HVL - IKT i læring

HVL - IKT i læring Høgskulen på Vestlandet (tidl. HSH) har tilbydd masterstudiet "IKT i læring" sidan 2003. Studiet omfattar bruk og integrering av IKT i læringssamanheng.

Tenkjer at dette er tankar i rett retning:
30/04/2026

Tenkjer at dette er tankar i rett retning:

Mens KI redefinerer spillereglene for kunnskap og læring, klamrer norsk akademia seg til en forretningsmodell fra middelalderen. Problemet er ikke studenter som jukser, men systemet som har sviktet.

Fint å avslutta ei vellukka veke i Boston/Cambridge med baseball-kamp. Go Red Sox!
19/04/2026

Fint å avslutta ei vellukka veke i Boston/Cambridge med baseball-kamp. Go Red Sox!

Me er på besøk på Harvard og utviklar eit fagleg samarbeid med våre amerikanske kollegaer. Med Sarah Newman som ein strå...
15/04/2026

Me er på besøk på Harvard og utviklar eit fagleg samarbeid med våre amerikanske kollegaer. Med Sarah Newman som ein strålande vert, blir det fine KI-drøftingar.

Utdanningskomiteen tilrår "distraksjonsfrie skoleenheter". Kva er det?Kanskje ville Julius Bertelsen, "ein lang og forva...
04/03/2026

Utdanningskomiteen tilrår "distraksjonsfrie skoleenheter". Kva er det?

Kanskje ville Julius Bertelsen, "ein lang og forvaksen rekel i 16-års alderen, med filipensar og kvite skjeggbuster" sin "opptoggen blyantstubb" gått under same definisjon på 1940-talet. Den var i alle fall med på "middelskuleeksamen i tysk" då "grøda av tri års vokster skulle haustast". - Utan å spoila for mykje, kan me ta med siste strofa: "høgt på himmelen stod sola og skein for dei alle. Men ikkje for Julius."

Korleis det gjekk med Julius, Simon Støa, Oskar Klausen og dei andre gutane i 3A, samt lektor Knof og eksamensvakt skipper Jespersen, kan lesast i novella "Guten og hesten" av Jakob Sande (i "Eit Herrens vér", 1943, s. 31-43).

Men hugs også å lesa innstillinga frå utdannings- og forskningskomiteen:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Innstillinger/Stortinget/2025-2026/inns-202526-158s/?all=true

PS. Novella om Julius er tilgjengeleg for alle, på alle skjermar - via Nasjonalbiblioteket (nb.no)!

Innst. 158 S (2025–2026)

"IKT i læring"? - Du finn oss under "Praktisk utdanningsvitskap".
18/02/2026

"IKT i læring"? - Du finn oss under "Praktisk utdanningsvitskap".

Me gratulerer NTNU med eit stort og spennande prosjekt om korleis digitalisering påverkar læring og vurdering i skulen (...
17/02/2026

Me gratulerer NTNU med eit stort og spennande prosjekt om korleis digitalisering påverkar læring og vurdering i skulen (1.- 13. trinn). Vårt miljø var med heilt til finalen, men vart slått ut av gode forskarkollegaer denne gong. Lukke til - me gler oss til å følgja prosjektet og forskingsfunna!

Utdanningsdirektoratet har tildelt det første prosjektet i sitt nye forskningsprogram for digitalisering og digital kompetanse i barnehager og skoler, til Institutt for Lærerutdanning ved NTNU. De skal undersøke hvordan digitalisering påvirker læring og vurdering i sk...

Dersom KI kan forklara pensum like godt som læraren. Kva skal me då gjera? Kvifor skal elevane eller studentane koma til...
02/02/2026

Dersom KI kan forklara pensum like godt som læraren. Kva skal me då gjera? Kvifor skal elevane eller studentane koma til oss då?
- Til hausten sjøset me eit nytt emne. Sjekk ut og søk, innan 15.4.

Dette studiet gir en grunnleggende innføring i kunstig intelligens, hvordan teknologien fungerer og hvordan den kan brukes i skolehverdagen.

Årets julepresang i år er "eksamensresultata" frå masteremnet "MPUV502B Skapende arbeid med digitale verktøy" (15 st.p.)...
22/12/2025

Årets julepresang i år er "eksamensresultata" frå masteremnet "MPUV502B Skapende arbeid med digitale verktøy" (15 st.p.). KI har gjort at me kjem lengre, og raskare fram til produkta me ønskjer å prototypa. - Her er eit lite utval du kan testa i juleferien:

- matteskogen.no
- econsim.no
- tinyurl.com/2taneyuj
- ohabbestad.github.io/LabAssistenten
- hvl.h5p.com/content/1292718249622146687
- view.genially.com/68e5032fa7481332fe65f7eb/interactive-content-oppdrag-cia-agent-under-den-kalde-krige
God jul!!

CIA har fått tak i en stresskoffert fra en sovjetisk agent i Moskva.Ingen vet hva den inneholder, men ryktene sier at dokumentene kan avsløre planene bak et hemmelig sovjetisk atomangrep. Kofferten er låst, dokumentene er kryptert, og tiden er knapp. Du må åpne kofferten, følge sporene og avsl...

9 av 10 seier ja, seier Regjeringa. Lurar på korleis dei har telt. I høyringa har m.a. enkeltpersonar, organisasjonar og...
09/12/2025

9 av 10 seier ja, seier Regjeringa. Lurar på korleis dei har telt. I høyringa har m.a. enkeltpersonar, organisasjonar og institusjonar svara. Det er visstnok kome inn 1700 høyringssvar. Utdanningsforbundet er mellom dei som svara nei. Dei har kring 190.000 medlemmer…

Ni av ti seier ja!

Ei fersk høyring viser at dei fleste meiner vi skal vere ekstra varsame med skjermbruk i undervisninga for dei yngste elevane. Forslaget går ut på å endre læreplanane slik at digitale einingar skal brukast «særskilt varsamt» for elevar på 1.–4. trinn. Målet er meir fokus på lesing, skriving og rekning 📚

- Lærarane skal framleis kunne bruke digitale verktøy når det styrkjer læringa. Men eg meiner det er få gode argument for å bruke digitale verktøy i undervisninga med barn som er 5–6 år gamle, seier Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Utdanningsdirektoratet går no gjennom alle innspela, og endringar i læreplanen om bruk av skjerm for dei yngste elevane kan vere klar alt når skulen startar opp att hausten 2026.

Kva tenkjer du? Skal skjermen få mindre plass i klasserommet?

Foto: NTB/Gorm Kallestad

I 2021 fullførte Hanne Kristin mastergarden i "IKT i læring" hos oss. Denne veka vart ho utnemnd til årets nettpedagog. ...
28/11/2025

I 2021 fullførte Hanne Kristin mastergarden i "IKT i læring" hos oss. Denne veka vart ho utnemnd til årets nettpedagog. Me gratulerer!!

Fleksibel utdanning Norge (FuN) kårer Hanne Kristin Dypedal til årets nettpedagog.Dypedal er ansatt ...

Adresse

Klingenbergvegen 8
Stord Island
5414

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når HVL - IKT i læring legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del