Ås Barnehage

Ås Barnehage Privat eigd barnehage i Leirvik sentrum.

Fokuset vårt er;
* Barn har medverknad på eigen kvardag, og skal ikkje ha ansvar for meir enn dei er rusta for.
* Alle skal kjenne seg inkludert, ein del av fellesskapet.
*Felles fokusområde.
* Leikekloke vaksne.

https://www.aftenposten.no/meninger/debatt/i/BxJR2w/er-det-mulig-aa-laere-ungdom-robusthet-ja-og-vi-boer-snakke-langt-me...
17/12/2025

https://www.aftenposten.no/meninger/debatt/i/BxJR2w/er-det-mulig-aa-laere-ungdom-robusthet-ja-og-vi-boer-snakke-langt-mer-om-det?fbclid=IwY2xjawOvPBhleHRuA2FlbQIxMABzcnRjBmFwcF9pZBAyMjIwMzkxNzg4MjAwODkyAAEe3IYqNqWznqZSVqhXf4M_XZf5GGmhAkiqov80UN_pnc2mK2Y6fQAcc2Ujg48_aem_yPd4bhLiuZOf5amequVNEA

Ei innlegg me har lyst til å dele for refleksjon. Det å gjere barna robust er vår visjon- "Godt rusta for framtida"- Som vaksne må me gi barna reiskap til å kunne takle det livet har å by på, både i medgang og i motgang.

Les innlegget.

🦗GRASHOPPE🦗Likar å skapa kvardagsmagi med glede og samarbeid barna tar med seg inn i leiken. Dei har vore på turar i nær...
05/12/2025

🦗GRASHOPPE🦗
Likar å skapa kvardagsmagi med glede og samarbeid barna tar med seg inn i leiken. Dei har vore på turar i nærmiljøet, samla naturmateriale, og leik på leirplassen vår. Me nyttar mykje smågrupper som dannar fleire og nye leikelag. Inkludering er viktig. Førjulstida er her, og me gledar oss i saman,- me har samlingsstunder, peparkaketrekking, og kjenner på spennning. Me har baka til peparkakebyen. Som 3-åring kjem det mangen små og store spørsmål. Nokon kan me løyse, og nokon må vera uløyste. Me ønsker alle ei god helg😊

🐛TUSENBEIN🐛Utforskar songar og regler,- denne perioden har fagområdet vore mengde, rom og form. Me ser etter formene der...
28/11/2025

🐛TUSENBEIN🐛
Utforskar songar og regler,- denne perioden har fagområdet vore mengde, rom og form. Me ser etter formene der me er. Me samanliknar mengde, konkretiserar, sansar, byggjer hytter og kryp i tunellar. Nokon vågar å klatre høgt for å hoppe ned. Tusenbein likar seg på tur, og brukar skogen, leirplassen og museumsområdet aktivt. Me har fått pynte juletre på museet, og kjenner stemninga stig. På tur held me hender, hjelper kvarandre, og ventar når me må. Alle skal vera med. Me ønsker alle ei god helg😊

21/11/2025

🐝HUMLENE🐝
Arbeidar med fagområdet mengd, rom og form. Fagområdet omfattar leikande og undersøkande arbeid med samanlikning, sortering, plassering, orientering, visualisering, former, mønster, tal, teljing og måling. Arbeid med fagområdet skal stimulera barna til undring, nysgjerrigheit og motivasjon for problemløysing. (Rammeplanen, 2017) Humlene arbeidar òg med sosial kompetanse,- Korleis vera god med meg sjølv, og med andre. Humlene har leik i smågrupper,- samarbeid, dele, vente på tur,- og det å oppleve meistring. Me ønsker alle ei god helg😊

🐞MARIHØNE🐞Dei utforskar uteområdet og skogen som ligg rett ved. Gjengen får god motorisk utfordring, og når me dett, hei...
14/11/2025

🐞MARIHØNE🐞
Dei utforskar uteområdet og skogen som ligg rett ved. Gjengen får god motorisk utfordring, og når me dett, heiar me på kvarandre til me kjem oss opp igjen. Det er ikkje lett i skogen, med glatte røter, bratte bakkar, stokkar me må klyve over og det ujamne terrenget. Det er gøy å kjenne og lukte på mose, furugreiner og lyng, løfte tunge steinar, og utforske blader, bark og røter. Me jobba òg med fagområdet mengd, form og rom, og er blitt kjende med formene trekant, firkant og sirkel. Barna har laga kunstverk og har øvd på finmotoriske grepet. Marihøne likar å gi gode klemmar, danse og holde hender når det blir disko. Dei likar å synge, og utforskar instrument og lydane dei lagar. Me ønsker alle ei god helg😊

🍲INNBLIKK FRÅ KJØKKENET🥙Måltid er ein stor og viktig del av dagen i barnehagen. Me tilbyr varmmåltider,- og her er eit i...
07/11/2025

🍲INNBLIKK FRÅ KJØKKENET🥙
Måltid er ein stor og viktig del av dagen i barnehagen. Me tilbyr varmmåltider,- og her er eit innblikk frå menyen den siste tida. Det har vore lapskaus, gulrotsuppa, kylling med karri og kokos, urtebrød,- og ikkje minst fredasgskjeva- den berømte ostskjevo. Me har vore heldige å fått smake lefse i frå i india, og hatt kake på Forut-festen vår. No ønsker me alle ei god helg😊

🦋SOMMARFUGL🦋Arbeidar med sosialkompetanse,- Kva skal eg gjere når eg blir sint, lei meg, eller eg ikkje får lov til å ve...
31/10/2025

🦋SOMMARFUGL🦋
Arbeidar med sosialkompetanse,- Kva skal eg gjere når eg blir sint, lei meg, eller eg ikkje får lov til å vera med andre å leike. Mykje klarar barna å ordne oppi heilt sjølv, -med dei rette reiskapa. Ein må erfare for å klare,- ved støttande vaksne. Sommarfugl likar utforsking av formingsmateriale, dei likar seg på tur,- og eit stort høgdepunkt var då me låna gymsalen til Hystad skule,- og kunne leike og utfolde oss der. Me ønsker alle ei god helg😊

🐜TISSEMAUR🐜Tissemaur har gode leikelag og venskap er etablert i gruppa. Dei er glad i å perle, og startar ofte dagen med...
24/10/2025

🐜TISSEMAUR🐜
Tissemaur har gode leikelag og venskap er etablert i gruppa. Dei er glad i å perle, og startar ofte dagen med det- det krev presisjon og planlegging. Rundt bordet blir det prat, -det er vitsar, godt humør og latter. Tissemaur likar å arbeide og likar seg på tur, -dei har farta rundt i nærmiljøet på jakt etter teikn på hausten. Fargane endrar seg, og blada dett ned. Barnehagen har arbeida med tema knytt til Forut,- om skilpadda Palaiya og plast i havet,- me avslutta det heile med fest i barnehagen i går. Me ønsker alle ei god helg😊

🦗GRASHOPPE🦗Arbeidar med prosjektarbeid,- det er gruppearbeid med smågruppe- med formingsaktivitetar, konstruksjonsleik o...
17/10/2025

🦗GRASHOPPE🦗
Arbeidar med prosjektarbeid,- det er gruppearbeid med smågruppe- med formingsaktivitetar, konstruksjonsleik og rolleleik. Grashoppe er glad i sang og musikk, og det å læra seg rørslene til sangane er gøy. Det skapar samhald,- både i uteleik og på tur. Me brukar nærmiljøet vårt på turar og likar å utforske kva det har å by på. Me leitar etter insekter og småkryp, og ser at mykje har lagt seg for vinteren. Me meistrar mykje sjølv, og me er gode på å hjelpe kvarandre! Me ønsker alle ei god helg😊

Adresse

Åsringen 87
Stord Island
5417

Åpningstider

Mandag 06:30 - 16:30
Tirsdag 06:30 - 16:30
Onsdag 06:30 - 16:30
Torsdag 06:30 - 16:30
Fredag 06:30 - 16:30

Telefon

+4753402430

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ås Barnehage legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Ås Barnehage:

Snarveier

Del