20/02/2026
Takk for svært interessant og spennande besøk !! 🌿💪Å bygge opp 7000 m2 på 13 mnd er enormt imponerande! I går fekk oss innsikt i praktisk drift med omvisning, deretter forretningsplaner, investering, resultatbudsjett og Likviditetsbudsjett. I tillegg til Logo, markedsføring og korleis fokus på bærekraft og fornybar energi er fundament i drifta. Kvalitet og trygg mat med sporing frå bonden til bord. Logistikk og salg. 🌿Oss fekk også innsikt i beredskapsplaner og kor viktig strategisk planlegging er for store område. Mat og sjølvforsyning er viktige primærbehov, dersom terror, vegar eller toglinjer blir stengte grunna ras, flaum eller krigshandlingar. Gudbrandsdalen har eit naturleg stort område med mykje beite og svært mange aktive landbruk. 🌿💪🇳🇴Sjølvforsynte område er viktige framover. 🌿vi la også merke til kor blide alle ansatte er, noko som viser høg trivsel og kvalitetsbevisste bedriftseigarar. Dalir har ikkje fått offentleg støtte, men klarte å fikse investering på 350 millioner. Dei er opptatt av lokale arbeidsfolk, lokal tilknyting og slakteri for dyr med lokal lokasjoner med 1-2 timar radius. Slik planlegg Dalir å bygge seg inn i markedet med sine produkt. 💪🇳🇴🌿heia!!!!