20/12/2025
Tradisjonen tru gjekk me inn i ferien med ein feiande flott lunsjkonsert som avslutning på siste skuledag. Tusen takk til alle som bidreg og som gjer dette til ein fest! Og takk til dei to jentene på 10. trinn som held styr på programmet og leier oss gjennom konserten med humor og morsomme innslag.
Rektor Anneli ønskte gode feriedagar med å minne oss på at me er alle del av ein flokk, og oppmoda oss til å ta vare på kvarandre. Ein viktig bodskap!
God ferie til alle og god jul til alle som feirar! Me gler oss til å sjå alle att på nyåret 🌟