Sagvåg skule

Sagvåg skule Velkommen til Sagvåg skule på Facebook!

Plast blir ikkje borte.Andre klasse har lært om at plast som havner i naturen ikkje forsvinn, men blir til microplast. D...
21/05/2026

Plast blir ikkje borte.

Andre klasse har lært om at plast som havner i naturen ikkje forsvinn, men blir til microplast. Dette er skadeleg for naturen vår. Elevane har samla plast på skuleområdet. Torsdag tok me turen til Sætravikjo, der fann me ein del plast i stranda som me pukka med oss. Plastflaskene me fann, leverte me til ein panteautomat.

https://www.sagvagskule.no/plast-blir-ikkje-borte

Tekst & foto: Laila Gjøsæter

Tur til Melkevikjo1. og 6. klasse har hatt ein strålande tur til Melkevikjo. Me har utforska yrande strandliv, helst på ...
21/05/2026

Tur til Melkevikjo

1. og 6. klasse har hatt ein strålande tur til Melkevikjo. Me har utforska yrande strandliv, helst på små og store krabbar, og jammen fekk me besøk av isbilen til Best’n til Johannes også! Heldige oss!

https://www.sagvagskule.no/tur-til-melkevikjo

Tekst& foto: Ingrid Kvernenes Misje

Leirskule dag1Me er allerede godt i gang med å vera på leirskule. Me starta med ein bli-kjent-tur i området, og dei tøff...
18/05/2026

Leirskule dag1

Me er allerede godt i gang med å vera på leirskule. Me starta med ein bli-kjent-tur i området, og dei tøffaste har allerede bada. Isen gjekk for to veker sidan, så det var ikkje noko problem å finna vegen ned i vatnet. Nokon har vore på fisketur, og me er godt i gang med å gjera kjøkenteneste. Dette kan fort bli ei veldig fin veke -:)

https://www.sagvagskule.no/leirskule-dag1

Tekst: Egil Petterteig – Bilder Ingeborg Toft Nerland/Egil Petterteig

Besøk av alelam🐑Så kjekt at Maria og Jørgen sporty stilte opp og kom oppom på besøk i storepausen med to alelam. Det var...
18/05/2026

Besøk av alelam🐑

Så kjekt at Maria og Jørgen sporty stilte opp og kom oppom på besøk i storepausen med to alelam. Det var veldig koseleg for elevane🫶🏻

Til vanleg høyrer desse fine lamma til på vakre Borgundøy🤗

https://www.sagvagskule.no/besok-av-alelam🐑

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro

Me er klare for 17.mai! 🇳🇴Som alltid på siste skuledag før 17.mai, har me hatt øving på nasjonalsong og tog. Status for ...
13/05/2026

Me er klare for 17.mai! 🇳🇴

Som alltid på siste skuledag før 17.mai, har me hatt øving på nasjonalsong og tog. Status for 2026 er:
Veldig bra samling på toget, fin flaggføring, bra heiarop, og god guff på nasjonalsongen! No gler me oss til den store dagen!

https://www.sagvagskule.no/me-er-klare-for-17-mai

Tekst & foto: Egil Petterteig

Newtonrommet 👩‍🔬Lars BakkaI dag har 1. klasse vore på Newtonrommet på NUS og vore forskarar. Me fekk laga oss ein fantas...
07/05/2026

Newtonrommet 👩‍🔬

Lars Bakka
I dag har 1. klasse vore på Newtonrommet på NUS og vore forskarar. Me fekk laga oss ein fantastisk som me programmerte til å svømme i ein dam. Me rakk òg ein tur i buldreveggen. Ein kjekk dag.

https://www.sagvagskule.no/newtonrommet-👩🔬

Tekst & foto: Lene T Almås

27/04/2026

Ein elev fann i dag eit ID-kort og eit Bankkort på veg til skulen. Han tok vare på det og gav det til administrasjonen. Det låg nær eit busstopp på Jensanesvegen. Dei ligg no i administrasjonen på skulen, om nokon veit at dei saknar korta sine.

Mellomsteget torsdag ettermiddagEi lita kjapp «skulevandring» torsdag ettermiddag, viste at det i mellomsteget vert jobb...
09/04/2026

Mellomsteget torsdag ettermiddag

Ei lita kjapp «skulevandring» torsdag ettermiddag, viste at det i mellomsteget vert jobba med eit variert utval av aktivitetar. 6.klasse jobba med programmering av Micro:bit, 7.klasse jobba med Edvard Grieg i musikken, og 5.klassse hadde leksetid, med tid til diverse arbeid som må gjerast før veka er omme.

https://www.sagvagskule.no/mellomsteget-torsdag-ettermiddag

Tekst og bilete: Egil Petterteig

Eit magiskmøte med lyset 🎞️📷Det var ein veldig gøy og annleis oppleving 7. klasse fekk då Øyvind Hjelmen kom på besøk. E...
26/03/2026

Eit magiskmøte med lyset 🎞️📷

Det var ein veldig gøy og annleis oppleving 7. klasse fekk då Øyvind Hjelmen kom på besøk. Elevane fekk læra mykje om kva som skjer når ein fotograferer, og heilt spesielt vart det då dei fekk tatt bilete med sitt eige kamera som var laga av papp!

www.sagvagskule.no

Foto: Kari Myhre & Ingeborg Toft Nerland

Afternoon tea🫖🇬🇧Afternoon tea var tema på Mat og Helse i dag i samband med London tema i engelsk, og pizzapiratane i 6. ...
11/03/2026

Afternoon tea🫖🇬🇧

Afternoon tea var tema på Mat og Helse i dag i samband med London tema i engelsk, og pizzapiratane i 6. Var flinke og Laga god mat. Det var godt med sandwich, scones, muffins og te.

Tekst & foto: Linda Elisabeth Berg

Adresse

Fitjarvegen 120
Sagvåg
5410

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sagvåg skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del