Sæbø barnehage

Sæbø barnehage Sæbø barnehage er ein kommunal barnehage i Ørsta kommune. Følg oss for å sjå nyhende, aktivitetar og tema frå barnehagen på tidslina di.

Sida skal ikkje bli nytta til diskusjon. Om vi ser kommentarar som oppfordrar til det, vert dei sletta.

Ei fantastisk veke går mot slutten 🌿Markeringa av friluftslivets veke har bydd på mange høgdepunkt for store og små. Vi ...
13/09/2025

Ei fantastisk veke går mot slutten 🌿
Markeringa av friluftslivets veke har bydd på mange høgdepunkt for store og små. Vi har fått meistra nye ferdigheter og tilegna oss ny kunnskap - både om livet i fjøra og om livet i skogen.
Barna har vore på oppdagingsferd i skogen, funnet mange ulike blomar og vekstar, og til og med bygd ei lita bru over ein bekk. Vi har blitt rågode på å finne krabber i fjøra, nokre har til og med klart å fange småfisk blandt fjøresteinane 😄

Dagene har starta med frukost ute - med nydelig utsikt frå både kapteinskvia og naustet. Det har vore heilt magisk 🌟
Vi har også lagd eigne kullstifter og teikna med dei, skapt kunstverk i naturen, og delt gode måltid og opplevingar saman med venner ❤️

Vi er utrolig heldige på Sæbø som har kapteinskvia så nært, og vi vil takke bygdefolket for at vi har mulighet til å bruke området når vi er på tur 😊
Tusen takk til alle føresatte som har bidrege til at denne veka blei så minnerik💚
En ekstra stor takk til Alexander og Benedicte for at vi fekk låne naustet! 😄

«Saman ryddar vi Noreg»På Tua har vi i dag markert starten på strandryddeveka 2025🌿🐾Heldigvis fann vi ikkje så mykje bos...
12/09/2025

«Saman ryddar vi Noreg»

På Tua har vi i dag markert starten på strandryddeveka 2025🌿🐾Heldigvis fann vi ikkje så mykje boss, men det vi oppdaga vart plukka opp og tatt med tilbake til barnehagen. No oppfordrar vi alle saman, både små og store, om å både plukke boss ein finn i naturen, samt vere bevisst på kva ein kastar frå seg ute. Når vi er så heldige at vi får vekse opp i verdas finaste fjord må vi sjølvsagt også hugse på å ta godt vare på dei fine omgivnadane omkring oss!💚

♥️Tusen takk til Joker Bellingen As som overraska oss med nye refleksvestar! Vi gler oss stort til å ta dei i bruk! 🥰
25/08/2025

♥️Tusen takk til Joker Bellingen As som overraska oss med nye refleksvestar! Vi gler oss stort til å ta dei i bruk! 🥰

07/07/2025

Sæbø barnehage treng både vikar i nokre vekers vikariat og ringevikarar i august. Har du lyst til å jobbe hos oss, eller kjenner nokon som kan ha lyst til det?
Ta kontakt med Astrid. På 91731845 eller [email protected] 🤗

Del gjerne! 🌼

Førskulegruppa i Sæbø Barnehage reiste på avslutningstur til HAKALLEGARDEN på fredag, og gjett om vi hadde ein fin dag!!...
24/06/2025

Førskulegruppa i Sæbø Barnehage reiste på avslutningstur til HAKALLEGARDEN på fredag, og gjett om vi hadde ein fin dag!!
Vi hadde ein innhaldsrik dag med mange opplevelsar og aktivitetar; vi fekk mate dyr med både flaske og brød. Kose, klappe og erfare at store dyr ikkje er så skumle som dei kanskje kan virke.

Vi fekk sitte på i traktortilhengaren og køyre ned til Hakallestranda, til og med hundane var med på turen i tilhengaren ☺️
Til lunsj grilla vi pølser inne i lavvoen, og etter lunsj fekk ungane ta ei runde på hesteryggen på ein kjemperoleg og fin Islandshest 🥰

God og munter stemning i minibussen/bilane både til og frå, gjorde at turen ikkje opplevdes så lang som den var!

Tusen takk til Marit, Aina og Olav for ein minnerik dag for både barn og vaksne i Sæbø Barnehage 🥰

"Åj! Her oppe fra ser vi heile Sæbø, så stort det er! Det ser så lite ut når vi er der nede.." - 6åringFredag 13. juni g...
16/06/2025

"Åj! Her oppe fra ser vi heile Sæbø, så stort det er! Det ser så lite ut når vi er der nede.." - 6åring

Fredag 13. juni gjekk turen til Gunnarråsa, eit mål vi har satt for alle førskulebarn som går i Sæbø Barnehage.
Med 15 barn starta vi turen. Trass varmen, flugene og nokre ganske bratte parti (og alle maurane som hadde stormøte midt i råsa) kom vi oss opp, alle mann alle! Då var det godt å få seg ein liten bit sjokolade, og masse god lunsj!

🌊Kunst og bållukt i fjøra! 🎨🔥Denne veka har vi tatt med oss nysgerrigheten og skapartrangen heilt ned i fjørekanten! Her...
06/06/2025

🌊Kunst og bållukt i fjøra! 🎨🔥

Denne veka har vi tatt med oss nysgerrigheten og skapartrangen heilt ned i fjørekanten! Her har vi utforska dei mange spennende sortane med brune alger - nokre glatte, andre taggete, nokre hadde bobler, og alle fulle av artige former og linjer.
Barna har gått på jakt i fjøra, utstyrt med bilete av dei ulike typene tang vi vanlegvis finn langs kysten. Med stor iver har dei funne både grisetang, sagtang, blæretang og sauetang. Navna på disse algene har vore opphav til mange gode refleksjonar og artige kommentarar.

Vi tok med oss ein god del tang tilbake til barnehagen, der barna fekk lage trykk-kunst med sjøens eigen skatt! Resultatet blei heilt unike kunstverk med inspirasjon frå naturen.

Og kva er vel ein dag i fjøra uten bål?🔥 Vi samla drivved, tente bål og laga grønnsakssuppe med tørket og fersk blæretang - for å få den ekstra umami-smaken i suppa vår. Ingenting smaker så godt som varm mat med utsikt over fjorden og glade barn i aktivitet! 😊

Barna imponerte med kreativitet, samarbeid og ein enorm iver etter å lære. Ei veke full av sanseopplevingar, undring og meistring - akkurat slik vi likar det i Sæbø barnehage 💚

I årsplanen vår vert det lagt vekt på at barna er verdifulle, kompetente og sosiale menneske. "Dei er små menneske som k...
26/05/2025

I årsplanen vår vert det lagt vekt på at barna er verdifulle, kompetente og sosiale menneske. "Dei er små menneske som kan og vil". Vår oppgåve er å legge til rette for situasjonar der barna både vert utfordra til å lære nye ting, men samtidig at dei får kjenne på følelsen av meistring og fellesskap✨

Ved hjelp av motiverande vennar, god støtte, felles undring langs vegen, ei hand å halde i og stort engasjement greidde samtlege på Tua å komme seg opp alle bakkane til Gapahuken før helga. Vi ser tydeleg verdien av fellesskap og det å ta omsyn til kvarandre - særleg når barna har ulik alder. Det å t.d vente på kvarandre eller tilby ei hand til den som treng det gir mykje glede og motivasjon. Meistringskjensla er viktig for at vi skal ønske å utforske og utfordre oss meir - og ekstra god vert denne kjensla når vi får dele den med andre🩵

Idag har heile barnehagen vore samla til felles 17.mai-feiring🇳🇴 Vi har øvd oss på å gå i tog, vifte med flagg og rope h...
16/05/2025

Idag har heile barnehagen vore samla til felles 17.mai-feiring🇳🇴 Vi har øvd oss på å gå i tog, vifte med flagg og rope hurrarop. Som vanleg stoppa vi for å synge både utafor Bellingen og inne på Hjørundfjordheimen - stor stas for alle aldersgrupper🥰 Då vi kom tilbake var det tid for å få mat, og førskulegruppa hadde pynta langborda med flotte blomster. Medan vi venta på at kiosken skulle opne slik at vi skulle få brukt pengane våra, fekk vi pynte dukane med eigne teikningar. Etter lunsj var det tid for 17.mai-leikar - her var det stort engasjement og god innsats blant samtlege! No gler vi oss veldig til den store dagen imorgon☀️🍓 Hipp hipp hurra!

I rammeplanen står det at «barnehagen skal bidra til kunnskap om og erfaring med lokale tradisjoner, samfunnsinstitusjon...
12/05/2025

I rammeplanen står det at «barnehagen skal bidra til kunnskap om og erfaring med lokale tradisjoner, samfunnsinstitusjoner og yrker slik at barna kan oppleve tilhørighet til nærmiljøet».

I Sæbø barnehage får barna kvart år besøke gardar i nærmiljøet for å få oppleve sauer og dei små lamma på nært hald🐑 Dette er ein tradisjon som gir heilt unike erfaringar med dyr og dyreliv. På Tua var turen til Sæbøneset eit stort høgdepunkt, med både froskeegg, rumpetroll og ikkje minst lam i ulike storleikar. Barna fekk både klappe og kose på dyra, og nokre av lamma ville endåtil smake på skoa våre!! Vi set pris på slike opplevingar og er svært takksame for at vi alltid vert tatt så godt imot når vi besøker gardar i bygda🫶🏻

I dag fekk Symra vere med heile Sæbø skule å gå fredsmarsj! Vi ville markere at det er 80 år sidan frigjeringa av Norge....
08/05/2025

I dag fekk Symra vere med heile Sæbø skule å gå fredsmarsj! Vi ville markere at det er 80 år sidan frigjeringa av Norge.
Alle gjekk med 🇳🇴-flagget til topps med rungande musikk frå høgtalaren. Etterkvart som vi gjekk vart lyden av musikken svakare og svakare og ved Risetrappa måtte vi på Symra avslutte vår fredsmarsj og leike litt før vi returnerte til barnehagen.
Skule-elevane derimot, gjekk heilt til Holebrua før dei snudde.

I rammeplanen står det at barna skal få moglegheit til å sanse, oppleve, leike, lære og skape med kroppen som utgangspun...
03/03/2025

I rammeplanen står det at barna skal få moglegheit til å sanse, oppleve, leike, lære og skape med kroppen som utgangspunkt.

Sansing, utforsking og leik spelar ei sentral rolle i kvardagen vår, og i februar har vi på Tua hatt ekstra fokus på ulike sanseopplevingar. Vi har vorte betre kjent med alle sansane, og den siste veka hadde vi ekstra fokus på den taktile sansen, der barna fekk utforske både med hendene og føtene. Vi gjor oss ulike erfaringar; cornflakesen knasa når vi trakka på den, risen klistra seg til føtene medan malinga gjorde underlaget meir glatt. Å utforske er både spanande og lærerikt, og det er ekstra kjekt når vi får gjere det ilag🥰

Adresse

Skuleplassen 7B
Sæbø
6165

Åpningstider

Mandag 07:00 - 16:30
Tirsdag 07:00 - 16:30
Onsdag 07:00 - 16:30
Torsdag 07:00 - 16:30
Fredag 07:00 - 16:30

Telefon

+4746801495

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sæbø barnehage legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Sæbø barnehage:

Snarveier

Del