30/04/2026
Kvar dag jobber me i barnehagen med begrepet 'sjølvstendiggjering'. Me jobber mot at borna skal mestre sjølv, kjenne på følelsen av å mestre og å ikkje gje opp når dei ikkje får til - alt for at dei ein dag skal bli store og klare seg sjølve🌸 På Kengubasen jobber me blant anna med påkledning. Korleis tar me på hua? Og kvar skal hua? For ikkje å snakke om kva ei hue er for noko. Er det enklest å sitje å ta på dressen, eller kan me stå? Kor mange bein har me, og kor plasserer me dei? Det er mange metoder, og me lar borna øve på ulike teknikker. Me veileder undervegs, og roser og applauderer når dei får det til. Her er ei lita Kengujente, som ikkje er så liten lenger. Ho klarer nemlig å ta på dress og hua sjølv. Og den gleden ho sit igjen med etterpå er magisk å få oppleve ✨️