Vigra Barnehage

Vigra Barnehage Det er stort å vere liten i Vigra barnehage.

20/04/2026

Barnehagen har det siste året blant anna hatt ei større satsing på lesing og leseglede 📚🌟 For å gjere ekstra stas på prosjektet vårt laga vi ein bokdag! Idag har barna vøre på badeland, akkurat slik som bukkene bruse 🐏👙🙌🏼☀️ Vi har hatt ein fantastisk dag!

Det var bra eg kom ❤️
20/04/2026

Det var bra eg kom ❤️

Vi har laga filmar kor vi presenterer dei ulike einingane som samhandler om barn og unge. Under kan du sjå filmen som presenterer dei kommunale barnehagane.

04/03/2026

Tre dagar i veka har vi skoggruppe i barnehagen🌲🎒Da går 7-8 barn på tvers av Kongla og Kvisten (4- og 5åringar) i skogen ilag med ein spesialpedagog og ein fast vaksen fra barnehagen. I denne snutten håper vi å gi eit innblikk i korleis ein dag på skoggruppe kan vere. Noko av det dykk kanskje ikkje ser, men som vi likevel kan bekrefte er blant anna:

😄 Kor glade barna er når dei er i skogen!

💬 Kor mykje språkstimulering dei får, både med det vi ser, høyrer og kjenner på. Dette i tillegg til alle rim/regler/bevegelsessangar og aktiviteter vi har. Med repetisjon og bildestøtte har alle forutsetning for å lære og å delta.

🥰 Kor sett og høyrt dei blir. Med ei lita gruppe og to vaksne har vi muligheit til å la dei medverke i større grad og vi opplev færre avbrytelsar til å kunne sjå og høyre barna på ein god måte.

👯‍♀️ Kor lite konflikter som oppstår og kor mykje enklare dei er å løyse.

💫 Kor kreativ og fantastifull leiken deira er. I skogen har dei ikkje leikeapperat og leiker, her kan ein pinne vere eit ratt og nisser leve i ein bladskog ✨

🫶🏼 Kor sjølvstendige dei er både med å pakke sekk, kle på/av seg sjølv, passe på tinga sine i skogen og å vurdere om dei er kalde/varme.

👍🏼 Korleis dei tek vare på naturen, ser sammenhengar og lærer om det å ferdes i skog og mark ♻️

😍 Kor mykje dei lærer og meistrar!! (og spør og undrar🙊).

🫱🏼‍🫲🏽 Kor vennskap og relasjonar på tvers av avdeling og kjønn blomstrar.

🩷 Kor gode dei er på å samarbeide og hjelpe å kvarandre.

🌧️ Kor deilig det er å vere ute i all slags vèr og kor kjekt vi kan ha det når vi har tilstedeverande og kompetente vaksne som både kan å lage bål, tak og har ein full sekk med kjekke aktiviteter/songar og leikar 🥹

Fantastiske dagar både for stor og liten 🥰

13/02/2026

Bli med oss på karneval 🤡👯‍♀️💃🏼🪩 Ha ei fin fastelavens helg!!

Helsedirektoratet har kommet med oppdaterte råd for skjermbruk blant barn og unge.
22/01/2026

Helsedirektoratet har kommet med oppdaterte råd for skjermbruk blant barn og unge.

Helsedirektoratet har oppdatert dei nasjonale råda for skjermbruk for barn og unge. Målet er å hjelpe foreldre med å finne ein god balanse mellom skjermbruk og andre viktige aktivitetar i kvardagen.

Giske kommune set no i gang kampanjen "Ej berre kødda?" eit felles løft for å hjelpe barn til å forstå at ord betyr noko...
14/10/2025

Giske kommune set no i gang kampanjen "Ej berre kødda?" eit felles løft for å hjelpe barn til å forstå at ord betyr noko, og at det ikkje alltid er greitt å seie noko vondt sjølv om det er meint som tull.
I barnehagen lærer barna å vere saman, dele, samarbeide og snakke saman. Men av og til hender det at nokon seier noko som sårar og etterpå seier «ej berre kødda» eller "ej berre tulla". Det er ikkje alltid barna forstår at det som blei sagt, faktisk gjorde den andre lei seg.

Målet med kampanjen "Ej berre kødda?"
· Å hjelpe barna med å forstå at ord betyr noko, sjølv om dei blir sagt som spøk
· Å støtte barna i å bruke språk som inkluderer, ikkje stenger ute
· Å bygge ein god kultur for kommunikasjon, vennskap og respekt i barnehagekvardagen

https://www.giske.kommune.no/aktuelt-kva-skjer-i-giske/ej-berre-kodda.24064.aspx

Idag gjekk Kvisten på tur i nærmiljøet! Førskulegruppa tok på seg kvar sin redningsvest og gjekk ned for å snu teinene s...
06/10/2025

Idag gjekk Kvisten på tur i nærmiljøet! Førskulegruppa tok på seg kvar sin redningsvest og gjekk ned for å snu teinene som barnehagen har ute. Dei tok med seg fleire krabbar og ein stor hummar tilbake til barnehagen🦀🦞 Fangsten fekk alle både sjå, lukte, smake og kjenne på seinere! 3- og 4åringane gjekk opp for å sjå til hønene og hanane. Der oppe fekk dei invitasjon til å bli med inn i låven for å hilse på søte kaniner🐰🌸 Vi e heldige og kan konkludere med at det har vøre ein nydelig dag i regnveret 🌧️

I dag har Rota vært på årets første tur saman i nabolaget. Det var ekstra kjekt å hoppe i søylepyttar på vegen heim 💦😍
15/08/2025

I dag har Rota vært på årets første tur saman i nabolaget. Det var ekstra kjekt å hoppe i søylepyttar på vegen heim 💦😍

TILKALLINGSVIKAR- KAN DET VERE NOKO FOR DEG? Vigra barnehage treng tilkallingsvikarar som er omsorgsfulle, ansvarlege, l...
07/08/2025

TILKALLINGSVIKAR- KAN DET VERE NOKO FOR DEG?

Vigra barnehage treng tilkallingsvikarar som er omsorgsfulle, ansvarlege, leikne og som har lyst til å vere med på å skape gode dagar for barna i barnehagen. Kan dette vere noko for deg?

Vikarbehovet kan variere frå enkelt-dagar til lengre periodar og på forskjellige avdelingar.

I Vigra barnehage kan vi tilby deg mellom anna ein meiningsfylt arbeidsdag, mykje latter og glede, kreative og gode kollegaer, omsorgsfulle og flotte barn. Du vil få moglegheit til å bygge erfaringar med relasjonsbygging, ta del i barns utvikling og meistring, få erfaring med å samarbeide med store og små, vere løysingsorientert, vere kreativ og mykje meir.

Vigra barnehage ligg flott til på Roald med flott natur på alle kantar. Vi har 3 avdelingar i barnehagen, ei småbarns avdeling og to storbarnsavdelingar. Vi er opptatt av at alle, både barn og tilsette, skal gå heim med ei kjensle på at «i dag var det bra eg kom».

Vi er på utkikk etter personar som har:

•Evne til å skape gode relasjonar og tillit.
•Evne til å sjå barna.
•Vilje og evne til fleksibilitet, løysingsvilje og til å ha barn sitt beste i fokus.
•Gode samarbeidsevner med barn og vaksne.
•Evne til å ta i mot rettleiing og råd.
•Evne til å vise initiativ og til å spørje etter hjelp/rettleiing når ein er usikker.

Dersom dette er noko for deg så ta kontakt med einingsleiar; [email protected]

Adresse

Bakarvegen 8
Roald
6040

Åpningstider

Mandag 07:00 - 16:30
Tirsdag 07:00 - 16:30
Onsdag 07:00 - 16:30
Torsdag 07:00 - 16:30
Fredag 07:00 - 16:30

Telefon

+4741702315

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vigra Barnehage legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Vigra Barnehage:

Snarveier

Del