Sæbø skule

Sæbø skule Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Sæbø skule, Grunnskole, Søre Austmarka 4, Sæbövagen.

No er det ferie for gjengen på Sæbø skule  😁 Vi vil ønskje alle ein riktig fin sommar og takke for samarbeidet dette sku...
02/07/2025

No er det ferie for gjengen på Sæbø skule 😁 Vi vil ønskje alle ein riktig fin sommar og takke for samarbeidet dette skuleåret👏 Vi ligg bak oss eit år fult av aktivitetar, læring, mangfold, leik og glede. Dette skuleåret har også avslutta litt spesielt då vi no har takka av fleire i personalet ved skulen vår.❤️ Vi ønskjer alle dei lykke til vidare med det dei skal til med. Samtidig gler vi oss over det nye personalet ved skule frå hausten av!

Skulen vår er den flottaste i mils omkrets😉 Ta godt vare på den igjennom sommar, men bruk den flittig✨️🫶
SFO opnar opp igjen 1.august for alle dei som er påmeldt den 11.mnd. Ellers sjåast vi til skulestart🎈⚽️☀️

21/06/2025
☀️ Tenk å få vakne opp UTE til soloppgang ein heilt vanleg torsdag. Det har 5.trinn fått oppleve i dag ☀️🌿 Friluftslivet...
22/05/2025

☀️ Tenk å få vakne opp UTE til soloppgang ein heilt vanleg torsdag. Det har 5.trinn fått oppleve i dag ☀️

🌿 Friluftslivets år 2025 på Sæbø skule! 🌿

Dei neste vekene blir fulle av aktivitetar ute – med alt frå frisbeegolf og orientering til uteskule, overnatting ute og kunst i naturen! 🧭🔥🎨🌲

Vi hadde eit flott «kickoff» med Håvard Hauge frå BUA den 15. mai, og no er vi i full gong med ulike tema på kvart klassetrinn.

Men kva gøyme seg bak alle prosjekta? Det skal de få sjå på Open dag i juni der temaet vårt er «Friluftslivets år 2025». Det vert spennande innslag frå både små og store elevar!

⛺️Me gler oss til å vise fram friluftsglede og kreativitet!👩‍🎨

Om de heime vil låne utstyr til aktivitetar, vil vi gjerne oppmode om å ta i bruk BUA Knarvik eller BUA Manger🎿🏕️

🤩 Flotte nye basketkorgar har kome på plass på Sæbø skule ⛹️‍♂️🏀 Her håpar vi på mykje god aktivitet framover både i sku...
21/05/2025

🤩 Flotte nye basketkorgar har kome på plass på Sæbø skule ⛹️‍♂️🏀 Her håpar vi på mykje god aktivitet framover både i skuletid og fritid 🤩

Vil du bli rektor på Sæbø skule? 🌸Sæbø skule er på jakt etter ein trygg og tydeleg leiar som vil vere med på å vidareutv...
15/05/2025

Vil du bli rektor på Sæbø skule? 🌸
Sæbø skule er på jakt etter ein trygg og tydeleg leiar som vil vere med på å vidareutvikle skulen vår. Vi ser etter deg som er engasjert, inkluderande og har eit hjarte for både elevar og tilsette.

👉 Les meir her:

Stillingstittel: Rektor Sæbø skule (280734), Arbeidsgivar: Alver kommune, Søknadsfrist: søndag 25. mai 2025

Då var den tida på året her igjen. Lysare kveldar og fint vær gjer at aktiviteten på skulen vår tek seg opp. Det er veld...
11/05/2025

Då var den tida på året her igjen. Lysare kveldar og fint vær gjer at aktiviteten på skulen vår tek seg opp. Det er veldig kjekt at skuleplassen vår er i bruk på ettermiddagar og i helger. Det som ikkje er kjekt er at vi den siste tida har hatt mykje hærverk på plassen også. Vi har opplevd øydelagte leikar, knuste vindauger, benkar som vert kvelva og klatra på, og at noko denne helga har øydelagt gummidekket under leikeapparatet.

Vi treng hjelp av dykk i bygda vår no❤️. Det er fint om de tek turen innom skuleplassen når de går forbi. Om borna dykkar leikar i området, treng dei kanskje at du følgjer ekstra godt med. Kanskje dette også er eit fint samtaleemne i heimen?!
Synlege vaksne førebyggjer hærverk!

Vi vil gjerne at alle brukar skuleplassen vår flittig og vert veldig glad når det er mykje aktivitet her. Dette må fortsette slik igjennom heile sommaren difor er det viktig at vi vert flinkare til å ta vare på skulen no.

På førehand: Tusen takk!

09/05/2025

🦋 Om du vil ha deg ein rusletur i helga, så kan vi anbefale å ta turen opp gangvegen frå skulen til Sæbø. Der kan du sjå flott markakunst frå 6.trinn. 🦋

Fort deg før regnet kjem, for då forsvinn fargane 🌈

08/05/2025

📣 Neste år treng vi vikar for Ina Jeanette då ho skal ha eitt års permisjon frå stillinga som SFO-leiar. 📣

Kjenner du at du har ein liten SFO-leiar i magen? Då vil vi gjerne høyre frå deg 😊 Eller kanskje du kjenner nokon som du tenkjer kan passe i stillinga? Då må du oppmode dei om å ta kontakt med oss 😊

08/05/2025

🇳🇴 8.mai på Sæbø skule starta på høgtideleg vis med markering av frigjeringsdagen 🇳🇴 Alle elevane var samla i uteamfiet til flaggheising, appell og song.

Gratulerer med frigjeringsdagen i dag 8.mai til dykk alle frå oss på Sæbø skule 🇳🇴

Hos Monica er døra alltid open! 🩺✨Vi er så heldige som har Monica som helsesjukepleiar på Sæbø skule – alltid raus, god ...
27/04/2025

Hos Monica er døra alltid open! 🩺✨
Vi er så heldige som har Monica som helsesjukepleiar på Sæbø skule – alltid raus, god og til stades for både elevar og tilsette ❤️🙌
Ein dyktig fagperson som betyr utruleg mykje for oss alle! 👩‍⚕️🌟

🔗 https://www.nordhordland.no/hos-monica-er-dora-alltid-open/s/5-33-733238

🔗 https://www.nordhordland.no/no-livnar-det-i-lundar/o/5-33-732720

Tusen takk for alt du gjer, Monica!
Du er gull verdt! 💛🏆💐

Helsesjukepleiaren synest dagens ungdommar er for opplyst: – Dei vil ikkje gjere nokon feil.

Gratulera så mykje med rykande ferskt fagbrev som Barne- og ungdomsarbeider Elisabeth! 🇳🇴🎂🥳
25/04/2025

Gratulera så mykje med rykande ferskt fagbrev som Barne- og ungdomsarbeider Elisabeth! 🇳🇴🎂🥳

I dag har me hatt eit spennande besøk av astrofysiker - Knut Jørgen Røed Ødegaard.Han fortalde mykje spennande om verden...
04/03/2025

I dag har me hatt eit spennande besøk av astrofysiker - Knut Jørgen Røed Ødegaard.
Han fortalde mykje spennande om verdensrommet. Me fekk høyra om kolonisering av Solsystemet, romheisar, exoplanetar, leting etter liv, svarte hol, ormehol og om meteorittar. Me fekk òg kjenna på ein 3 kg ekte metallmeteoritt fra asteroidebeltet. Han kunne fortelja om ei rekkje store nylege oppdagingar og at dei første menneska skal reise til Mars allerede i 2028. www.astroevents.no

Adresse

Søre Austmarka 4
Sæbövagen
5938

Telefon

+4756349800

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sæbø skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Sæbø skule:

Snarveier

Del