Utdanningsforbundet Sogndal

Utdanningsforbundet Sogndal Utdanningsforbundet er ei partipolitisk uavhengig fagforeining for pedagogisk personale innanfor alle utdanningsnivå.

Takk til kommunestyret som vedtok å stø vårt krav!
27/04/2026

Takk til kommunestyret som vedtok å stø vårt krav!

21 av 29 kommunar i Vestland som har svara på høyringa seier dei ønskjer å halde fram med lærarnorma slik den er i dag. Under ser de 16 av dei. Takk 🤎

Bevar minstenorm for lærartettleik på skulenivå!
01/04/2026

Bevar minstenorm for lærartettleik på skulenivå!

Lokallaget er redd ei endring kan føra til ein strukturdebatt.

I går hadde me årsmøte i lokallaget med fylkesleiar Steinar Strømsli på besøk. Han heldt eit spennande, lærerikt og særs...
26/03/2026

I går hadde me årsmøte i lokallaget med fylkesleiar Steinar Strømsli på besøk. Han heldt eit spennande, lærerikt og særs aktuelt innlegg, der han var innom både minstenorm for lærartettleik, arbeidstidsavtalen og hovudtariffoppgjeret. Me nytta høvet til å kle han opp i eit passande skjerf.

Takk til alle som møtte og takk for mange gode bidrag både før og under møtet. Underhaldninga stod Kaupanger sportsdrill for. 11 kjempeflinke jenter som fekk kveldens største applaus frå salen.

Ei ekstra takk sender me til kommunestyret i Sogndal. Årsmøtet vedtok ei fråsegn om å halda minstenorm for lærartettleik på skulenivå. Fråsegna vart sendt ut til lokalpolitikarane rett etter møtet, og i dag har nettopp lærarnorma blitt debattert i kommunestyret. Kommunedirektøren tilrådde ei norm på kommunenivå, men politikarane vedtok ei fråsegn om å halda lærarnorma slik den er i dag. Dette er ei viktig sak på så mange vis og me er særs glade for at lokalpolitikarane lyttar til oss.

Ein fin tur til ilag med mange gode kjenningar og lokallagsleiarar!
13/02/2026

Ein fin tur til ilag med mange gode kjenningar og lokallagsleiarar!

Denne veka er lokallagsleiarar og representantar frå fylkesstyret samla til kurs i Lillestrøm. Her ga møtelyden direkte tilbakemeldingar både til forbundsleiar Geir Røsvoll og til forhandlingssjefen vår. Vi går no inn i eit hovudtariffoppgjer, der det i år er ekstra mange element som skal opp til forhandling. Utanom tariff stod arbeidstidsordningar i barnehage, lærarrolla og fellesskulen på programmet. Dette er eit viktig møtepunkt for våre lokale tillitsvalde, som nytta taletida si godt.

Stortinget har vedteke utvida rett til å føra elevar ut av klasserommet dersom dei forstyrrar undervisinga. Frå Sogn avi...
23/05/2025

Stortinget har vedteke utvida rett til å føra elevar ut av klasserommet dersom dei forstyrrar undervisinga. Frå Sogn avis

Dei tilsette i skulen får vidare fullmakter, men berre som ein siste utveg.

Kommentar til redaktør Uglum sin kronikk laurdag om manglande framsnakking av fagforeininga.....
03/04/2025

Kommentar til redaktør Uglum sin kronikk laurdag om manglande framsnakking av fagforeininga.....

So bra, redaktør at dotter di trivst med lærarjobben! Det gjer dei aller fleste lærarane der ute og. Er det noko me har trong for, so er det kvalifiserte og motiverte lærarar. Det er og kjekt å høyra at du som redaktør vart overraska over kor positivt læraryrket i røynda er.

No vert det opp til kommunestyret - Ja til auka bemanning og fleire pedagogar!
01/11/2023

No vert det opp til kommunestyret - Ja til auka bemanning og fleire pedagogar!

Fagforeiningane krev auka grunnbemanning i barnehagane i Sogndal. – Det vil spara seg på sikt.

Tid for dei minste - brev sendt alle i kommunestyret med krav om auka bemanning. Porten skriv
01/11/2023

Tid for dei minste - brev sendt alle i kommunestyret med krav om auka bemanning. Porten skriv

Steinar Øydvin, leiar og HTV for Utdanningsforbundet i Sogndal etterspør politikarane sine lovnader i valkampen. 

Me heiar på dei som er i streik i PBL - JA til ein anstendig pensjon!
28/10/2022

Me heiar på dei som er i streik i PBL - JA til ein anstendig pensjon!

Høyr debatten tysdag med Steffen Handal, elevar og foreldre. Arbeidsgjevar og politikarar? Nei, dei valde å halde seg he...
21/09/2022

Høyr debatten tysdag med Steffen Handal, elevar og foreldre. Arbeidsgjevar og politikarar? Nei, dei valde å halde seg heime...

Under ett år etter pandemien rammer streik elever over hele landet

21/09/2022

Adresse

Sogndal
6856

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Utdanningsforbundet Sogndal legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Utdanningsforbundet Sogndal:

Snarveier

Del