Tusenfryd barnehage Stranda SA

Tusenfryd barnehage Stranda SA Tusenfryd barnehage er en privat barnehage organisert som samvirkeforetak. Vi har 72 plasser for barn i alderen 0-6 år.

Barnehagen ligger lett tilgjengelig i Stranda tettsted, i naturskjønne omgivelser med nærhet til flotte turområder.

🇳🇴 Hipp hurra for 17. mai 🇳🇴I dag har alle i barnehagen øvd seg på å gå i 17. mai-tog i eit helig vér☀️ 🌿 Glade og fornø...
13/05/2026

🇳🇴 Hipp hurra for 17. mai 🇳🇴

I dag har alle i barnehagen øvd seg på å gå i 17. mai-tog i eit helig vér☀️ 🌿 Glade og fornøgde barneføtter masjerte i takt til korpsmusikken og flagga vaia så fint i vinden. Naboar kom ut fra husa sine å vinka og bilane som kjørte forbi stoppa opp for å få eit ekstra langt glimt av det herlige toget vårt🥰

TUT, TUT!!! Høg brumming frå russebilar tok plutselig opp oppmerksomheta vår og så stod det heile 4 russebilar på parkeringa vår! Og ut av bilane kom det russ etter russ, både blå og raude for å besøke oss! Dei delte ut både is, klistermerker og russekort ❤️💙 Og tenk at 8 av russane har tidlegare gått i Tusenfryd barnehage😍 Takk for besøket og ha ei trygg russefeiring 🥰
#17.maifeiring

BYGDA VÅRBesøk på Slettvoll MøblerI går var vi på besøk med ei kjent og kjær bedrift som er heile 75 år i år 🎉🥳  Møbelpr...
29/04/2026

BYGDA VÅR
Besøk på Slettvoll Møbler

I går var vi på besøk med ei kjent og kjær bedrift som er heile 75 år i år 🎉🥳 Møbelproduksjonen starta med oldefaren til ei ei jente som går i barnehagen vår og i dag er det mamma'en hennar, Live som er kreativ leder i Slettvoll Møbler. Ho møtte oss for å vise oss kva møbler som blir laga og alt som må gjerast for å lage dei unike produkta. Det er ganske fasinerande at alle møbler blir handlaga på tradisjonelt vis, dei har ikkje ein einaste robot. Vi fekk kjenne på stoffprøver, sjå på forskjellige tekstil og besøke kvar avdeling for å sjå på dei forskjellige prosessane fra sying til sluttprodukt. Tenk kor heldige vi er som har ei sånn fantastisk møbelbedrift i bygda vår! Vi fekk med oss masse fine stoffprøver som vi skal bruke kreativiteten vår med ✂️🪡

Tusen takk til alle på som tok så godt imot oss🥰

BYGDA VÅR Besøk på Stranda Spekemat Under frokosten i går så det kribla det godt i magen og maura i heile kroppen! For d...
29/04/2026

BYGDA VÅR
Besøk på Stranda Spekemat

Under frokosten i går så det kribla det godt i magen og maura i heile kroppen! For det var dagen for nye bedriftsbesøk! På venta Grete på oss. Ho er fabrikksjef og var klar til å vise oss rundt i fabrikken.
Men først måtte vi forberede oss; Grete ga oss informasjon om kva dyr og kva delar av dyra dei nyttar seg av. Smykker måtte av, på med hårstikk, frakk, hårnett, skoovertrekk og til slutt vaske hender. Alt må vere reint når vi skal gå gjennom fabrikken som produserer mat 🐖🐑
Grete viste oss gjennom alle avdelingane og vi fekk innblikk i korleis både , og blir laga. Det var mykje spennande å sjå og kjekke tilsette som tok i mot oss med eit smil 🥰 Det var ekstra kult å sjå alle robotane som var i full sving 🦾

Tusen takk til Grete og dei andre på som gjorde tirsdagen ekstra spesiell🤩

Våstemning i   🐞🔨🐦🐝🐜🐛🌱🥕🫛
24/04/2026

Våstemning i 🐞🔨🐦🐝🐜🐛🌱🥕🫛

BYGDA VÅRBesøk på utstillinga Strandaindustriens historie, Fjorden Golfsenter og AutomekI går fortsatte vi med å dykke i...
17/04/2026

BYGDA VÅR
Besøk på utstillinga Strandaindustriens historie, Fjorden Golfsenter og Automek

I går fortsatte vi med å dykke i historia til Stranda. Korleis vart Stranda ei så blomstrande bygd innan matvareproduksjon, møbelindustri, tekstilindustri og mekanisk industri?
På førehand har vi sett filmsnuttar av og sett på bilder frå gamledager. Sentrum såg no heilt annleis ut! Tenk at kyrkja stod ein annan plass og at melka kom med ein melkebåt i stedet for ein melkebil! Ivrige 4-, 5- og 6-åringar funderer, spør og vil vite meir. Det som gjorde mest inntrykk var mannen som reiste til Amerika, grov etter gull, fann masse gull og vart veldig rik. Han bygde eit praktfullt hus på Stranda og hjalp andre til å starte opp ulike bedrifter på Stranda. I går gjekk vi innom huset hans på veg ned til museet. Det var stas å kjenne igjen huset som vi har snakka og lært mykje om.
Under omvisninga på museet fekk vi sjå på alle produkta som er laga på Stranda, og det er ikkje få! Anbefaler alle å ta seg ein tur dit 👏🏻

Vi var så heldige at vi fekk låne lokala til for å prøve å spele golf. Vi fekk tilgang til to simulatorar, puttinggreen og barnegolfkøller, gjett om vi kosa oss. Håper at får mange nye medlemmer etter kvart ⛳️🏌️🏌️‍♀️

Etter golf og litt mat i magen gjekk vi for å helse på bilmekanikerane på Automek. Dei var i full sving med å skifte til sommerdekk og hadde tatt ut motoren frå ein bil, den fekk vi studere og nokre hadde spørsmål til mekanikerane 🛞🛻🔧🪛🔩

Tusen takk til alle som la til rette for at vi i fekk ein så fin og interessant dag 🥰☺️

BYGDA VÅR Besøk på Stranda Omsorgssenter 👵🏻👴🏼🧒🏽I forbindelse med temaet vårt så har vi denne veka vore på besøk på sjuke...
17/04/2026

BYGDA VÅR
Besøk på Stranda Omsorgssenter 👵🏻👴🏼🧒🏽

I forbindelse med temaet vårt så har vi denne veka vore på besøk på sjukeheimen. Vi traska ned for å møte Marita som viste oss rundt og svarte på spørsmål fra barna.
- "Kor gamal er det gamlaste som bor her?"
- "Kvifor må dei bo her og ikkje heime, egentlig?"
- "Kvifor har dokke sparkesykkel her?"
- " Må dei gamle trene også! kvifor er det bra?"
- " Kvifor er presten her? Og no kjem sjukebilen hit!"

Så fekk vi prøve både preikestol, rullestol, rullator og ein sparkesykkel før vi gjekk innom to avdelinger for å halde "konsert" til dei gamle og sjuke 🧑‍🦽🥰🎶🧒🏻🧓🏻
Vi fekk helse på presten, ein ergoterapeut og ein fysioterapeut i tillegg til mange kjekke sjukepleierar som jobba der.
Å besøke sjukeheimen var både lærerikt, spennande og koselig og det var godt å sjå kor glade dei gamle var for å få eit friskt innpust i kvardagen🥰
Slike møter gir borna verdifull erfaring med omsorg og empati og skaper økt trivsel for dei eldre ❤️
#

Skidag på   🚠Førskulebarna hadde i går sin årlige skidag på fjellet. Véret spelte på lag med oss og alt låg til rette fo...
09/04/2026

Skidag på 🚠

Førskulebarna hadde i går sin årlige skidag på fjellet. Véret spelte på lag med oss og alt låg til rette for ein nydelig dag på langrenn 🏔️🚡⛷️
Det er mykje å halde styr på ein sånn dag og veldig god øving med å passe på sekken sin, finne fram rette ski og stavar, putte nistepakke og flaske i rett sekk, gi ei hjelpande hand til ein venn som treng hjelp i heisa, spørre om den andre vennen din har det kjekt og prøve nye ting som kan først virke skummelt 🥰
Vi fekk gå i fint preparerte løyper og ta gondolen opp til der vi hadde utsikt over heile Stranda! Det var litt av ein opplevelse 🚡⛰️🚢
På slutten av dagen så var det tid for å teste ut den miste av skiheisene, nemlig snøkvit. Sjølv om ikkje alle hadde prøvd seg der før, så tok alle utfordringa👏🏻
Vi hadde ein veldig fin dag med mange smil og mykje latter. Godt å kjenne glede over meistring også 🏆🥰

Små rom for store opplevingar 📚Rett ved kontordøra i barnehagen står det to små «hus». Dei er akkurat store nok til at e...
08/04/2026

Små rom for store opplevingar 📚

Rett ved kontordøra i barnehagen står det to små «hus». Dei er akkurat store nok til at eitt eller to barn kan krype inn, setje seg godt til rette og få ei lita stund for seg sjølve. Der inne skjer det noko viktig – der finn barna ro.

Barnehagekvardagen er ofte full av leik, lyd og gode møte mellom barn. Samstundes veit vi kor viktig det er at barna også har tilgang til stille stunder. Nokre barn treng å trekke seg litt tilbake for å hente seg inn att, medan andre søkjer ro for å undre seg og utforske i sitt eige tempo. Små, skjerma krokar gir rom for dette – dei gir barna høve til å regulere seg sjølve i eit trygt miljø.

Ved desse små husa har vi lagt bøker. Gode barnebøker med rike bilete som inviterer til undring, samtale og fantasi. Barna «les» ikkje slik vi vaksne gjer, men dei ser, peikar, fortel og undrar seg over det dei oppdagar. Eit bilete kan opne for lange samtalar, nye ord og eigne forteljingar. Slik blir boka eit utgangspunkt for språk, leik og fellesskap – også når barnet sit åleine.

Tilgjenge er heilt avgjerande. Når bøker er lett tilgjengelege, og når rommet rundt inviterer til ro og nærvær, aukar sjansen for at barna tek dei i bruk på eiga hand. Dei små husa ved kontordøra er nettopp slike inviterande rom – dei seier: «Her kan du vere. Her kan du sjå, undre deg og finne ro.»

Som tilsette i barnehagen har vi eit ansvar for å skape eit miljø som rommar både det livlege og det stille. Vi legg til rette for fellesskap, men også for alenetid og eigen utforsking. Rolige krokar med gode bøker er ein viktig del av dette arbeidet.

Kanskje er det i dei små romma at dei største opplevingane skjer. ✨

25/03/2026

Vil du vere med å skape trygge, leikande og gode dagar for barna våre?

I dag har dei eldste barna i barnehagen vore på påskevandring i Stranda kyrkje. Vi gjekk ned til sentrum for å møte Mart...
20/03/2026

I dag har dei eldste barna i barnehagen vore på påskevandring i Stranda kyrkje. Vi gjekk ned til sentrum for å møte Martin som jobbar i kyrkja. Barna fekk delta aktivt i formidlinga, hadde mange spørsmål og undra seg over det dei fekk høyre. Vi hadde ei veldig spennande og fin stund saman i kyrkja👏🏻

Overnatting vel gjennomført ✔️I går kom førskulebarna tilbake til barnehagen etter stengetid, med ryggsekkar, soveposer,...
13/03/2026

Overnatting vel gjennomført ✔️
I går kom førskulebarna tilbake til barnehagen etter stengetid, med ryggsekkar, soveposer, kosedyr og madrasser. For nedtellinga var over og det var klart for overnatting!
Vi gjennomførte rebusløp med lommelykter ute i mørket, fekk diplom, kosa oss med heimelaga pizza og is, såg "Karsten og Petra overnatter i barnehagen" før vi pussa tenner og åla oss ned i kvar vår sovepose 🥰
På morgonen stod vi opp litt trøtte, men klare til å ta i mot dei andre barna.
For mange var det heilt nytt å skulle overnatte uten mamma og pappa, men gleda dei utstrålte ein tidleg fredagsmorgen var ikkje til å ta feil av🥰 Godt å kjenne mestringsfølelse av å klare noko som i utgangspunktet var litt skummelt ❤️👏🏻

Adresse

Tegane 24
Stranda
6200

Åpningstider

Mandag 06:40 - 16:20
Tirsdag 06:40 - 16:20
Onsdag 06:40 - 16:20
Torsdag 06:40 - 16:20
Fredag 06:40 - 16:20

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tusenfryd barnehage Stranda SA legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Tusenfryd barnehage Stranda SA:

Snarveier

Del