Austevoll kulturskule

Austevoll kulturskule Kulturskulen er eit kommunalt tilbod til born og unge i Austevoll. Musikk, teater, dans, biletkunst.

Denne sida skal vere ein stad der ein finn informasjon om kva som skjer i kulturskulen og bilete frå konsertar og arrangement.

Måndag opna kulturskulen si juleutstilling i Austevoll Folkebibliotek.Heile 56 elevar i teikning og maling er med på uts...
09/12/2025

Måndag opna kulturskulen si juleutstilling i Austevoll Folkebibliotek.
Heile 56 elevar i teikning og maling er med på utstillinga!
Elevane har brukt topunktsperspektiv, som er ein måte å teikna tredimensjonale objekt på, slik at dei ser verkelege ut.
Alle horisontale linjer møtest i to separate forsvinningspunkt på ei horisontlinje.
Dette blir brukt for å skapa djupn, spesielt når ein ser på eit hjørne av til dømes eit hus eller ein bygning, fordi ein kan sjå to sider samtidig.
Elevane har valt å teikna eller måla det personlege peparkakehuset sitt, som er det eine av to arbeid som kvar elev har laga.
Vinterlandskapet er laga som ein kollasj med monotrykk på geléplate som utgangspunkt.
Bileta er deretter sette saman av mindre utklipp og materialbitar, i kombinasjon med teikning.
Sjå den sjarmerande utstillinga på biblioteket no i førjulstida!

Den siste av kulturskulen sine tre adventskonsertar finn stad i Bekkjarvik kyrkje torsdag 11.12 kl. 18.00.  Alle er velk...
09/12/2025

Den siste av kulturskulen sine tre adventskonsertar finn stad i Bekkjarvik kyrkje torsdag 11.12 kl. 18.00. Alle er velkomne!

I desember held kulturskulen sine tradisjonelle adventskonsertar.

Det blir liv og røre og masse gøy i Kongsen kultursal onsdag 10. desember når 79 danse- og teaterelevar i kulturskulen i...
02/12/2025

Det blir liv og røre og masse gøy i Kongsen kultursal onsdag 10. desember når 79 danse- og teaterelevar i kulturskulen inviterer til juleframsyning!
Alle er velkomne! Gratis inngang!

Torsdag 4. desember er det klart for den andre av kulturskulen sine tre adventskonsertar!Alle som vil er hjarteleg velko...
01/12/2025

Torsdag 4. desember er det klart for den andre av kulturskulen sine tre adventskonsertar!
Alle som vil er hjarteleg velkomne i Austevoll kyrkje kl. 18.00!

I desember held kulturskulen sine tradisjonelle adventskonsertar.

Då er det klart for den første av kulturskulen sine adventskonsertar!
30/11/2025

Då er det klart for den første av kulturskulen sine adventskonsertar!

I desember held kulturskulen sine tradisjonelle adventskonsertar.

Kulturskuleelevane i teikning og måling frå 2-8 trinn presenterer ei ny haustutstilling på biblioteket. Dei har laga sin...
14/10/2025

Kulturskuleelevane i teikning og måling frå 2-8 trinn presenterer ei ny haustutstilling på biblioteket.
Dei har laga sin eigen versjon av det ikoniske verket "The tree of life" av Gustav Klimt frå Østerike. Biletet vart laga på 1900 talet i Art Nouveau perioden.
Symbolistmålaren er kjend for bruken sin av gullblad, dekorative mønster og fargar. Treet representerer livets syklus, visdom, vern, styrke og skjønnheit som blir rekna som å vera eit av klimt mest kjende verk.
Elevane kombinerer presentasjonen med det karakteristiske treet med spiralgreinar og botaniske monotrykk. Utstillinga varer fram til desember.

Er du mellom 18 og 25 år?Driv du med kunst og kultur?(Dans/musikk/skapande skriving/visuell kunst/sirkus/teater/anna)Drø...
07/10/2025

Er du mellom 18 og 25 år?
Driv du med kunst og kultur?
(Dans/musikk/skapande skriving/visuell kunst/sirkus/teater/anna)
Drømmestipendet kan hjelpe deg på veg dersom du satsar seriøst og treng pengar for å nå draumen din!

Gå inn på www.drommestipendet.no og søk innan18. november kl. 12.00!

5. og 12. juni hadde kulturskulen sommarframsyningar i Kongsen kultursal.Her er nokre bilete frå dei to framsyningane.
16/06/2025

5. og 12. juni hadde kulturskulen sommarframsyningar i Kongsen kultursal.
Her er nokre bilete frå dei to framsyningane.

50 elevar ved kulturskulen i teikning og måling presenterer no sommarutstillinga på biblioteket. Dei har måla, teikna og...
11/06/2025

50 elevar ved kulturskulen i teikning og måling presenterer no sommarutstillinga på biblioteket.
Dei har måla, teikna og kombinert med ulike mønster eitt arbeid kvar som har tema felleskap, som også er tittelen på utstillinga. Fellesskap betyr å høyre saman eller ha noko til felles. Det kan vere menneske som har felles interesser eller som bur på same stad. Felleskapskjensla bidreg til at vi opplever tilhøyrsel, identitet, meistring, velvære og meining i livet.
Kom å sjå utstillinga som vil henge heile sommaren!

Adresse

Birkelandsvegen 2
Storebø
5392

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Austevoll kulturskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Austevoll kulturskule:

Snarveier

Del

Type