Vestborg VGS

Vestborg VGS Vestborg vgs på Stranda. Vi tilbyr studiespesialisering, idrettslinje og påbygging. www.vestborg.no Vestborg er meir enn berre ein skule!

Dei fleste av elevane våre bur på skulen, og internatlivet er noko for seg sjølv. Det kan vere tryggare og betre å bu på internat enn å bu på hybel. Måltida blir servert i matsalen, og tilsynspersonale er i miljøet også etter skuletid. Vestborg er ein kristen vidaregåande skule, mykje er likt ein offentleg skule:
- Du har same læreplan og same eksamen.
- Du får same vitnemål.
- Dei same studiane er opne for deg når du er ferdig. Det er gode moglegheiter for ei aktiv fritid både på skulen og i området rundt skulen. Vestborg er plassert midt i Sunnmørsalpane – og er eit godt utgangspunkt for toppturar både sommar og vinter. Det er 5 km til Strandafjellet Skisenter. På ettermiddagstid er det ofte stor aktivitet i gymsal og treningsrom. Med ein gong våren kjem - og til langt utover hausten er det aktivitet på beachvolleyballbana. Vestborg er ein kristen skule, og her kan du vere med i bibelgrupper og på møter. Kanskje vurderar du om du skal begynne på Vestborg? Kanskje har du tidlegare gått her, eller kjenner nokon som har gått her? Uansett er du velkomen innom sidene våre, - og om du er i nærleiken, må du gjerne stikke innom skulen ein tur!

Friluftslivklassa gjennomførte ein innhaldsrik fagdag der elevane fekk lære å lage mat i kokegrop! Elevane deltok i heil...
03/05/2026

Friluftslivklassa gjennomførte ein innhaldsrik fagdag der elevane fekk lære å lage mat i kokegrop!

Elevane deltok i heile prosessen: frå å grave grop, fyre opp bål og varme steinar, til å marinere og tilberede heile kyllingar saman med grønnsakspakkar. Til slutt kunne vi nyte det som kanskje var den møraste kyllingen vi nokon gong har smakt🤩🍗

Ei matoppleving vi seint vil gløyme😄👌

Misjonsløp! Forrige tysdag sprang elevane til inntekt for Japan! Det er Vestborg Krussen sitt misjonsprosjekt dette året...
02/05/2026

Misjonsløp! Forrige tysdag sprang elevane til inntekt for Japan! Det er Vestborg Krussen sitt misjonsprosjekt dette året🇯🇵 Temaet var Noahs Ark, så elevane deltok både som dyr, fargar og båt🌈 Ein stor takk til innsatsen og alle som har gjeve støtte!!

📸Sunniva Børretzen Fjørtoft

Vg2 elevane har vært på Tysklandstur! Ein utruleg kjekk og lærerik tur ser fokuset har vore på Luther, reformasjonen og ...
24/04/2026

Vg2 elevane har vært på Tysklandstur! Ein utruleg kjekk og lærerik tur ser fokuset har vore på Luther, reformasjonen og andre verdenskrig. Ein minnerik tur med ein nydelig gjeng🇩🇪😍

📸 Sunniva Børretzen Fjørtoft og Geir Myksvoll Lande
🇩🇪

Før ferien var det Oscars på Vestborg 🙌! Kvar klasse laga ein kort film som blei vist på storskjerm. Alle kom i finstase...
01/04/2026

Før ferien var det Oscars på Vestborg 🙌! Kvar klasse laga ein kort film som blei vist på storskjerm. Alle kom i finstasen til premierekvelden✨️ Etter at vi hadde sett ferdig alle, var det duka for premieutdeling. Det var ulike prisar og kvar klasse vann minst ein, men den siste og gjevaste prisen var det vg2 studie som klarte å kapre🏆 Det var mykje smil og latter, god snacks, fine og dyktige menneskje, mykje bilete knippsing og ikkje minst mange kreative filmar! Gratulerar til vinnarane og ein stor takk til miljøarbeidarane som arrangerte og alle elevane som var med i filmskapinga✨️👏👏!

📸 Sunniva Børretzen Fjørtoft

Friluftslivklassa har hatt fagdag med fokus på kart og kompass, utemat og førstehjelp i dag!
20/03/2026

Friluftslivklassa har hatt fagdag med fokus på kart og kompass, utemat og førstehjelp i dag!

Denne helga blei det arrangert muffins bakekonkurranse!🧁 Elevane var kreative og dyktige, og det blei ei kjekk stund med...
16/03/2026

Denne helga blei det arrangert muffins bakekonkurranse!🧁 Elevane var kreative og dyktige, og det blei ei kjekk stund med god stemning og gode muffins!✨️🥰 I tillegg var israelsmisjonen på besøk og haldt påskemåltid med oss!

📷 Sunniva Børretzen Fjørtoft

Fagdag i Aktivitetslære med idrett vg2🤙🏻🏔️⛷️🏂
13/03/2026

Fagdag i Aktivitetslære med idrett vg2🤙🏻🏔️⛷️🏂

Utsyn har intervjua elev Laura Olivie Slørdal om tur til Falun. Les den her (krev abonnement):
09/03/2026

Utsyn har intervjua elev Laura Olivie Slørdal om tur til Falun. Les den her (krev abonnement):

Neste år skal den svenske byen arrangere VM på ski i nordiske greiner, og Vestborg-elevane, saman med personalet, skal under Falun2027 jobbe som funksjonærar.

Radio Sunnmøre har lage et intervju om turen til Falun. Hør det her:
09/03/2026

Radio Sunnmøre har lage et intervju om turen til Falun. Hør det her:

I starten av mars var nokre elevar frå Vestborg vidaregåande på Stranda, saman med lærar Lars Johan Stokken, på rekogniseringstur til prøve-VM i Falun. Vi tok ein prat med lærar Lars Johan Stokken og dei to elevane Leander Nygaard og David Lundanes om det det har fått og skal få oppleve.

Adresse

Hevsdalsvegen 11
Stranda
6200

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vestborg VGS legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Vestborg VGS:

Snarveier

Del