20/09/2026
Dyktige Oda som jobbar hos oss dette skuleåret har motteke Bolstadprisen denne helga! Heia Oda! Vel fortent! 😊👍🎶
Vi gratulerer Oda Ovidt Bardal med Bolstadprisen 2026! Prisen på 20 000kr vart delt ut på konserten på Fjelljomfestivalen
Her er grunngjevinga:
Bolstadprisen 2026 til Oda Ovidt Bardal
Bolstadprisen er ei vidareføring av Emil Bolstads legat og skal vere ein stimulans til unge som fører vidare tradisjonane innan folkemusikk og/eller folkedans. Bolstad-slekta frå Hjelledalen i Oppstryn har fostra mange topp utøvarar både på fele og trekkspel i tillegg til å ha tilført ei mengd gode komposisjonar. Det var vidareføring av dei gode tradisjonane som låg Emil Bolstad sitt hjarte nær då han oppretta legatet. Då dette vart avslutta og Bolstadprisen oppretta i staden, vart og det geografiske området for tildeling utvida frå Stryn til å gjelde heile landet. Det er styret i Spelemannslaget Fjelljom som har ansvar for prisen.
Vinnarane av Bolstadprisen tidlegare er Eli Fridtun Vereide, Åsmund Arnesen Farstad, Kristina Farstad Bjørdal, Emil Horstad, Hannah Moira Midtbø-Bruner, Hanne Kjøk, Synne Kjøk og Solveig Eide Grønningsæter.
Prisvinnaren 2026 heiter Oda Ovidt Bardal og er frå Trondheim.
Oda er no 23 år og har spelt fele sidan ho var 5-6 år gammal. Ho vart introdusert for folkemusikk av Silje Sølvberg og var fast deltakar på Mokurset kvar sommar frå ho var 10 til 15 år. Dette seier ho sjølv var eit verkeleg haldepunkt som gjorde at ho held fram på fele. Sjølv om ho har vore busett fast i Trondheim, så har ho vore medlem i Spelemannslaget Fjelljom sidan ho var 12 år og har ofte vore med der på kappleikar og festivalar og liknande. I år debutere ho også i soloklassen på Landskappleiken 2026 på Hovden.
På vidaregåande gjekk ho på musikklinja ved Trondheim Katedralskole med fiolin som hovudinstrument og hadde Andreas Bjørkås som lærar i 2. og 3.klasse. Etter vidaregåande har ho studert musikkvitskap ved NTNU i Trondheim og hadde der hardingfele som hovudinstrument med Sturla Eide som lærar. Elles har ho lært mykje av han «besten» Arne M. Sølvberg.
I tillegg til å spele folkemusikk har Oda også spela mykje klassisk musikk og har blant anna vore med i «Lørdagsskolen» som er eit talentutviklingsprogram ved kulturskulen i Trondheim. Ho har også vore med i juniorsolistane som er eit opplegg i regi av Trondheimsolistane.
Under studietida i Trondheim var Oda med i Snaustrinda Spelemannslag ved Studentersamfundet i tre år, derav to av åra som musikalsk leiar.
Ho har også i fire somrar jobba på Brimiseter der ho har vore servitør og spelkvinne. I tillegg til å spele har ho også drive med dans og blant anna vore danseinstruktør på Norsk senter for folkemusikk og folkedans i samband med FolkArkiv Trøndelag.
I 2023/2024 var Oda deltakar på Folkleiar Ung og sommaren 2024 var ho «Ukens musiker» på Ringve musikkmuseum og der ho heldt hardingfelekonsertar i kvar dag i ei heil veke.
Hausten 2026 starta ho i eit årsvikariat som distriktsmusikar på hardingfele i Sogn. Og ho har alt vore nytta to gangar som kurshaldar på TØFT-kurs, seinast på nybyrjarkurset på fele i dag.
Styret for Bolstadprisen er også i år svært nøgde med å kunne gje 20 000 kroner, diplom og den tradisjonelle Fjelljomtaburetten til ein verdig vinnar. Lukke til med Bolstadprisen og framtida!
2026 til Oda Ovidt Bardal