Joar Solberg Trafikkskule har eksistert sidan 1993, og består av 5 tilsette, 4 trafikklærarar og ein kontormedarbeidar. Me held til i nyoppussa lokale i Dalavegen 3, rett ved skysstasjonen. Sjefen sjølv er sjølvsagt Joar Solberg! Han gjekk ut frå Statens Trafikklærerskole i 1988, og har mange års erfaring innanfor trafikkopplæring. Han kan tilby opplæring innanfor fleire førarkortklassar. Desse er då bil, bil og hengar, moped, traktor og MC kl. Han har idag tre engasjerte ansatte. Anita Lindstrøm Fylling frå Sogndal, som gjekk ut av Nord universitet i 2014. Anita har jobba som trafikklærar i Bergen i 3 år, og kom til oss i mars 2019. Birgitte Fossheim Dokken frå Årdal byrja hjå oss i juni 2021 etter endt utdanning ved Oslo Met. Eivind Stedje byrja hjå oss i juni 2022 og har fullført trafikklærarutdanninga ved Nord Universitet i Stjørdal. Eivind underviser i Kl.B manuellgir og trafikalt grunnkurs. Vårt mål er å veilede våre elevar gjennom trafikkopplæringen på ein sikker og effektiv måte. Trafikkopplæringa her i landet er fastsatt av Vegdirektoratet. I dei forskjellige førarkortklassane er det fastsatt ulike læreplanar som må følgast.