Bachelor i Reiseliv, Markedsføring og Ledelse

Bachelor i Reiseliv, Markedsføring og Ledelse Bachelor i Reiseliv, Markedsføring & Ledelse er ein ny bachelor med heilt semester Internship som du kan ta i Norge eller utlandet.

Me tilbyr og årsstudium og enkelt emne for deg som er i arbeid.

🥰🙌 Kjekt at me får representere Handelshøgskulen HVL og Høgskulen på Vestlandet HVL. Og ikkje minst  treffe hyggelige st...
20/09/2026

🥰🙌 Kjekt at me får representere Handelshøgskulen HVL og Høgskulen på Vestlandet HVL. Og ikkje minst treffe hyggelige studentar og kollegaer frå Universitatea Ovidius Constanta og University of Ioannina

Den UNESCO – lista skjærgården i Finland🇫🇮❗️I den sørvestlege delen av Finland finn vi Archipelago Sea UNESCO Biosphere ...
18/09/2026

Den UNESCO – lista skjærgården i Finland🇫🇮❗️

I den sørvestlege delen av Finland finn vi Archipelago Sea UNESCO Biosphere Reserve, eit av verdas mest omfattande skjærgårdsområde med om lag 6 500 øyer og holmar. Området fekk UNESCO-status i 1994 og er eit føredøme på korleis naturvern, lokalsamfunn og berekraftig reiseliv kan utviklast hand i hand.

For reiselivet er dette ein destinasjon som kombinerer spektakulær natur, levande kystkultur og autentiske opplevingar. Besøkande kan utforske øyane med sykkel, kajakk eller båt, smake lokal mat og oppleve ei av Europas mest unike skjærgårdar.

Ei av dei mest særprega øyane i området er Seili (Själö). I dag er øya eit fredeleg reisemål, men historia er både dramatisk og tankevekkjande. På ordre frå Gustav II Adolf av Sverige vart det etablert ein koloni for spedalske her i 1619. Pasientane som kom til Seili visste ofte at dei aldri ville forlate øya att.

Då spedalsksjuka etter kvart forsvann frå Finland, vart øya omgjord til mentalsjukehus. Frå 1700-talet og fram til 1962 vart psykisk sjuke pasientar sende hit. Mange av dei var kvinner som vart vurderte som «vanskelege», deprimerte eller avvikande etter datidas normer. Øya utvikla seg til å bli den største institusjonen av sitt slag i Finland.

I dag er den tidlegare sjukehusøya eit viktig kulturhistorisk reisemål. Den vakre trekyrkja frå 1733 står framleis på øya, og fleire av dei gamle sjukehusbygningane er bevarte. Me fekk vere med på guida vandring og fekk formidla historia til pasientar samstundes som me fekk sjå den unike naturen i dette UNESO-området. Øya husar no Archipelago Research Institute ved University of Turku, som forskar på miljøet i skjærgarden og Austersjøen.

Seili er eit godt døme på korleis moderne reiseliv kan formidle både natur- og kulturarv. Her møtest UNESCO-verna natur, mørk historie, forsking og berekraftig turisme i ei oppleving som set spor.

📍 Turku og Seili, Finland 🇫🇮Denne veka deltek reiselivsstudentar og lektorar frå Høgskulen på Vestlandet | HVL på eit i...
17/09/2026

📍 Turku og Seili, Finland 🇫🇮
Denne veka deltek reiselivsstudentar og lektorar frå Høgskulen på Vestlandet | HVL på eit internasjonalt Blended Intensive Program (BIP) i Turku og Seili,Finland. Temaet for samlinga er “Sustainable and Regenerative Tourism in Archipelago and Rural Regions”.
Gjennom samarbeid med studentar og fagtilsette frå fleire europeiske land får deltakarane utforske korleis reiselivet kan bidra til berekraftig utvikling og verdiskaping i øy- og distriktsområde. Programmet kombinerer faglege foredrag, workshops, feltarbeid og internasjonal erfaringsutveksling.
🌿 Korleis kan reiselivet skape positive ringverknader for lokalsamfunn, natur og kultur? 🌍 Korleis kan vi tenkje meir regenerativt i utviklinga av framtidas reisemål?
Dette gir studentane verdifull internasjonal erfaring, nye perspektiv og eit sterkare fagleg nettverk innan berekraftig reiseliv.

Det er ei glede å ønskje 5 internasjonale studentar velkomen til Høgskulen på Vestlandet | HVL , Reiseliv, Markedsførin...
02/09/2026

Det er ei glede å ønskje 5 internasjonale studentar velkomen til Høgskulen på Vestlandet | HVL , Reiseliv, Markedsføring, Ledelse og Sogndal😄🥰
Hels på .efi frå Tenerife, philiendewit og .cly frå Belgia, frå Finland og frå Frankrike (Universo Vives Université Clermont Auvergne , Iriarte University Ecole Pratique SEAMK
Dei skal vere hjå oss i haust og i dag har dei vore i møte med Odd Helge Brugrand i Hiking / Trekking / Adventure for praksis der. Vidare vart det deltaking og observasjonav av guiding i gamle Lærdalsøri og besøk hjå Norsk villreinsenter. 🇪🇸🇧🇪🇫🇷🇫🇮
Alle fem skal ha praksis i reiselivsnæringa i Sogn denne hausten. +

29/08/2026

Petter A. Stordalen

10/08/2026

Etter 13 år som administrerende direktør i NHO Reiseliv takker Kristin Krohn Devold for seg. Hun ser tilbake på 20 år i norsk reiseliv.

30/07/2026
09/06/2026

Reiseliv og hotell er alt anna enn kjedeleg🤣🥰Atle Hovi og Beito Resort👏👏🤣

Kjekt med omtale i Frankrike og Université Clermont Auvergne kring veka (Blended Intensive Program fra Erasmus+) som me ...
14/05/2026

Kjekt med omtale i Frankrike og Université Clermont Auvergne kring veka (Blended Intensive Program fra Erasmus+) som me arrangerte i mars på Kongevegen over Filefjell. Høgskulen på Vestlandet HVL og Hogeschool UCLL😀


Huit étudiant.es du Master Direction de Projet ou Établissements Culturels de l’Université Clermont Auvergne l’UFR LCSH ont participé au Blended Intensive Programme (BIP) Erasmus « King’s Road Challenge » organisé par l’Université HVL (Western Norway University of Applied Sciences), ...

Adresse

Sogndal
Sogndalsfjøra
6856

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00
Lørdag 08:00 - 16:00
Søndag 08:00 - 16:00

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bachelor i Reiseliv, Markedsføring og Ledelse legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Bachelor i Reiseliv, Markedsføring og Ledelse:

Snarveier

Del