17/10/2025
⚓️ STØ KURS ⚓️
Opplæringsfartøyet vårt «Stø Kurs» får no nytt styrhus, instrumentering, stabilitetstank, bysse, vaskerom, mm.
Etter ein god og grundig planleggings-og innkjøpsprosess blei båten for ei stund tilbake segla til Solund Verft AS som vann anbodet. Maritime Engineering AS har bistått med alt av teiknearbeid i prosessen, og følgjer opp med nye stabilitetsberegninger mm.
Arbeidet er godt i gang og skal etter planen vere ferdig til januar/februar, slik at båten er klar til lofotfiske 😊🐟
Austevoll vgs jobbar kontinuerleg med å kunne tilby elevane opplæring på nytt og relevant utstyr, sjølvsagt innafor dei økonomiske rammene som er tilgjengelege. Gleda var difor stor når skulen i lag med eigedomsavdelinga og opplæringsavdelinga i Vestland fylkeskommune fekk på plass finansieringa av dette prosjektet, omlag 30 mill.
Dei siste åra har det vore gjort mykje med båten.
I 2018 blei alt av teknisk utstyr i maskinrommet skifta, med ny hovudmotor, hjelpemotorar, gir, propell, hovudtavle, hydrolikkpumper mm. I 2019/2020 blei all innreiing skifta med nye lugarar, nye bad og ny messe. I 2021 blei ny mast, masthus og ny dekkskrane montert, og i fjor kom ny garnhalar på plass.
Det som stod igjen som gammalt om bord vert no skifta, og kort oppsummert er det;
- nytt styrhus og bruinnreiing
- ny komplett instrumentering. Det vert i all hovudsak av merke Furuno, med nye radarar, ecdis, matrix skjermmatrise (6 stk 43’’), ekkolodd osv.
- ny stabilitetstank
- ny styremaskin
- ny utvida bysse
- nytt vaskerom
- ombygd hekk med nye garnbinger og nytt storesrom
- utvida ferskvannstank
I tillegg er det ulike «klassejobber» som vert gjort samstundes, ettersom fartssertifikatet skal fornyast.
Me gler oss stort til ombygginga er ferdig, og til at elevane igjen kan få god praktisk opplæring om bord på den flotte båten vår! 😊