05/09/2025
Mon tro om vi noen gang finner løk tyven..
Kor vart det av løken?
Då me frå Ungkraftfondet fekk,
ein flott og kjekk sjekk,
blei gleda sikkeleg stor
både for liten og stor.
Med pågangsmot og song
starta me med ein gong.
Frø og utstyr blei handla,
ingen ting skulle mangla.
Draumen var å hauste frå eigen hage
når me mat skulle lage.
Det vart forkultivering, såing, bøy og tøy.
Dugnad i lag, var jammen skøy.
Nøgde var me då alt var på stell.
Frø og planter i jorda og sola på hell.
No var det berre å vente
på at me grønsakene kunne hente.
Då sommarbarnehagen i Veslefrikk var gjort
og me forventningsfulle atter gjekk inn Leabøen sin port,
var me skikkeleg, skikkeleg spente!
Lite visste ME kva som var i vente…
Litt ugras hadde me fått,
men noko hadde vokst og blitt skikkeleg godt.
Men i eine plantekassen var alt VEKK!!!
Var den gått lekk?
All den fine løken var som sunket i jorda.
Kven kunne DEN ha fora?
Ingen spor av korkje planter, ugras eller andre rester.
Godt gjort å hauste ein kasse med løk utan at noko seg fester.
Kun ein kasse full av mørk jord utan spor.
De kan tru dette var leit.
Slett ikkje greit.
Porten til grønsakshagen vår var framleis låst og lukka.
Altså, ingen dyr som hadde vore og plukka.
Så då lurar me på kva det er for ein “gjøk”
som har stukke av med vår løk.
Håpar løken gav DEG glede!
For oss i Leabøen er dette kun blitt eit mysterie og gitt oss vrede.
Barna i Leabøen barnehage planta gul løk i grønsakshagen sin i vår, og hadde planlagt å lage god suppe. Då oppdaga dei at nokon har stole all løken, og så skjult spora sine.