Fløgstad skule

Fløgstad skule Fløgstad skule er er ein barneskule i Sauda kommune i Rogaland fylke. Skulen ligg i sentrum av Sauda og har elevar frå 1. - 7.klasse.

✨ Julehelsing frå kyrkja ✨I følgje Martin Braut Tjelle var dette fyrste gongen han hadde høyrt juleevangeliet rappa.Ei s...
19/12/2025

✨ Julehelsing frå kyrkja ✨

I følgje Martin Braut Tjelle var dette fyrste gongen han hadde høyrt juleevangeliet rappa.

Ei stor takk til 6. klasse for flott song og engasjerande skodespel som gav julebodskapen nytt liv. De var heilt strålande! 🌟

Om presten sitt forsøk på å gjere om det velkjende uttrykket 6 7 (six - seven) til 2 4 (two- four) vil visa seg å vere vellukka, ja det får tida vise 😉

God jul til alle!

Bilde er laga av ChatGPT

✨ Luciadagen – lys i mørkret ✨I dag markerte vi Lucia, og blei minna om hovudbodskapen: små lys og små handlingar kan gj...
12/12/2025

✨ Luciadagen – lys i mørkret ✨
I dag markerte vi Lucia, og blei minna om hovudbodskapen: små lys og små handlingar kan gjere stor skilnad.

Ønskjer alle ein varm og lys Luciadag i morgen 13. desember 🕯️❤️.

I går hadde vi storfint besøk av både forfattaren Karen M. Kilane og illustratøren Hans Jørgen Sandnes, skaparane av Fam...
04/12/2025

I går hadde vi storfint besøk av både forfattaren Karen M. Kilane og illustratøren Hans Jørgen Sandnes, skaparane av Familien Humbug – Mirakelpulveret. Det er vanskeleg å tenkje seg eit meir inspirerande og engasjerande føredrag – elevane våre sat som fanga frå start til slutt, og mange gjekk ut døra med forhåpentligvis ny leselyst.

Industriarbeidarmuseet i Sauda – ei tid der alt står stille.Ein perfekt dag for å drøyme seg bort og kjenne historia på ...
26/11/2025

Industriarbeidarmuseet i Sauda – ei tid der alt står stille.
Ein perfekt dag for å drøyme seg bort og kjenne historia på kroppen.

I første etasje reiser vi tilbake til 1920-talet, med røyk, slit og kvardagsliv.
I andre etasje møter vi 1960-åra, med fargar, framtidstru og eit heilt anna tempo.

Bygget er meir enn eit museum – det er ei levande forteljing om Sauda og menneska som bygde byen.
Likar du historie, kultur eller berre litt magi frå ei svunnen tid? Ta turen. Det er verdt det.

Juleforberedelsar 🎄🎅🏼Skulle vi kunna sendt lukt gjennom skjermen, då hadde de kjent pepperkakelukta her i dag. For ingen...
24/11/2025

Juleforberedelsar 🎄🎅🏼

Skulle vi kunna sendt lukt gjennom skjermen, då hadde de kjent pepperkakelukta her i dag. For ingenting seier jul som duften av kanel, ingefær og nellik.

Korleis enda vi opp på fabrikken etter å ha lese Den fantastiske bussen?I boka blir Timo sjuk av den dårlege lufta i bye...
19/11/2025

Korleis enda vi opp på fabrikken etter å ha lese Den fantastiske bussen?
I boka blir Timo sjuk av den dårlege lufta i byen, og då kom spørsmålet frå ein elev: “Korleis er lufta i Sauda, då?” For å finne svaret tok vi turen til Eramet for å lære om produksjon, utslepp og miljøarbeid.

Miljøet i dag – dette gjer Eramet for å redusere utslepp:
• Dei fangar store mengder støv før det slepp ut i lufta
• Dei slepper ut svært lite vatn til fjorden
• Gassen blir reinska før han brenn
• Dei brukar gassmotorar til varme og energiproduksjon
• Dei har eit aktivt karbonfangstprosjekt
• Arbeidarane har svært godt og moderne verneutstyr

Lufta i Sauda er heldigvis mykje reinare i dag enn før, og kanskje blir den store flammen snart berre historie. Besøket gav oss eit godt innblikk i korleis industri og klima heng saman – og kor viktig det er å jobbe vidare for reinare luft og lågare utslepp.

🌿 Planleggingsdag med fokus på relasjonar og tryggleik 🌿I dag har vi brukt dagen til å styrke oss som lag og som vaksne ...
14/11/2025

🌿 Planleggingsdag med fokus på relasjonar og tryggleik 🌿

I dag har vi brukt dagen til å styrke oss som lag og som vaksne rundt barna. Vi har reflektert og blitt inspirerte til å sjå endå meir på kor viktig dei gode møta i kvardagen er.

Sitatet vi bar med oss gjennom dagen var:
“It’s not the program that changes people — it’s the people.” – Howard Bath

Dette minner oss på at det er vi som skapar endring gjennom varme, tryggleik og ekte møte med barna.

Tusen takk til Brit Rustad som i dag heldt eit svært viktig førstehjelpskurs for lærarane ved Fløgstad skule.Førstehjelp...
12/11/2025

Tusen takk til Brit Rustad som i dag heldt eit svært viktig førstehjelpskurs for lærarane ved Fløgstad skule.
Førstehjelpskunnskap er heilt avgjerande i arbeidet vårt med barna. Når me veit korleis vi skal handle raskt og riktig i ein akuttsituasjon, skaper vi større tryggleik – både for elevane og for oss sjølve.
Takk for eit grundig, engasjerande og nyttig kurs som gjev oss større tryggleik i kvardagen!

Bøker og moderne teknologi kan gå hand i hand 📱💡  Denne veka har elevane lese eventyr frå ulike land, og laga sine eigne...
12/11/2025

Bøker og moderne teknologi kan gå hand i hand 📱💡
Denne veka har elevane lese eventyr frå ulike land, og laga sine eigne lydbøker på norsk.

🎧 Skann QR-kodane på veggen og lytt til stemmene deira – eit møte mellom forteljing, kultur og teknologi.
Lesing kan vere både lærerikt, kreativt og gøy! 📚🤩

Matematikk i praksis!I dag har vi jobba i djupna med boka Den fantastiske bussen – og teke matematikken ut i verkeleghei...
05/11/2025

Matematikk i praksis!

I dag har vi jobba i djupna med boka Den fantastiske bussen – og teke matematikken ut i verkelegheita! Elevane har målt lengde, breidde og høgd på ein buss, og telt hjul, vindauge og seter.

Slik oppdagar vi korleis matematikk finst overalt – også i ein heilt vanleg buss!

Adresse

Kongsveien 48
Sauda
4200

Telefon

+4792869593

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fløgstad skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Fløgstad skule:

Snarveier

Del