13/03/2020
Rare tider... Som alltid har det vore ein glede å sjå born aktive i læring og leik denne veka også. Stor kreativitet både i klasserom og ute. Den kulturelle skulesekken besøkte 1.-4.klasse på tysdag med "Frå bilete til musikk til bilete". Så blei skulen stengd, og i dag har det vore spennande å sjå korleis lærarar og elevar har jobba saman i dei digitale løysningane me har. Mange av oss har tatt ein del steg opp i læringstrappa i dag, og på måndag er me klar igjen. Ønskjer alle ei så fin helg som absolutt muleg - uminglande, "hand i hand" med helsedirektoratets tiltak! :)