22/03/2024
Del 3:
Hei! 🌞
Det skjer så mykje bra og artig på skulen vår!!
23.03. 2024 er idrettslaget Dyre Vaa 100 år🤩 Dette har småskulen i Rauland markera dei siste vekene med ulike idretter som har vore store i idrettslaget. Me har hatt friidrett🏆 , slalåm🎿, symjing med tidlegare ungdomsmester Anne (Bitubekk) Andersen 🏊🏼 og treskirenn anno 1924. Takk til Tarjei Gjeldstad for lån av treski og opplæring! Småskulen har også laga plakater med bilete frå ulike utøverar frå familiane deira. Desse heng i gangen utanfor Raulandshallen.
Mellomtrinnet har hatt open skule og alle føresette kom på både mat, underhaldning og aktivitetar. Det vart også konkurranse om påskeegg. Kvelden starta med Taco🥘 og fiskesuppe🐟 i festsalen til alle. Så vart elevane plasserte rundt om på skulen på ulike postar og dei føresette fekk teste alt i frå kreative dugleikar, matematikk kunnskapar, friska opp engelsken sin, kopla ein liten motor, lært om koplingar, smaka på Ukrainsk Paska/påskekake (noko mange av oss forbinde med den norske jolekaka), kaupt påskeavis og løyst logiske oppgåver. Det vart ein kjempe fin kveld og det er mogleg at me no har ein ny tradisjon.
Ungdomsskulen har i dag avslutta veka saman med opp mot 500 andre ungdommar frå Telemark i dag. Dei har vore så heldige å fått ein heil dag på skisenteret med både hei skort, mat og konsert med bandet Hagle🎶. Å sjå så mange ungdommar på same stad som kosar seg "glugg", mengar seg på tvers av skular og kommunegrenser, står på ski og syng av full hals - ja det er ikkje daglegdags!! Fantastisk ungdom de og me har!! Takk til alle som har jobba hardt for at denne dagen skulle gå så bra!! Og takk til heile teamet til Kristin Larsen på skisenteret og Vinje kommune som arrangera 🙏😊
Då ynskjer me dykk alle ei kjempe fin påske!! 🐤🐥
Mbh. alle på Rauland skule 🌞