14/05/2026
KJÆRE UNGDOMSFORELDRE!
Maidagene er fylte med feiring, for mange ungdomar betyr det kanskje deira fyrste møte med rus. Anten det er alkohol eller ulovlege stoff, veit me at tilgangen aukar i samband med slike dagar.
Som forelder er du den viktigaste støttespelaren og førebyggaren!
- Ver nyskjerrig, spør kva dei skal og kven dei skal vera saman med.
- Sett tydlege grenser. Sei nei til alkohol når dei er under 18 år, tydlege forventingar gjer det lettare å sei nei.
- Ver tilgjengeleg. Lov at du svarar på telefon og at du kjem om dei treng deg.
- Snakk om rus og risiko. Ta ein prat om både legale og illegale rusmidlar, kva tankar har dei sjølve? Kunnskap er betre enn skremsel.
Ei siste viktig oppmoding: Ser du som vaksen store samlingar av ungdom som er synleg berusa, meld frå til politiet på 02800 eller ta kontakt i chat med oss. Me ynskjer å sikre tryggleiken til ungdomane før noko skjer.
God 17. mai helg! 🇳🇴