Halsnøy friskule

Halsnøy friskule Privatskule på Halsnøy i Kvinnherad Kommune Det er etablert eit interimstyre som jobbar for ein kristen privatskule på Halsnøy . Kva er ein kristen privatskule?

I dette styret sit Lisbeth Medhus, Odd Einar Simonsen, Per Gunnar Nordbø og Ingunn Koløy. Ein kristen privatskule er ein skule som baserer drifta si på eit kristent verdigrunnlag. Dette medfører at me får eit Krl fag, (slik det var i heile Noreg for nokre år sidan), der hovudvekta i faget blir Kristendom. Skulen har ei felles morgonsamling, der ein har «Ord for dagen» på om lag 5 minutt + informasjon om skuledagen elles. Utanom desse tinga, vil ein skuledag ved denne skulen verta ganske lik ein skuledag på ein kva som helst kommunal skule. Gjennom å oppretta ein kristen privatskule, vil ein få den skuleformen som er mest lik den vi har i dag når det gjeld undervisning og struktur. Ein vil oppretta timedelinga (undervisning og pausar), samt halda fram med den ordinære undervisninga med klasserom, klasseinndeling og lærarar. Vil denne skulen berre bli for kristne elevar frå kristne familiar? Nei, absolutt ikkje! Dette er ein skule for alle som ynskjer å gå der. Vi er overtydde om at nettopp tydelegheita i verdigrunnlaget til skulen vil skapa rom for refleksjonar og sjølvstendig tenking kring store og små spørsmål ved livet. Alle skular påverkar, anten dei har eit uttalt livssynsgrunnlag eller ikkje. Det at kristne skular er tydelege på kva påverknad dei gjev, dannar eit godt utgangspunkt for refleksjon og sjølvstendige avgjerdsler for både elevar og foreldre. Det ligg i det kristne menneskesynet at alle har krav på respekt, uansett tru og meiningar. Kristne skular er svært populære skular, som etter kvart har fått store elevtall der dei er starta. Skulen kan bli ein kvalitetsskule for heile ytre delen av Kvinnherad. Kvifor kristen privatskule på Halsnøy? Me ynskjer ein privatskule med eit kristent verdigrunnlag. Me ynskjer å vere eit fullgodt alternativ og eit supplement til den kommunale skulen i kommunen. Det er ein kristen kulturarv dette Noreg er bygd på, og dette ynskjer me å ta vare på. Gjennom privatskulen ynskjer me å bidra til ei kompetanseheving i kommunen. Noreg kjem dårleg ut på nasjonale prøvar samanlikna med resultata internasjonalt. Statistikkar visar at private skular jamt over har høgare gjennomsnittskarakterar og betre læringsmiljø. Desse gode resultata bidreg til at elevar og lærlingar frå kristne privatskular er etterspurt i næringslivet. Me ynskjer å ta vare på lokalsamfunnet. Det er for mange ein tryggleiksfaktor å ha kunnskap om miljøet borna vankar i. Det at det er ein mindre størrelse på skulen gjer at lærarane kjem tettare inn på elevane. Fleire lokale verksemder har skuleelevane som ei viktig inntektskilde, og flyttar ein ungdomsskulen så flytta ein sentrum også. Næringslivet ser positivt på å oppretta eit privat alternativ for å sikre tryggleik i framtida. Den usikkerheten kommunen har skapt i ei årrekke anngåande nedlegging av Øyatun skule har skapt interesse for at me trygger framtida for Halsnøy.. Søknadsfristen om privatskule er 1. april og får me godkjent søknaden , tar me sikte på å starta allerede hausten 2015. Dersom alt går i orden. Me håpar lesarane går mann av huset til Informasjonsmøte 19. februar. Alle er hjarteleg velkomne . Mvh Interimstyret.

10/11/2019

Hei
Det registreres at ledelsen i kommunen igjen utfordrer politikarane til å vurdere å legge ned skular.

På tross av at Halsnøy allerede har "bidratt" og lagt ned tre skular (Arnevik, Tofte og Hauge) er igjen Øyatun ungdomsskule nevnt som kandidat.

Også for fire år sidan trua kommunen ungdomsskulen vår. Som tilsvar den gongen vart Halsnøy Friskule AS etablert og oppnådde godkjenning for skuledrift fra UDIR.
Skulen skulle være eit alternativ dersom politkarane skulle finne på å legge ned Øyatun.

Det skjedde ikkje den gongen og me håpar det fins gode løysningar også denne gongen for ungdomsskulen vår.

22/04/2015

Utdanningsdirektoratet har bekreftet mottak av vår søknad om godkjenning av Halsnøy Friskule. Det er søkt om å kunne starte opp ungdomsskule med godkjenning fra hausten 2016.
Etter mottak av ein eventuell godkjenning frå Udir må skulen startes opp innen 3 år.

02/12/2014

Halsnøy Friskule As formelt stifta.
Det har idag 2.des.2014 blitt avholdt stiftelsesmøte på Halsnøy Samfunnshus kl.17.
Styret består :
Styreformann: Kjartan Mehammer
Styremedlem : Knut Egil Benjaminson
Styremedlem: Lisbeth Medhus
Styremedlem: Ingunn Koløy

20/02/2014

Oppsummering av informasjonsmøtet på Halsnøy Samfunnshus 19. februar. Kl.20
Det var ca 60 fremøtte på samfunnshuset. Ein del lærarar , foreldre og andre interreserte. De fremøtte var engasjerte og stilte gode spørsmål .
Ingunn Koløy leda informasjonsmøtet
Interimstyret består av Lisbeth Medhus , Odd Einar Simonsen, Per Gunnar Nordbø og ingunn Koløy.
Geir Martin Økland var også invitert til å snakke om sine erfaringar .
Geir M Økland er Opprinnelig fra Tysnes, no busatt på Stord. Han er utanna lærar. Han Har jobba på kommunalskule, Montesorri, og jobbar nå på Danielsens skule i Haugesund.
Han er og ein av initiativ takarane til Stord Kristne skule. Dei sente søknad i fjor før 1. april, og ventar svar på godkjenning kor tid som helst. Så dei ligg ett år foran oss i prosessen.. Geir M Økland sa at dei hadde vurdert å starta ein kristen montesorriskule, men siden det var ein ungdomsskule dei sikta seg inn på, falt det på ein kristen privat skule som det beste alternativet. Montedorri opplegget har best effekt i barnehage og barne skule, og effekten i opplegget har mindre effekt etter som eldre du blir, og hvis ein skal starte ungdomsskule og elevane ikkje har hatt gått på montesorri i barne trinnet slik det er her, så vil han ikkje anbefala ein montesorri skule.)

Her er noko av informasjonen interimstyret gav.
Me ynskjer ein kristen privatskule på Halsnøy som baserer drifta si på eit kristent verdigrunnlag. Me ynskjer at barn og ungdom i dag skal voksa opp med kunnskap og erfaring om det kristne grunnsyn og få dei kristne verdiane inn att i Samfunnet. Det er den kristne kulturarven dette landet er bygd på, og det ynskjer me å ta vare på.
Vil denne skulen berre bli for kristne elevar frå kristne familiar , spør gjerne folk? Nei, absolutt ikkje! Dette er ein skule for alle som ynskjer å gå der. Vi er overtydde om at nettopp tydelegheita i verdigrunnlaget til skulen vil skapa rom for refleksjonar og sjølvstendig tenking kring store og små spørsmål ved livet. Alle skular påverkar, anten dei har eit uttalt livssynsgrunnlag eller ikkje. Det at kristne skular er tydelege på kva påverknad dei gjev, dannar eit godt utgangspunkt for refleksjon og sjølvstendige avgjerdsler for både elevar og foreldre. Det ligg i det kristne menneskesynet at alle har krav på respekt, uansett tru og meiningar. Kristne skular er svært populære skular, som etter kvart har fått store elevtall der dei er starta. Skulen kan bli ein kvalitetsskule for heile ytre delen av Kvinnherad.
Det har vert svært positive tilbakemeldingar anngåande dette iniativet. Me har intrykk av at Storleiken av folket ynskjer dette tilbodet velkommen. Ordfører ynskjer å samarbeida og Komunalsjef Anne Sofie Kjeka tenkjer at konkurannse hevar kvaliteten også i den komunnale skulen. Me ynskjer ikkje å vera ein konkurranse til Øyatun men ett suplement og godt alternativ. Øyatun er ein god skule med flinke lærarer., med høg kompetanse. Me har stor respekt for den skulen som er her idag. Men skal me starta ny skule så må me alltid ha mål om å bli endå bedre. Då siktar me høgt, for Øyatun har god kompetanse idag, Og me ynskjer å henta lærar krefter frå Øya vår. Så me håpar at lærarane på Halsnøy søkjer til denne skulen.
Privatskolelovens paragraf 1.1 sier at målet med skolegangen bl.a er å utvikle personligheten, respekt for grunnleggende verdier og å forberede eleven for ett ansvarlig samfunnsliv. Elevene skal få utvikle sine evner til beste for sine medmennesker. Lærarer på private skular er engasjerete, i elevane.. Unge i dag treng å bli sett og forstått.
For foreldrene vart det gjort ein spørreundersøkelse i barnehagar og barneskule i desember 2013 på Halsnøy , om folket ynskja eit privat alternativ dersom Øyatun blir lagt ned i 2016. Av dei 67 som svarte på undersøkelsen, var det 61 stk som svarte JA til privat ungdomskule og i tillegg 4 stk som svarte JA med forbehold om ein bestemt skuletype. Det var 2 stk som svarte NEI til privat ungdomskule på Halsnøy, dersom Øyatun vert lagt ned i 2016. I prosent utgjer dette; 97% har svart JA, deriblant 6% med forbehold om skuletype og 3% har sagt NEI.
Me har valgt å gå for Kpnett sin opplæringsplan. «KP-nett er eit nettverk mellom kristne friskular, som på sjølvstendig basis ønskjer fellesskap med andre skular. Nettverket er åpent for alle kristne grunnskular som ønsker å delta. En forutsetning for å vere med er at man er villig til å dela dei økonomiske forpliktelsane som skulane i nettverket er blitt enige om.
KP-nett har som formål å driva utviklingsarbeid basert på skulane sine godkjenningar som religiøse alternativ, og basert på godkjente læreplaner.
Det som også er positivt med KP-nett er at skulen og rektor har ein organisasjon i ryggen. Rektorane møtes 4-6 ganger i året. Dette er møter hvor en til enhver tid følger opp arbeidet med gjeldande handlingsplan.Der ein kan ta opp utfordringar og dele fagpplanar. Dersom nokon har andre utfordringar ,så er det også greit å ta opp i et slikt forum. Kpnett har også en egen godkjent KRL plan.
Me har valgt å tegne aksjeselskap, og har i den forbindelse invitert nokon som eigarar til skulen. Samtidig er me anbefalt å ikkje ha for mange eigarar. Me har sent forspurnad til dei kristne organsisajonane på øya. Me veit ikkje kva regjering og storting vil bestemma i framtida anngående kven som får starte privatskular. I dag er det kun på religiøst grunnlag eller med ett alternativt opplæringsopplegg (Monte Sorri) som får starte skuler. Så for å ta vare på det Kristne verdigrunnlaget også i framtida har me tilbudt dei ei aksje kvar.
Me ynskjer dette skal vere ein skule for folket, derfor har me og invitert nokon få firma..For me ynskjer den balansen det gir og kompetansen dei set på.. Interimstyret har og mulighet å kjøpe ei aksje kvar. Kvar bedrift/organisasjon/iniativtakar får 1 stemme som eigar i generalforsamlingen. Dette for å gi alle mulighet til å vera med, og samtidig ha balanse slik at ingen eigarar kan kuppe skulen. Aksjeselskap innan for skule er annleis enn vanleg aksjeselskap, i vanleg aksjeselskap er det eigarane som bestemmer. Under privatskoleloven er det styret som er innsatt av eigarane som styrer skulen og er skulens øverste organ. Eigarane treng ikkje sitte i styret .Som eigarar i ein skule har ein ingen økonomisk utbytte av å vere med som eigar.slik som i andre aksjeselskap. Det er regulert av privatskulelova, og Privatskulelova står over aksjelova i eit aksjeselskap .Alt overskudd går til skulen og skulens elevar
Som sagt ynskjer me dette skal vere ein skule for folket og vil derfor tilby alle personar og firma som ynskjer å få kjøpa B-aksjer. Det vil sei at ein har møterett i generalforsamlingen og uttalelsesrett ,men ikkje stemmerett. Ei B_-aksje kostar kr.1000,- pr stk Hvis ein ikkje ynskjer B-aksjer kan ein likevel vere med å støtte skuleprosjektet.. Å starte skule krev ressurrsar og er ett økonomisk løft, både når det gjeld skulebygg, læringsbøker og å arbeidet med å starte opp. Så me ynskjer gjerne dykkar engasjement. så dersom ein ynskjer å gje eit eingongsbeløp eller ha eit fast trekk i månaden så kan det ordnast. .
Eit Eksempel: Hvis 1000 stk ,ca halve halsnøy gjev 100 kr pr mnd kvar til prosjektet utgjer det 100000,- i månaden. Det fortel kor viktig ditt bidrag er, så om du ynskjer å bidra mykje eller lite, har det stor verdi.
Det var fleire som gjekk inn på fast givartjeneste etter møtet, det set me pris på, men me treng fleire givarar. Ta kontakt om du ynskjer å bidra antan med eit eingongsbeløp, fast månedstrekk eller ynskjer å kjøpe B-aksje.
Me har to personar til styret det er Styreformann Lisbeth Medhus og styremedlem Ingunn Koløy .Styret kan ha 2-6 medlemmer. Det er anbefalt å ha brei kompetanse i styret. Eksempel er politiker, økonom, menighets representant, lærer, osv. Me ynskjer svært gjerne innspel til mulige kandidatar. Både til styre og arbeidsgruppe og prosjekt.
Ein av interimstyret har vert på kurs hos kff, kristne friskolers forbund, om korleis starte kristen privatskule. Der gjekk ein gjennom blant anna gjennom, vedtekter, inntaksreglement, budsjett og sjølve søknadsproseesn. Me er godt igong med søknaden. Og store delar av søknaden er klar, den biten som me har ein del att i er skulebudsjett, og prognosar og dokumenterte undersøkingar kring etablering av kristen skule på Halsnøy
Me søkjer 1-10 .skule men skal starta ungdomsskule 8-10,grunnen for å søke 1-10 er søknadsprosessens varighet. søknadsfristen er 1.april 2014 og me ligg godt an i prosessen.Under forutsetning at utdanningsdirektoratet godkjenner søknaden, og alt går i orden ser me for oss å starte opp høsten 2015. Me må ha 15 elevar for å starte skule. Me får statstilskot, noko mindre enn det offentlege og må dermed ha skulepengar. Skulepengane ligg rundt 1200,- i månaden i 10 månader, søsken får halv pris. Målet er å få så mykje gaver og støtte inn at skulepengane skal bli sponsa eller så lave som mulig.
Godkjent undervisningslokale ynskjer me å komme tilbake til og jobbe med seinare i prosessen. No konsentrerar me oss med å få informasjon ut ,samstundes som me jobbar med søknaden og aksjeselskapet.
Etter informasjonen åpna for spørmål og komentarar fra folk i salen.Kjartan Mehammer var ordstyrar. Han utførte det på ein glimrende måte og folk var engasjerte og positive, og stilte mange gode spørsmål .
Me er takksame for alle som møtte opp og kom med gode innspel og spørsmål til interimstyret. Og takk til dei som ynskja å bli faste givarar og kjøpte B-aksjar til prosjektet. Det er enno mogeleg å vere med på dette. Ta kontakt om det skulle vera ynskjeleg. Mvh Interimstyret.

19/02/2014

Velkommen til Informasjonsmøte ikveld kl.20 på Halsnøy Samfunnshus.

17/02/2014

Positiv Uttale av Ordfører Synnøve Solbakken Og Kommunal sjef Anne Sofie Kjeka i Kvinnheringen idag vedrørende Kristen Privat skule alternativ på Halsnøy.

16/02/2014

Vær med å gi navn til skulen! Me ynskjer innspel og forslag til navn på den nye skulen .De kan skrive forslag på navn fram t.o.m. 20. februar.

13/02/2014

Minner om infomøte på Halsnøy Samfunnshus onsdag 19/2 kl.2000. Her er alle både unge og eldre hjarteleg velkomne, både til å lytte og til å stilla spørsmål til arbeidsgruppa.

Direkte intervju vedrørende kristen privatskule på radio folgefonn idag kl.1015. Gå inn på www.radiofolgefonn.no og tryk...
13/02/2014

Direkte intervju vedrørende kristen privatskule på radio folgefonn idag kl.1015. Gå inn på www.radiofolgefonn.no og trykk på nettradio hovudkanal.

Adresse

Halsnøy
Sæbøvik
5454

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Halsnøy friskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del

Type