren på ro i gangen mens du kler på deg, bruk deler av turen til trening, tren på ønsket adferd når du får besøk, tren på at hunden skal ligge i senga si når dåke tobeinte eter, tren på ro i bilen før du ber hunden komme ut osv.

Du veit korleis dine dagar ser ut og om du legg trening inn i kvardagen, 2 min her og 2 min der så blir summen stor og eg lover deg at du vil bli overraska over resultata dåke får 😊

Lykke til med treninga!

Mvh Erna Mikkelsen 😊

Å stele! Eg snakket med ein hyggeleg hundeeigar som fortalte meg om ein utfordring som ho hadde fått med hunden sin, den...
27/09/2018

Å stele!

Eg snakket med ein hyggeleg hundeeigar som fortalte meg om ein utfordring som ho hadde fått med hunden sin, den var begynt å leike med stein. Dette er ei utfordring som er bra at ho tar tak i med ein gang mtp. skadane som ein stein-glad hund får på tennene. Eg veit dessverre også om ein stein-glad hund som i iveren har svelgt stein i leik og som resultat blei sjuk og døde.

Samtalen med henne fekk meg til å tenke på kvalpetida ++ der den vetle sjarmøren ofte blir ein kløppar til å ta og gnage på alt mogleg utanom sine eigne leiker. Sko, mobilar, fjernkontrollen, leikene til ungane mm. Må nesten nemne truser frå skittentøyet, oioi, det er gøy å stele. Mens hundens leiker derimot får ligge fint i fred frå pirajatennene.

Kvifor?? Dei fleste kvalper har ikkje bare ei leike som dei har fått, dei har ein heil kasse med dyre leiker som skal vere sååå kjekke for kvalpen. Likevel, der står det vetle trollet, aller helst når ein har besøk, med trusa frå skittentøyskurven i munnen og eit fandenivoldsk blikk og ser på deg. Kvalpen er klar til å finte deg ut når du kjem imot! For trusa skal den ikkje gi ifrå seg, og du må jakte etter trollet som finter deg ut nok gonger til at alle har sett kva han har stelt.

Litt flaut og veldig irriterande, flaut fordi kvalpen har sprunge rundt i heile stova med trusa di i munnen og irriterande fordi kvalpen veit veldig godt at han ikkje har lov! Det er jo derfor han springer ifrå deg, eller???

La oss gå tilbake i tid. Kvalpen flytter inn og har mange kjekke leiker som han viser interesse for i starten. Vi synest det er veldig greitt at kvalpen leiker med leikene sine, da får vi ein liten pause.

Nysgjerrig som kvalpen er så vil den etter kvart også undersøke andre gjenstandar, og kva skjer da? Jo, tar hunden ting den ikkje skal tygge på så er det «alle mann til pumpene» for å redde gjenstanden. Oioioi, action :D

Kvalpen lærer fort at hentar den leikene sine så skjer det stort sett ikkje noko gøy, kjøkkenfilla? kjedeleg, sko? stort sett gøy, mobilar? alltid gøy, fjernkontrollen? alltid gøy, leikene til ungane? kjekkast når ungane er der, skitne truser? fantastisk kjekt når det er besøk!

Og det fandenivoldske blikket!?? FORVENTNING! Kvalpen har lært at om den har visse gjenstandar i munnen så kjem du ikkje bare bort, du kjem fort, og halleluja, du springer etter han. Jaktlek!! :D Kan det bli bedre? Neppe 😊

Så kva gjere vi? Vi vil jo at hunden skal tygge på leikene vi ha kjøpt ein hel kasse av. Jo, da snur vi situasjonen, vi gjere leikene attraktive. Og det skal eg love deg, om familien blir einig om at når hunden hentar ein av leikene sine, da er det «alle mann til pumpene» Kva er det du har, få sjå, få sjå, no kommer eg og tar leiken din.. DA vil du etter kort tid sjå kvalpen din, midt i stua, med eit fandenivoldsk blikk og tennisball i munnen.

På same måte kan vi gjere hunden stein-gal, når vi er kjapp med å gi hunden oppmerksomhet og jakter etter den for å få steinen ut av munnen. Rådet eg gav til hundeeigaren til hunden som var begynt å leike med stein var som du kanskje allereie har skjønt. Legg nokon av leikene hennas på gardsplassen, plukkar ho stein så ignorer henne totalt, MEN plukkar ho ei leike? Ja, DA er det «alle mann til pumpene»!!! :D

Og til slutt, eg meiner ikkje at du skal ignorere kvalpen når den ligger å tygger på iphonen din, men vær så roleg og kjedeleg som du kan vere når du tar den tilbake. Gøy skal det vere å «stele» egne ting 😉

Lykke til med jakten!

Mvh Erna Mikkelsen 😊

Korleis du med enkle grep kan dempe stresset hos hunden samt hjelpe hunden din til å bli tryggare.Her er nokon enkle gre...
08/02/2018

Korleis du med enkle grep kan dempe stresset hos hunden samt hjelpe hunden din til å bli tryggare.

Her er nokon enkle grep du kan gjere for å dempe stresset hos hunden din:
- Tren på ro (f.eks. sjølvkontroll i sitt) i ulike situasjonar.
- Gi hunden mat 2-3 gonger til dagen, bløyt gjerne opp foret for at det skal bli meir volum.
- La hunden søke etter maten, spre maten først på eit lite område på plenen, etter kvart så aukar du størrelsen på området der du strør maten.
- Legg ut spor som hunden får gå.
- La hunden leite etter godbitar eller leiker.
- Lek gjømmeleiken, ein held hunden og ein gøymer seg (enkelt i starten, auk vanskelighetsgraden etter kvart).

Her er nokon enkle grep du kan gjere for å hjelpe hunden din til å bli tryggare:
- Utfordre hunden til å balansere på ting, klatre oppå, krype under osv. når dåke er på tur.
- Tren triks der hunden må trø utanfor komforsona.
- Er hunden usikker på andre hundar? Belønn kvar gang den ser mot ein hund (og er rolig)!
- Er hunden usikker på mennesker? Belønn kvar gang hunden ser mot eit menneske (og er rolig)! Ikkje la folk gå bort til hunden din, be dei heller sette seg på huk slik at hunden kan gå bort til dei.
- Reagerer hunden din på «rare» ting på tur? Statuer, skilt, velta tre mm. Ta deg god tid, gå bort til det skumle, sett deg gjerne ned å la hunden bruke den tida den treng på å undersøke og bli trygg. Har du godbiter du kan belønne med underveis så vil prosessen gå raskere.

Tar du i bruk ein eller fleire av desse enkle grepa vil du sjå positive resultat.

Lykke til!
Mvh Erna Mikkelsen 😊

18/01/2018

Eg får ofte høyre at det hadde vore så kjekt om hunden kunne nokon triks, men at det ser så vanskeleg ut å lære inn triksøvelsar.
Det er det verkeleg ikkje! 😊
Her kjem ein video med korleis du kan lære hunden din å lukke skuffer.

Eg seier «BRA» idet hunden utfører rett adferd og belønner med godbit rett etter «BRA». (Tenk at du tar bilde når du seier «BRA»).
Ta bilde når hunden utfører trinnet som dåke er på:
Når augene treffer dine på trinn 1., idet hunden snur blikket mot post it lappen på trinn 2. osv.)
Legg på kommandoen når hunden kan utføre trikset.

Å lære hunden å lukke skuffer vil ikkje bare imponere besøkande. Å trene dette vil også gjøre hunden tryggare på bevegelsar og lyd og er ein super øvelse for litt usikre hundar.

Adresse

Sunde
5450

Telefon

+4791868922

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Eit hundeliv legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Eit hundeliv:

Snarveier

Del