07/08/2024
HR og strategi - har du kontroll?😱💪🏻
Vi inviterar deg til Sølvane Gard den 11. september for å byggje HR Nettverket Nordfjord! 👏🏻 Dette er eit nettverk for alle som jobbar med HR i store og mellomstore verksemder i Nordfjord. Du ønskjer å møte andre som opplever dei same utfordringane som deg i jobbkvardagen, slik at ein saman kan dele erfaringar og skape dei gode ideane.
Kai Petter Sårheim vil leie oss gjennom dagen og lære oss om HR og strategi. Korleis kan ein synleggjere HR sitt bidrag til å nå organisasjonen sine mål? Det vil bli faglege oppspel, drøftingar og utveksling av erfaringar.
Bli med og kick-start hausten med litt fagleg påfyll🧠💥
Meir info og påmelding her: https://www.nordfjordkompaniet.no/arrangement/hrnettverknordfjord/ eller link i BIO.
Kai Petter har 20 års erfaring som rådgjevar og leiar innan strategi og kommunikasjon. Gjennom sitt eige selskap, Kaiwa, hjelper han kundane med å utvikle interne ressursar og styrke eksterne relasjonar, med fokus på kva som motiverer menneska som organisasjonen er avhengig av.
Takk til som gjer det mogleg for oss å starte opp eit HR Nettverk!